Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Hausten er komenSkriv ut Utskrift
Høsten gjør oss triste og sinte...
Nynorsk - FortellingForfatter:


Det var ein tidleg morgon rundt midten av september. Klokka var omlag halv åtte. Eg sto tidleg opp, slik eg alltid gjer på kvardagar, etter å ha vakna til eit brøl ute frå gangen, ”Pål, no fer du sjå å pella deg opp av senga, ditt murmeldyr!”

Pappa er omlag like original på kommentarane som Davy Wathne.

 

Etter at eg hadde klart å dra meg opp av senga, slepte eg meg i retning badet. Det er noko spesielt med slike kalde, mørke, haustmorgonar. Det er liksom som at litt av livsgnista sig ut av ein.

 

Vel nede ved kjøkkenbordet sit pappa med nesa djupt nede i morgonavisa si mens mor lagar kaffi og snakka om kor mykje flinkare Olav (storebror min) er på skulen enn eg. Ikkje det at det irriterte meg, for det var eg stort sett vand til, men det var det at det var kaldt og mørkt ute, og at eg var så trøyt, som fikk det til å klikke for meg. ”Hald kjeften din, mutter’n”. Aldri før har eg sagt noko sånt til mor mi. Aldri! Mor var heilt stum. Far så ikkje ut til å ha merka noko i det heile tatt. ”Pål, ta på ræ’ klærna, vi har dårlig tid!”

 

Så satt vi i bilen. Far banna og bar seg. Nokre vegarbeidarar hadde opna eit ”forbanna dritt-idiotisk kumlokk.” Dei hadde gløymt å leggje det i att, og pappa kjørde rett nedi det. Brått blei det veldig stille i bilen.

”Gut, eg vil aldri høyre deg si noko slikt til mor di att. Ho vert så lei seg!” Ti minutt etterpå var vi framme ved skolen, eg gikk ut av bilen utan å si eit ord til pappa. Kvifor i all verda skulle han bli sur for noko mamma kunne sagt til meg sjølv?

 

Det er noko med dette at hausten kjem. Det får på ein måte alle i så dårleg humør. Det tok ikkje lange tida før eg var i trøbbel på skolen heller. Etter bare eit par minutt blei eg sendt inn på kontoret til rektor.

”Kva er det du har rota deg opp i nå da, Pål”… Det var ikkje den første gongen hos rektor, nei sant å si var eg ein fast gjengangar.

 

Etter at eg hadde fått ei ganske røff melding eg skulle ta med meg heim, ringte han foreldra mine og ba dei kome å hente meg. Heile vegen heim var mamma heilt stum. Eg vurderte å kome med ei orsaking, men innsåg at alt ville bli like gale att med ein gong eg viste ho den meldinga.

 

Etter ein stille middag og pappa hadde skrytt ein grann av Olav, og fortalt mor om kor strålande det hadde gått på jobben i dag, kom det. Eg var nøydt til å vise dei meldinga no.

”Son deira er suspendert frå skolen frå og med neste veke, grunna uforklareleg oppførsel og frekke bemerkningar. Mvh. Rektor Berglie”.

 

Eg fikk husarrest og som vanleg lo Olav så ein skulle tru auga hans held på å dette ut. Det er noko med hausten, han gjer liksom alle så triste og sinte inne i seg.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish