Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Soga om Adolf Den Ondes gjerningar

Soga om Adolf Den Ondes gjerningar

Soga om Adolf Den Ondes gjerningar. Bra!

Sjanger
Annet
Språkform
Bokmål
Lastet opp
20.05.2000


Adolf heitte ein mann. Han var av germansk ætt, men vaks opp i Austerrike. Han var ein bleik, sjuk og blyg ungdom, men kunne koma med store utbrudd. Ei natt, då han var omlag seksten år, hadde han ein draum:

 

Han såg ein stor jungel kor alt var fredeleg. Så kom ein sver tiger og drap mange av dyra der. Resten av dyra samla seg og drap tigeren. Alle dyra var då fornøgde og glade.

 

Adolf tykkte dette var ein rar draum, for han hadde aldri drøymt noko liknande. Men han tenkte ikkje noko serleg meir på dette. Han hadde nokon turbulente ungdomsår, og flytta seinare til Germania kor han deltok i mange slag.

 

Så er det sagt om Adolf, at når han vart voksen ville han bli hovding over heile Germania. Han starta med ein liten krig, som enda med fem år i fangenskap. Då han slapp ut igjen stilte han til kamp mot nokon andre små - hovdingar, men måtte sjå seg slått av Paul den Store. Bare to sumrar seinare døde Paul Den Store, og Adolf vart hovding likevel.

 

Adolf styra landet sitt vel og godt, men då fem år var gått fekk han lyst til å bli herskar over eit enda større område. Han samla saman ein sver hær, og drog til granneriket Austerrike. Då austerrikarane fekk sjå den store germanske hæren, ga dei seg utan kamp. Det same hendte med Tsjekkoslovakia. Då Adolf hadde teke begge landa kvad han:

 

Å du eg er glad
For det tsjekkoslovakarane sa
Men eg går ikkje i hi
Dette blir inga sorti
Eg vil ha fleire land å rutta med
Fyrst Europa
kanskje blir det med det.

 

Germanarane jubla etter sigarane, men nokon tykte ikkje noko serleg om det. Fleire og fleire verva seg til den germanske hæren, og snart gjekk dei til angrep på Polen. Polen hadde ikkje så mykje å stå imot germanarane sine fuglekastarar og jarnoksar med, og dei blei snart slått.

 

Om våren heldt krigen fram på den andre sida av Germania. Germanarane gjekk med stor tru inn i Philippe Vinelskar sitt land, som vart kalla Frankrike. Dei gjekk fram med hard hånd og vann til slutt. Då kvad Philippe Vinelskar:

 

Ille har du behandla oss
din lille kvalross
Du burde hellar passa deg
Så ikkje verda germanarane tek
Og legg om halsen din eit rep.

 

Nett på den tida hadde folk andre stadar i verda byrja å sjå på Adolf som ein skikkeleg bråkmakar. Også fleire og fleire germanarar byrja å mista tilliten til Adolf. Men krigen held fram. Seinare ut på våren blei Danmark teke mens innbyggjarane låg og sov. Noreg, som blei leia av Håkon Slanke, blei også teke. Nordmennene ytte stor motstand, men måtte til slutt gje tapt. Adolf erobra også Flandern og mange andre land lengre sør.

 

Ut på sumaren satte Adolfs medhjelpar, Hermann Flygegalne, igang ein storstilt aksjon for å ta Wilson Vilsvin sitt øyrike. Til dette brukte dei dei store fuglekastarane. Mange døydde av dette. Etter all den blodige kriginga, blei Adolf sett på som galen og farleg. Det verste han gjorde var å byggja store innheiningar kor han svelta og drap ikkje så reint få jødar. Han fekk då tilnavnet Den Onde.

 

Germanarane vann mange slag, og var på frammarsj på alle frontar. Adolf var vel nøgd med det, men han hadde alltid drøymt om å herska over Josef Den Mektiges store rike. Då det leid ut på sumaren tok Adolfs troppar seg inn i landet hans. Dei hadde stor framgang, og nerma seg raskt riket sitt hovudsete Moskva. Men det gjekk dårlegare med germanarane utover vinteren. Truleg fordi dei var så dårlege til å gå på ski. Etterkvart som tida gjekk blei germanarane tvinga til retrett. Då kvad Josef Den Mektige:

 

Ille har du båra deg
Men du kjem ikkje utanom meg
Det skal gå ille med deg og ditt folk
Me skal settja i deg ein dolk
Og om ikkje det vart nok:
Øydeleggja landet til heile din flokk.

 

Germanarane tapte slag på slag på alle frontar. Hovudmotstanden kom frå Wilson Vilsvin sitt øyrike, Frankrike og Josef Mektiges rike, godt hjelpa av Franklin Den Rike og hans store folk.

 

Adolf sine styrkar vart tvungne tilbake på alle frontar. Mange overgav seg til motstandaren. Nokon av motstandaranes menn prøvde å drepa Adolf, men greidde det ikkje. Adolf blei då så arg at han hevna seg med å drepa mange andre menneske. Dei allierte, som motstandarane også vart kalla, nærma seg Germania med stormskritt. Det blei brukt ikkje så få fuglekastarar. Adolf sendte i sinne fleire farlege langtgåande pilar mot øyriket til Wilson Vilsvin. Desse onde gjerningane kosta ikkje så reint få menneskeliv. Då kvad Wilson Vilsvin:

 

Mange pilar har dei brukt
Og dei skal få si tukt
Mange i mitt folk er daude
Så gatane er heilt raude
Germania skal snart beva
Og Adolf ikkje lengre leva.

 

No hadde motstandarane innteke Germania og var på full fart mot Hovudsetet, Berlin, kor Adolf Den Onde held seg. Adolf hadde gjøymt seg i eit svert hus under jorda, slik at dei ikkje skulle greia å finna han så lett. Dei som budde saman med han kunne fortelja at han ikkje hadde det sers godt. Nokre dagar før motstandarane inntok Berlin, gifta Adolf seg med Eva Den Brune.

 

Dagen før Josef Den Mektiges styrkar inntok Berlin, stengde Adolf og Eva seg inne på rommet sitt i huset under jorda. Adolf kvad då:

 

No huskar eg min barndoms draum
Alt henger ikkje lenger saman i ein saum
No vil eg i dette rommet døy
Med min vakre og nygifte møy
Eg ville bare gjøra verda god
Men det blei i sinnet mitt aldri ro
Nokon annan skal ikkje få æra av å drepa meg
For no er det snart slutt på livets veg.

 

Eva drepte då seg sjølv med gift, mens Adolf brukte kuleskytar.

 

Neste dag tok Josef Den Mektige Berlin, og Germania hadde tapt den grufulle krigen. Germania blei delt mellom dei landa som hadde blitt råka av krigen. Og her endar no soga.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil