Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Toreguden TorSkriv ut Utskrift
Toreguden Tor
Bokmål - TemaoppgaveForfatter:



Gjennom tidene har mange gudeskapnader vorte tilbedne her i Norge, med den dyrkinga som oppstod rundt den mektigaste guden Tor, har ein aldri sett maken til.

 

Tor var den guden som vart dyrka mest i vikingtida. Han var sonen til Odin og Jord, den sterkaste av gudane og heimen hans låg i Trudvang og hette Bilskirne.

 

Det viktigaste våpenet hans var hammaren Mjølne, "knusaren" som dvergane hadde smidd til han. Den kunne gjere han så stor eller så liten som han ynskte, han trefte alltid det han sikta på, og når Tor kasta han så kom han alltid attende til Tor igjen. Tor har og eit styrkebelte, Megingjord, som gir han dobbelt styrke og sinne når han tek det på seg.

 

Vikingane var oftast modige og krigerske, men når det var uver med lyn og torever, såg dei opp mot himmelen med skrekk og redsel, for dei hadde sett korleis lynet kunne splintre tre og få dei til å brenne. Dei trudde at det var Tor som lagda lyn og Tor-dønn, torever, saman med dei to bukkane sine, Tanngnjost og Tanngrisne. Dei trudde nemleg at Tor kjørte i ei open vogn over himmelen og av vogna slo det gnistar og vogna ramlar avgarde med torebrak.

 

Når Tor for over himmelen med hamaren sin hadde han på seg eit par jernhanskar.

 

Mange historier er bevart frå den tida då guden Tor sto høgst i det norske samfunnet.

 

Dei fleste historiene er som oftast ganske enkle og omhandlar kraftprestasjonar og slagdugleiken til Tor. Eit eksempel på dette er historia om då Tor skulle redde Loke frå jotunen Geirrød, som hadde teke han til fange. Loke blir tvungen til å lokke Tor til Geirrød utan hamaren og styrkebeltet. Undervegs treff Tor ei kvinne som gjev han eit par jernhanskar, eit anna styrkebelte samt den mystiske Grid-staven. Vel framme hos Geirrød drep Tor Geirrøds to døtrer, ved å brekke ryggen på dei. Geirrød kasta då ei glødande jernstong etter Tor, men Tor greip tak i ho og kasta ho gjennom ei jernsøyle, vidare gjennom Geirrød og veggen og ned i bakken utanfor.

 

Det finst mange forklaringar på kvifor Tor blei den mest populære guden av alle gudane i den norrøne mytologien. Tor var gudar og menneskja sin forsvarar mot alle vonde makter i utkantane av verda, særleg jotnane. Dei gamle nordmenn ofra og bad mye til Tor. Han kunne hjelpe dei i nesten alle ulykker, mente dei, i storm og uver, svolt og sjukdom. Han signa land og folk, ting og gilde. Han signa dei som gifta seg, og han verna gravferda. Folk bar Tors-hamaren av sølv til pynt, og trudde også at han bringa lykke.

 

I den norrøne gudsdyrkinga var det - som i samfunnet på den tida - eit klasseskilje.

 

Odin var stormennenes og høvdingane sin gud. I den andre enden av den sosiale rangstigen vart Tor sett på som bøndene og serleg trælane sin gud. Akkurat som ein trudde at kongar og heltar møttest i Odins hall, Valhall, etter døden, trudde ein at trælane fant sin siste kvilestad hos Tor. Ein kan tenkje seg at folk tykte det var morosamt å høyre alle dei overdrivne historiene om Tor, og at Tor var den tids Arnold Schwarzenegger, med masse musklar, eit enormt temperament, og store og fryktinngytande våpen.

 

Tor sin ring låg på alteret i hovene, og på den var ofte Tor sitt namn rissa inn. På dei store blotfestane trakk guden denne ringen på armen, og det same gjorde han når han lyste tingfreden. Den som skulle gjere ed, måtte sverje ved ringen og seie:

 

"Så sant hjelpe meg Frøya, Njord og den allmektige Tor."

 

Torsdag var heilag. Etter gamal skikk skulle Gulatinget opnast på ein torsdag, og det same gjeldt Alltinget på Island. Sidan Tor var så godt likt, brukte folk å kalle opp barna sine etter han: Tor, Torstein, Tore, Torolv, Tordis og mange fleire namn minner ein på "Tor med hamaren." Desse namna er eit tekn på arva etter Tor. Eit anna døme finn vi i ordet for

 

torever, og i forskjellige stedsnamn som Torshov, Torshavn, Torsby, og sjølvsagt i form av ukenamnet torsdag.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish