Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Røyking

Røyking

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk

Små kvite pinnar med filter på. Det er vel det ein røyk er?! Med litt tobakk i. Og denne tenner du på, eller ”fyrer opp” som dei seiar, og dreg inn røyken. Er det noko som er betre? Ha ein påtend røyk i munnen eller mellom fingrane. Då føler du at sjølvbilete ditt stiger. For er det noko som er tøffare enn ein ungdom på 14-15 år som sit å røykar? Det er ikkje det.

 

Og har du nokon gong tenkt på alle fordelane med å røyke? Du lever i et spenningsfylt liv der du står bak hjørnet på skolen og håper at ingen lærarar er på veg. Adrenalinet koker verkeleg! For lærarane er store og stygge menneske som vil ta frå deg røyken. Ta frå deg den glede her i livet. For vis du røyker skikkeleg mykje, så har røyken mykje å seie for deg! Det er ein stor fordel for du får noko å glede deg over. Ein annan stor fordel er at du slepp å tenke så mykje på kva du vil bruka pengane dine på. For det er ikkje så ofte du har så mykje pengar; dei går jo til røyk. Dermed; ingen pengar, ingen bekymringar.

 

Har du nokon gong sett på ein fotballkamp? Kanskje du har kammeratar som spelar? Men kunne du tenkt deg å sprunge rundt etter den dumme lærballen og stressa med å få den inn i eit lite mål på den eine banehalvdelen? Det slepp du og når du røykar. For kondisjon er jo noko du ikkje treng. Du kan jo berre få deg ein kontojobb. Røyken tek kondisjonen. Men er det negativt? Nope… Og så har du dette med den dårlege anden som folk alltid bruker mot røyking. Det er jo det dummaste eg har hørt! Det smakar ikkje så vondt for den som røykar. Og du slepp innpåslitne jenter (og gutar for å nemne det). Et pust og du er fri. Men dersom alle menneske hadde røykt, så ville jo det problemet våre løyst? Ingen hadde då klaga over at nokon hadde dårleg ande? Nei, eg seiar det: alle menneske skulle ha røykt!

 

Og tenkjar du at du vil døy tidlegare, så gjer jo ikkje det så mykje. Gjer det? Ville du ikkje heller ha bytta ut nokre år på gamleheimen med ein venn for livet? Røyken er nettopp denne vennen som kan ver der for deg. Uansett kor store problema er, så hjelper det med litt ”frisk luft”. Og tenk på alle eldre- og sjukeheimane som ikkje trengte å vore så store? Me kunne klart oss med mykje mindre pengar til dei eldre. Dermed; meir til dei unge!

 

Sist, men ikkje minst, det er kjekt å røyke! Det skapar samhald i vennekrinsen. Tenk på alle dei som går ut for å røyke, eller ut av skolegarden for den del, dei vil jo verta vennane dine. Alle som røykar! Berre du røykar, så. Har du ikkje fyr, så lånar dei deg gjerne litt gass! Men der kom eg sanneleg på ein ting til! Tenk deg at du er ute på byen og ser den dama sitte der aleine. Så er det jo mange opningsreplikkar og sjekketriks du kan prøve deg på. Faktisk et heilt hav! Men kan du nemne ein som er betre enn ”Har du fyr?”! Det er ikkje nokon som er betre. Deretter må du bare improvisere og så har du fått deg dame! Så enkelt! Og kven takker du? Jo, røyken, kjære venn, røyken!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil