Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Tørst" (W. Krossøy)Skriv ut Utskrift
Ei analyse av novella "Tørst" av Wenche Krossøy.
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter: Anonym



”Tørst” er skriven av Wenche Krossøy, og kom ut i 1977. Denne novella er ein del av boka ”Nordnorge forteller”. I 1974 gav Krossøy ut ”Mens pappa er på Lofoten” Wenche Krossøy vart fødd i 1943 på Andørja. Ho er no busett i Bergen.

 

Novella handlar om ei kvinne som jobbar som vaskedame, og er ferdig med ein hard arbeidsdag. Vi følgjer kvinna etter denne harde dagen, vi får innsikt i kva ho har opplevd og får eit sterkt bilete av over all frustrasjonen ho har i livet sitt. Ho sliter både inni seg sjølv, ho har ei indre konflikt med seg sjølv, i tillegg til at ho kjenner det godt på kroppen at ho er ei hardarbeidande kvinne med ungar.

       

Temaet i denne novella er om det å vere ein del av eit samfunn, men likevel føle seg ganske så utilpass og einsam i denne tilværelsen, sjølv om ho har ungar. Tidleg i novella ser vi teikn på at hovudpersonen ikkje har det heilt bra. Ho jobbar som vaskedame på ein skule i nærleiken. Det at lærarane pratar om henne, og seier at ho ikkje fortener anna enn ein vaskejobb sidan ho berre har gått folkeskule, går sterkt innpå henne. For å dempe alle smertene tar ho eit glas med valium.

 

Denne novella tek plass både på skulen og i heimen, altså arbeidsplassen og heimen til kvinna. Dette er eit teikn på at kvinna ikkje har noko liv utanfor arbeidet og heimen. Ho arbeider heile dagen, og når ho endeleg er komen heim, brukar ho tida på å rydde filledukker m.m frå golvet. Det er ganske få direkte skildringar av personar, miljø og handlingar. Vi må berre tenkje igjennom kva den handlar om, og gjere oss opp ei eiga meining om dette. Dei skildringane vi får, kjem mest ut frå replikkar og oppførsel. Vi får også eit inntrykk av henne gjennom dei indre tankane og kjenslene hennar.

 

I denne novella er det slik at vi finn retrospeksjon. Vi får innsikt i tidlegare episodar, som med denne episoden: ”Ho såg at speilet var øydelagt.” Deretter får vi vite litt meir om sjølve episoden der spegelen vert knust. ”Ho tok knyttneven og slo han i speilet…. Ja for helvete, eg har berre folkeskulen. Ho skreik det ut som om ho heldt på å drukne. Ho hadde gått bak dei for å tømme søplebøtta…” Ein anna viktig ting i denne novella er korleis novella er bygd opp. Altså korleis tankane hennar vert formidla. Denne novella vert fortalt i 3.person, og vi vert ofte gitt korte og ufullstendige setningar. Dette er for å få fram eit lite ”rush” hos lesaren, og gir oss også eit inntrykk av ein frustrert hovudperson. 

 

Her er ein del metaforar i denne novella. Den eine metaforen skildrar dei svake menneska som nokre rotne tømmerstokkar, og dei treng ein storm for å komme seg vidare i livet, og vekk frå alle problema. For å få tilbake det livet som ho ein gong verdsette so høgt, so treng ho nettopp denne mektige stormen for å komme på rett kjøl igjen, og verdsette livet sitt.

 

Det at ho ikkje har meir utdanning enn den heilt enkle folkeskulen er noko som plagar henne tidt og ofte, det er som ein vind som blæs gjennom marg og bein på henne. Når ho høyrer andre menneske prate om sine perfekte og problemlause liv, skjems ho, og har mest lyst og berre grave seg ned slik som strutsen. Her kan vi dra ein liten raud strek til tittelen på novella. ”Tørst”, at ho gjerne skulle ynskje at ho var ein annan, med ein betre jobb. Tørst spelar på det å vere på leiting etter noko som ein manglar i sitt noverande liv.

 

Kvinnene på engelskkurset er høgare stilt enn vaskedama. Desse personane er viktige for temaet. Dei prata om vaskedama mens ho høyrde på. Ho blir på ein måte sett utanfor diskusjonen, mens damene trekkjer konklusjonar om korleis det er å vaske. Dei kom fram til at det ikkje var så ille. På den måten føler vaskedama seg endå meir undertrykt, for ho veit kor hardt det er. Dei snakka om kvinnefrigjering, og om at dei ikkje måtte la seg indoktrinere. Men dei er ikkje på langt nær så undertrykte som det vaskedama føler seg. Ho er på randen til å bryte i saman. Eit bilde på dette er då ho slo knyttneven i spegelen. Spegelen knuste i mange bitar. Ein kan tenkje seg at vaskedama såg seg sjølv knuse og bryte saman.

 

Kvinnefrigjering var eit veldig aktuelt tema på 70-talet, og er difor ikkje so veldig aktuelt. Men på ei anna side, so er dette eit aktuelt tema i dag på grunn av at det fortsatt er menneske som ikkje har det heilt bra, og dei vert sett ned på av nettopp slike personar som ”Dei fine damene frå engelskkurset”

 

Motivet i novella er denne kvinna som er på randen til å bryte i saman. Ho slit med å komme seg gjennom dagen. Temaet er kvinnefrigjering. Nokon viktige spørsmål som novella stiller er: Kva er kvinnefrigjering? Er alle kvinner undertrykte? I novella føler vaskedama seg undertrykt av dei ”høgare” stilte kvinnene. Men det er desse ”høgare” stilte kvinnene som pratar om kvinnefrigjering. Eigentleg verkar det som om desse kvinnene har det ganske bra. Når ein skal byrje å tenkje på kvinnefrigjering må ein fyrst tenkje på dei som har det verst. Det er lite vits med kvinnefrigjering når kvinner sjølv er med på å undertrykkje kvinner. Eg trur bodskapen i novella er at viss ein skal kjempe for noko så må ein kjempe for dei svakaste fyrst. Skal ein kjempe for kvinnefrigjering, så må ein i fyrste omgang kjempe for dei svakaste kvinnene, dei som verkeleg slit.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish