Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Språkstriden i Norge på 1800-taletSkriv ut Utskrift
Språkstriden i Norge, etter at vi ble selvstendige. Pluss litt info om ulike forfattere.
Nynorsk - ArtikkelForfatter: Anonym



Eg skal i denne artikkelen ta for meg språkstriden som foregjekk i Norge på 1800-talet. Eg skal fortelje om de forskjellige forfatternes meininger og korleis de påvirka utviklinga av landsmålet.

 

Lesing og skriving

Etter at Norge ble frigjort fra Danmark, var det ingen som reagerte på at dansk fortsatt var dels tale- og skriftmålet i Norge.

 

I de første årene etter 1814 ligna norsk overklassekultur mest på ein dansk provinskultur. Det var berre 10 % av alle nordmenn som ikkje var bønder eller fiskarar, men de hadde ingen makt i politikken og de hadde ein heller ukjent kultur. De prata bygdemål, og det var stort sett kun prester som kunne skrive eller lese.

 

Det var ikkje før omkring 1880-åra at alle barn fekk elementær skriveopplæring, men prosenten av undervisning var mykje høyere i byene enn på landet.

 

Romantikken endra syn og meiningar

Det norske språk var ikkje eitt nasjonalproblem før i 1830-åra.  Etter at romantikken kom, blei synet på folkekulturen endra. Det var ikkje lenger overklassen som var nasjonen. Folket og folkekulturen ble satt meir i sentrum, og folk endra meiningar. Nå var det språket som ble sett på som det fremste kjennemerket for nasjonen.

 

Nasjonalromantikk fekk overklassen til å fatte interesse for norsk historie og talemål. Nå ville de også ha eit eige språk.

 

 

Peter Andreas Munch (1810-1863)

P.A Munch hadde stor tru på romantikken. Han var ein av de som var kjent med den norrøne litteraturen, og han omsette sagaer og skreiv verk om norsk historie. Han ville at norsk landsmål skulle ha ein basis i det norrøne språk.

 

Munch var veldig opptatt av å skape eit heilt nytt norsk skriftspråk. Han mente at dansk med norske låneord var ein forderving av språket.

 

Henrik Wergeland (1808-1845)

Henrik Wergeland var ein aktiv samfunnsdebutant. Han var diktar, politisk radikal og arbeidde for de fattige og husløyse. Han mente at det kun var gjennom opplysning at folket kunne få eit betre liv. All dansk påvirkning skulle fjernes fra språket. Wergeland tok provinsialismer i bruk og skreiv de med dobbelkonsonant, noko som var i strid med dansk rettskrivning.

 

Ivar Aasen (1813-1896)

Ivar Aasen hadde, i motsetning til Wergeland og Munch, bakgrunn ifra bondestanden. Ivar Aasen var den som hadde størst innflytelse på norsk språkkultur. Han ville at den nye norske staten måtte få ein eiga nasjonal kultur. Aasen begynnte å bruke landsmålet i si eiga dikting, mellom anna Symra.  

 

Knud Knudsen (1812-1895)

Knud Knudsen la det ideologiske grunnlaget for utviklinga bort frå dansken. Han meinte at den nye rettskrivinga burde vere bygd på talemålet til den "dannede Klasse" (bybefolkninga) og ikkje på "Almuens Sprog". Han møtte sterk motstand, og fekk ikkje gjennomslag for reformene sine før i 1862, då den første rettskrivingsreforma vår kom. Han ville at rettskrivinga skulle være mest mogleg lydrett. Knudsen studerte filologi ved universitetet og ble seinare lektor ved Christiania Katedralskole.

 

Fornorskningslinja

Wergelands verk ble ført videre sjølv om han lå på dødsleiet. Asbjørnsen og Mo innførte mange særnorske ord i eventyra de samla inn, men orda ble bøyd på dansk. I 1850-åra brukte de særnorske trekk som diftognar og harde konsonanter. Harde konsonanter fekk ikkje rom i rettskrivinga før i 1907.

 

I 1841 fekk Ivar Aasen ein stipendiat av staten for å granske dialektane i landet. Han la da ut på ei reise som tok fire år. Aasen drog gjennom bygdene i det meste av landet, men han konsentrerte seg mest om dialektane på Vestlandet, i Agderfylka, i Trønderlag og på Austlandet. Aasen samla tilfang til ein grammatikk og ei orbok over ”Folkespråket”.

 

Han studerte målføra og samla tilfang til ein grammatikk og ei ordbok over "Folkespråket". Han presenterte først arbeida sine i dei vitskaplege verka "Det norske Folkesprogs Grammatik" og "Ordbog over det norske Folkesprog" (1850). Her introduserte han eit norsk skriftspråk som alternativ til det dansk-norske skriftspråket. Etter alt å dømme tok Aasen imot råd frå P.A. Munch (Munchs melding av grammatikkboka til Aasen var ein hyllest, der han skreiv at ho var "et Nationalværk"), men det er delte meiningar om Munch påverka Aasen til å gjere språknormalen meir prega av gammalnorsken. Aasen kalla det nye skriftspråket for "Landsmaal", eit mål for heile landet.

 

Mange så på Knud Knudsens fornorsking som støtende og rå, for dei ville halde på den reine dansken. Knudsen fekk etter hvert støtte fra politikerne på slutten av 1800-talet, og dei fleste innså at det danske skriftspråket forsvant.

 

Både Knudsen og Aasen var puristar. Dei ville at språket skulle være mest mogleg fritt for framanord. 1855 ble den første boka på landsmål utgitt. Det var Aasens skodespel Ervingen.

 

Folkeopplysning

Den mest effektive måten å opplyse folket på var gjennom Folkehøgskulane. Dei fleste leiarane i folkehøgskulerørsla var tilhengere av det nye landsmålet, og det tok ikkje lang tid før landsmålet kom i bruk av administrasjoner, i undervisningen og i lærebøker. Landsmålet fikk innpass i den kristelege lekmansrørsla frå 1890, og i 1889 kom Det Nye Testamentet på landsmål. Men det tok 32 år før heile Bibelen var på landsmål.

 

Landsmålet la spor i media i 1877 da Fedraheimen kom. Det var det andre bladet på landsmål etter Dølen. I 1894 kom det som ble kalt ei avis; dagens Den 17de mai. Det eldste bladet som framleis finst er Norsk Barneblad som kom på landsmål i 1899.

 

Språkstrid på Stortinget

I 1878 kom vedtaket om at undervisningen i Almueskolen burde meddeles på barnas eige talemål. Da ble det uenighet på Stortinget. Det foregår framleis ikkje undervisning i normal talemål, men det er mykje mogleg at dette er forandra om 10 år. Ved hundreårsskiftet hadde om lag 250 krinsar i Norge landsmål i skulen, og i 1880 kom den første læreboka på landsmål.

 

Fra dansk til norsk-dansk

Det var ennå mange forfattare som skreiv på dansk, man de norske trekkene var tydelege. Bjørnstjerne Bjørnson brukte mange norske ord og uttrykk i verka sine. Sjølv om Henrik Ibsen ikkje var så engasjert i språkstriden, skreiv han fleire verk med fornorska ord.

 

I 1887 ble det bestemt at elevane kunne lese danske tekstar med norske uttalsreglar. Dermed forsvant dei bløte konsonantene. Departementet godkjende den første offisielle rettskrivinga i 1901 på landsmål. Språkstriden byrja kanskje på 1800-talet, men den fortset den dag i dag.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish