Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Norsk språkhistorie 1850-1900Skriv ut Utskrift
Tar for seg språkutviklingen fra 1850 frem til 1900, med hovedvekt på Ivar Aasen og Knud Knudsen.
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Problemstilling:

Korleis representerte høvesvis Ivar Aasen og Knud Knudsen sine arbeid ulike løysingar på språkproblemet Noreg som nasjon stod overfor? Kva slags felles haldningar hadde dei? Korleis utvikla språksituasjonen seg fram mot hundreårsskiftet?

 

I åra 1814-1850 byrja den gryande språkstriden i Noreg. Me hadde lausrive oss frå unionen med Danmark og nasjonalkjensla var aukande. Skulle me behalde dansk som skriftspråk, fornorske dansken eller lage eit eige skriftspråk? Dansk, dansk-norsk eller norsk?

 

I 1830-åra braut språkstriden laus for fullt, med Peter Andreas Munch og Henrik Wergeland i spissen. Gjennom 1840-åra sette Olea Crøger og Magnus Brostup Landstad Wergeland sitt fornorskingsprogram ut i livet, medan Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe skapte sin eigen munnlege, norske forteljarstil på dansk. Frå 1850 tok linene for alvor form, og både landsmåls- og fornorskingslina vart snart ein realitet. Utgangspunktet for dagens nynorsk og bokmål vart lagt.

 

Noreg som nasjon stod overfor eit stort problem på midten av 1800-talet. Problemet var dels pedagogisk og dels nasjonalt. I takt med det aukande behovet for folkeopplysing, voks òg folk sitt behov for å måtte lære seg dansk fram. Det at folk som snakka norske dialektar skulle vere nøydde til å lære seg eit skriftspråk som hadde røtene i eit anna land, såg mange på som eit nasjonalt problem. Det var dermed på tide med eit oppgjer med det danske skriftspråket.

 

Etter 1850 fekk me realisert båe dei linene som P.A. Munch og Henrik Wergeland skisserte i 1930- åra; eit heilt nytt norsk skriftspråk og ei fornorsking av det danske skriftspråket. Eit stort spørsmål på denne tida var om det var mogleg å gjenvinne sjølvrespekten når fleirtalet av befolkninga las og skreiv dårleg? Både bønder og borgarar var samde om at me trong eit skriftspråk som la nærare talemålet. Å behalde det danske skriftspråket var dermed ei dødfødd løysing.

 

Det viste seg at det var to menn av folket som skulle stå for løysinga på dette problemet. Bondesonen Ivar Aasen realiserte sitt landsmål, bygd på dialektar, og husmannssonen, Knud Knudsen, utvikla si fornorskingsline bygd på talemålet i overklassen i dei større byane i Noreg.

 

Ivar Aasen (1813-1896) – Landsmålets far

Ivar Aasen vart fødd i Hovdebygda på Sunnmøre i 1813. Han hadde sju søsken og mista båe foreldra sine tidleg. Bygda han voks opp i var isolert, og han hadde ingen kameratar. Dette førte til at han las mykje i Bibelen. Allereie som konfirmant utmerka han seg, og presten skreiv godord om han i kyrkjeboka. I 1831 byrja Aasen som omgangsskulelærar og vart etter kvart huslærar hjå prosten Hans Conrad Thoresen. Ivar Aasen byrja seinare å granske sin eigen sunnmørske dialekt. Arbeidet var vanskeleg fordi han måtte gå over 400 år tilbake i tid, til før Noreg kom under dansk styre. Resultatet blei Den Sunnmørske dialekt som vart gjeve ut i 1841. Han reiste så til Bergen for å få arbeidet sitt vurdert av biskopen. Biskopen vart svært imponert, og delar av arbeidet vart trykt i to nummer av Bergens Tidende.

 

Grunnen til at Aasen ville lage eit eige skriftspråk, var at han meinte det var naudsynt for at me skulle kjenne oss frie. Eit eige skriftspråk var viktig for Noregs sjølvstende. Og dersom me ville vere eit opplyst folk, måtte me skjøne det me las.

 

Ivar Aasen ville lage eit norsk skriftspråk bygd på norske bygdedialektar. Han var klar i si sak; skriftspråket skulle vere norsk, slik også P. A Munch hadde tenkt seg. Men det Aasen og Munch hadde til felles stoppar her. I motsetnad til Munch var ikkje Aasen redd for såkalla ”plattheter”: Han ville ikkje berre gje Noreg eit eige skriftspråk, han ville gje bøndene moglegheit til å ta del i samfunnslivet ved å gje dei eit skriftspråk dei kunne kjenne seg heime i. Dermed hadde Ivar Aasen både eit nasjonalt og eit sosialt siktemål. Han ville skape eit skriftspråk der setningsbygnad og uttrykksform i større grad samsvarte med det munnlege målet vårt.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

I 1841 fekk Aasen stipend av Staten for å granske dialektane i landet, og i løpet av fire år drog han rundt på det han kalla rundreise. Han konsentrerte seg om dialektane i bygdene på Vestlandet, i Agderfylka, Trøndelag og på Austlandet, fordi han meinte bydialektane var altfor oppblanda med dansk til at dei kunne kallast ekte norsk.

 

I 1848 var Aasen sin fyrste grammatikk ferdig og to år etter kom den fyrste ordboka. Her vart ord og bøyingsformer ført opp akkurat slik han hadde høyrt det i dei ulike dialektane. Desse arbeidde fekk namna grammatikk og ordbok over det norske Folkesprog. Men Aasen hadde ennå ikkje bestemt seg for kva som burde vere hovudformer i eit framtidig norsk skriftspråk.

 

Formålet til Ivar Aasen var ikkje berre å granske dialektar, men å lage eit eige norsk skriftspråk. Og då grammatikken og ordboka kom ut i nye utgåver i 1864 og 1873, hadde han bestemt seg for korleis språket burde vere, og arbeidde fekk namna Norsk Grammatikk og Norsk Ordbog.

 

Ivar Aasen var klar i sin tanke om at det nye skriftspråket skulle vere eit landsmål – eit mål for heile landet. Det var ikkje lett å vite korleis orda burde skrivast når dei blei uttalt så ulikt rundt om i landet. Derfor valde han ofte dei formene som var mest utbreitt, men i dei tilfella der det ikkje var noko ord som var spesielt utbreitt vart skriftformer og stavemåtar som la nærast og på best mulig måte samsvarte med det norrøne systemet valt.   

 

Aasen la sterk vekt på samanheng i stavemåtane mellom ulike ord av same rot, og på eit fast system i bøyingsverket. Med dei retningslinene han fylgde, kom normalmålet hans til å liggje nærast dei vestnorske dialektane.

 

Når det gjaldt val av ord, viste det seg ganske snart at Ivar Aasen var purist. Han ville gjere alt for å halde målet så reint norsk som det var råd. Det var eit norsk kulturmål han ville skape, og det ville han gjerne ha norsk heilt igjennom.

 

Ivar Aasen meinte at det nye målet fyrst skulle takast i bruk i eventyr, segner og stev, deretter i naturskildringar, noveller og lyrikk og tok sjølv i bruk landsmålet i sin eigen litterære produksjon. Allereie i 1853 gav han ut det fyrste utkastet til landsmål, Prøver af Landsmaalet i Noreg. I tillegg skreiv han ein del andre bøker, mellom anna ei samling av eventyr og segn, syngespelet Ervingen (1857) og diktsamlinga Symra (1863).

 

Knud Knudsen (1812-1895) – Kamp for den ”dannede dagligtale”

Mange reknar Ivar Aasen som far til nynorsken, og då kan det med all rett seiast at Knud Knudsen har vore ”fødselshjelpar” for bokmålet. Han hadde jo som kjent ikkje til føremål å skape eit heilt nytt skriftspråk, slik Aasen ville gjere, men reformere det danske skriftspråket i norsk retning.

 

Knud Knudsen var husmannsson frå Holt ved Tvedestrand på Sørlandet. Han var den viktigaste representanten og utviklaren av den lina som ville ha gradvis fornorsking bygd på den dannede dagligtale. Dette definerte Knudsen som «den almindeligste Udtale af Ordene i de Dannedes Mund». Dette talemålet i overklassen bygde på dansk skrift, men med norske lydar og ein del norske ord. Knudsen sjølv brukte omgrepet «den landsgyldige norske Udtale». Sidan dette var overklassens talemål, rekna han med at det hadde nok prestisje til å bli godteke som grunnlag for fornorskinga. Sjølv om den danna daglegtalen var sterkt prega av dansk, hadde det altså klare innslag av norsk. Knud Knudsen rekna med at fornorskinga etter kvart ville føre skriftspråket nærare folkemålet; altså slik vanlege folk snakka.

 

Knudsen var i stor grad oppteken av dei pedagogiske problema, noko som i for seg er naturleg sidan han arbeidde som lærar. Han ville ha eit skriftspråk som var lett å lære og greitt å bruke. I motsetnad til Aasen ville han ikkje konstruere eit heilt nytt norsk skriftspråk, han ville byggje skriftspråket på eit talemål som alt eksisterte, men som ikkje var knytt til ein bestemt stad. Han ville prøve å gjere ortografien lettare, og meinte at det å skape eit heilt nytt norsk skriftspråk var eit altfor stort og urealistisk steg.

 

Det var den danna daglegtalen, eller ”den landsgyldige norske Udtale”, uttrykt av Knudsen sjølv, som skulle bli utgangspunktet for fornorskingslina til Knudsen - det me i dag kjenner som bokmål. Trass i at Knudsen i fyrste omgang ville byggje eit skriftspråk på ”overklassemålet”, håpa han at dette målet etter kvart ville ta opp fleire drag frå folkemålet, slik at det med tida kunne smelte i hop med landsmålet. Knudsen valde å konsentrere seg om dialektane i byane framfor bygdene, fordi han meinte bygdedialektane varierte altfor mykje.

 

I 1862 kom det fyrste resultatet av rettskrivingsarbeidde til Knudsen. Frå no av skulle det skrivast til dømes faa og Karakter mot tidlegare faae og Charakteer. Denne reforma var i samsvar med Knudsen sine tankar om at rettskriving burde rette seg etter uttalen. Knudsen kjempa gjennom heile livet for mange reformer og i 1870- og 1880-åra vart både stor forbokstav i substantiva og verba sine fleirtalsformer avskaffa. Men det største og viktigaste punktet på reformprogrammet hans var å få inn harde konsonantar i staden for blaute. Dette vart det fyrst gjennomslag for etter at han var død. Knudsen ville kvitte seg med stavemåten i dansk – han meinte at den ikkje samsvara med talemålet.

 

I likskap med Aasen var også Knudsen purist. Han meinte ei utskifting av framande ord med norske ville gjere språket enklare å forstå og bruke for folk flest. Han gav òg ut ei stor ordbok, Unorsk og norsk eller fremmedords avløsning  i 1881, der han foreslår norske erstatningar for ei rekke framandord. Avløysingsorda henta han dels frå norsk folkemål, og dels laga han dei sjølv.

 

I 1880-åra skisserte Knudsen sjølv ynskjemåla sine for den framtidige språkutviklinga. Han ville ha harde konsonantar og former som bjørk, mjølk, snø og såpe. Slike former som Knudsen her skisserte, er i dag former som blir brukt i bokmål, men som vert sett på som radikale. Knud Knudsen såg òg for seg at framtidsnorsken skulle ha diftongformer som bein og laus, a-endingar som i fleirtal av substantiv og presens av verb som hestar og kastar. Det siste tilfellet er jamvel reine nynorskformer ut frå skriftspråket i dag, dermed føregreip Knudsen det som seinare skulle få namnet samnorsk – eit felles norsk skriftspråk.

 

I 1880-åra hadde landsmålet verkeleg vind i segla, og mange som heldt på det dansk-norske skriftspråket byrja å frykte at landsmålet skulle sigre heilt. Derfor vart dei meir villige enn før til å gå med på Knudsen si fornorsking av det tradisjonelle skriftspråket, ei gradvis endring.  

 

To vegar – eitt mål?

Ivar Aasen og Knud Knudsen har eigentleg få likskapstrekk når det gjeld språkspørsmålet. Dei var to motpolar. Det som gjer Aasen langt meir kjend enn Knudsen, er nok det at Aasen var målreisar medan Knudsen var målbøtar, for å bruke uttrykk dei sjølve gjerne nytta. I dette ligg det at Aasen laga eit heilt nytt skriftspråk – landsmålet – bygd på dei norske dialektane. Knudsen agiterte derimot for å endre det danske skriftspråket litt etter litt. Det er kanskje ikkje urimeleg at den som skapar eit nytt skriftmål, får eit større gjetord enn den som berre gjer framlegg om å revidere eit som finst frå før.

 

Dei var tydelegvis svært usamde når det gjaldt språkspørsmål. Men tenkjer ein godt etter, fins det fleire likskapstrekk enn det ein fyrst får inntrykk av. Båe var overtydde om at Noreg måtte ha eit eige språk. Utan eit eige språk hadde Noreg som nasjon ingen sjølvstende eller autoritet i høve til andre nasjonar. Noreg hadde behov for å gje folkeopplysing og utdanning til alle nordmenn, og eit norsk skriftspråk var nøkkelen til å kunne dekkje dette behovet. Skulle både opplysinga og utdanninga nå alle nordmenn, måtte dei nødvendigvis vere på folket sitt språk. Knudsen og Aasen var samde om at talemålet var det verkelege språket. Båe brukte talemålet som grunnlag då dei utarbeidde språket i kvar sine retningar. Språkmessig finst det ikkje fleire likskapstrekk enn dette.

 

Stort meir samtidige enn Knudsen og Aasen går det ikkje an å bli: Dei vart fødde med eitt års mellomrom og vart nøyaktig jamgamle (Knudsen 1812–1895; Aasen 1913–1896). Begge kom frå bondestanden; Knudsen var rett nok husmannsson og Aasen bondegut, men det hadde nok mindre å seie, ettersom det var liten skilnad på husmenn og sjølveigande bønder i dei delane av landet dei kom frå.

 

Då har det truleg meir å seie at Aasen kom frå Ørsta på Sunnmøre, medan Knudsen voks opp i bygda Holt, som ligg i den landsdelen vi i dag kallar Sørlandet, men som den gongen vart rekna som ein del av Vestlandet. Både Knudsen og Aasen kalla seg altså vestlendingar..

 

Vegen Knudsen tok var, geografisk sett, svært logisk. Han budde ikkje langt frå Skagerrak, og avstanden til den dansk-norske bykulturen var ikkje langt unna for Knudsen. Arendal ligg berre to mil unna Holt.

 

Både Knudsen og Aasen vart rekna for å vere flogvit av sambygdingane sine, og begge fungerte i ung alder som skolehaldarar – Knudsen var jamvel huslærar for to bondegutar i heimbygda alt som tolvåring.

 

Knudsen arbeidde i seinare tid som lektor ved Kristiania katedralskule, medan Aasen levde på offentlege stipend. Båe levde heile livet som ungkar og budde for det meste i Kristiania.

 

Sjølv om Ivar Aasen var ein språkmann tok han ikkje del i målstriden. Det gjorde derimot Knudsen. Han var ikkje berre oppteken av det dansk-norske målstrevet, han kjempe også mot latin som obligatorisk fag i den høgare skulen. Knudsen kjempa også for å få vekk dei såkalla gotiske trykkbokstavane, han ville heller bruke latinske typar. Her var Aasen usamd, fordi det var desse gotiske bokstavane vanlege folk var vane med å lese.

 

Vidare var Knudsen skandinavist – han ville at det norsk-danske skriftspråket skulle nærme seg svensk. Aasen var delvis samd, han ynskte ikkje at dei skandinaviske språka skulle skilje lag, men det viktigaste var at dei norske særdraga kom fram. 

 

Likevel er ikkje Knudsens endelege framtidsvisjon vorten røyndom enno. Han førestilte seg nemleg at hans eige dansk-norske og Aasens norsk-norske målstrev med tida skulle føre fram til det same målet: Eitt sams skriftmål for alle nordmenn. Om det målet nokon gong blir nådd, og korleis det målet i så fall kjem til å sjå ut, er ikkje godt å vite i dag. Det som er visst, er at både Knudsen og Aasen har sett merke etter seg som aldri vil forsvinne så lenge det finst norsk skriftmål her landet – eitt eller to.

 

Forfattarane og språket

Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe sine eventyr frå 1840-åra sette i gang fornorskinga av det alminnelege litteraturspråket. Også Bjørnstjerne Bjørnson sine bondeforteljingar hadde mykje å seie. Bjørnson valde ein god del særnorske variantar av orda i forteljinga Synnøve Solbakken (1957).

 

Bjørnstjerne Bjørnson sine norskfarga språkval hadde bakgrunn både i det bygdemålet han hadde tala i oppveksten, i alle sagaene han hadde lese og i den kjennskap han hadde til folkeeventyra. Men i sine seinare år skifta Bjørnson meining og glei vekk frå landsmålet han hadde støtta i ungdomsåra og over til den konservative sida. I 1907 såg Riksmålsforbundet dagens lys, med nettopp Bjørnstjerne Bjørnson som stiftar og fyrste formann

 

Arne Garborg og Aasmund O. Vinje er to andre personar som nytta det nye landsmålet i arbeidde sine. Sistnemnde vert rekna som landsmålsbrukar nummer ein. I sitt eige vekeblad, Dølen, fekk Vinje høve til å vise korleis landsmålet fungerte som skriftspråk og litteraturspråk.

 

I 1868 vart Det Norske Samlaget stifta, som var landsmålsskribentane sitt eige forlag. Forfattarane i den andre leira haldt fram med å nytte Gyldendal forlag i København, noko som innebar at dei måtte halde seg til bogsproget.

 

Henrik Ibsen starta karrieren sin som hundre prosent tru mot det danske skriftspråket. Men han vart for alvor interessert i språkspørsmålet då han arbeidde saman med Knud Knudsen ved Det Norske Theater. Fornorskinga hans nådde høgdepunktet i Peer Gynt, som jo er rimeleg med tanke på den sterke samanhengen dramaet har til norsk folkeliv og folkesegner. Han delte fullt ut språksynet til Knudsen. Men frå kring 1870 la han mindre vekt på å følgje Knudsen sin skrivemåte, for då skulle språket vere autentisk, og Ibsen sine personar brukte som regel byspråk frå høgare sosiale lag, som sjølvsagt hadde samanheng med det litterære programmet i realismen, sjølv om det framleis var sterkt i samsvar med Knudsen si line. Litteraturspråket mot slutten av hundreåret kan kallast dansk-norsk.

 

Landsmålet – ein farleg konkurrent

Språkstriden etter 1850 var ikkje berre ein kamp mellom dei som ville reformere dansken, og dei som ville halde på skriftspråksfellesskapen med Danmark. Landsmålet hadde jo trass i alt vore der heilt frå 1853, då Aasen la fram sine Prøver af Landsmaalet i Noreg.

 

Dei fyrste åra var det ikkje reint lite innbyrdes strid om korleis landsmålet skulle sjå ut: Somme ville ha eit mål som la nærare norrønt mål enn Aasen, andre meinte landsmålet skulle rette seg meir etter talemålet i samtida.

 

P.A. Munch kalla Knudsen ein "maalskrædder", og hadde inga forståing for Knudsen sitt program. Ein grunn til at språksynet til Aasen vart betre mottatt i overklassen enn Knudsen sitt, sjølv om reformene til Knudsen la nærare talemålet til overklassen enn det landsmålet gjorde, kan vere at overklassen var sterkt oppteken av dei nasjonalromantiske synsmåtane og dermed bøndene sitt talemål og væremåte. Trass i motgangen samla Knudsen etter rettskrivingsreforma i 1862 ord til si Unorsk og norsk eller fremmedordets avløsning frå 1881. Det vart ikkje gjort nokre særskilte endringar i åra som følgde, no vart språkspørsmålet i mykje større grad prega av politikk – Det var no blitt til eit politisk spørsmål. 

 

I 1884 vart den politiske situasjonen i landet endra, Venstre vann ein knusande siger over Høgre – andre parti fanst ikkje. Venstrerepresentantane var for landsmål og fornorsking, medan høgrefolk ville halde lengst mogleg på dansken.  

 

Så snart Venstre fekk regjeringsmakt, foreslo dei å løyve pengar til kurs i landsmål for folkeskulelærarar. Dette forstod høgrefolka var farleg: Framlegget innebar ”et Forøg paa at indføre det saakaldte Landsmaal som undervisningsgjenstand i vore Almueskuler”.

 

I mai 1885 sat Stortinget i tre heile dagar og drøfta om det skulle løyvast 6000 kroner til desse kursa, enden på visa blei at framlegget gjekk gjennom. Berre fjorten dagar seinare kom jamstillingsvedtaket. Tidlegare måtte både lærarar og elevar snakke ”bogsprog” i klasserommet. Dette skapte problem, og lærarane såg at elevane streva med den danske uttalen. Venstre tok saka, og i 1879 kunne elevar og lærarar snakke på talemålet sitt, og det var slutten på talemålsnormeringa i Noreg.

 

Jamstillingsvedtaket og målparagrafen

I 1885 kom jamstillingsvedtaket som sidestilte riksmålet og landsmålet, i dag bokmål og nynorsk. Dette vedtaket gjeld framleis og skal sørgje for at dei to målformene er likestilte i offentleg språkbruk. I praksis vil det i dag til dømes seie at lærebøker skal verte utgjevne samstundes på båe målformer. Ein annan konsekvens av jamstillingsvedtaket er at offentlege instansar pliktar å svare deg i same målform som den du nyttar. Og du vel sjølv kva slags målform du vil levere sjølvmeldinga di på, eller ta imot andre offentlege dokument i.

 

Etter dette la vegen open for landsmålet i skulen, og det vara ikkje lenge før dei fyrste skulestyra gjorde vedtak om å innføre det. På slutten av 1800-tallet byrja dei fyrste skulekrinsane å gå over til landsmål. og i 1880 kom den fyrste læreboka på landsmål. Det var landsmålet som hadde mest vind i segla inn i eit nytt hundreår. Fram til 1900 var det vel 200 av dei 6000 skulekrinsane i landet som valde å byte mål.

 

Men språkproblemet i skulen var framleis ein realitet. Når elevane til dømes skulle ha framføring, kva mål skulle dei då tale på? Nordahl Rolfsen fann ei løysing på dette problemet, men ho var ikkje fullnøyande. Han laga ei lesebok som hadde fleire tekstar på landsmål enn tidlegare bøker, og i tillegg hadde dei dansk-norske tekstane tatt opp mange av rettskrivingsforslaga til Knudsen, sjølv om dei ikkje var offisielt godkjende. Denne løysing varte fram til hundreårsskiftet. Problemet var at no måtte elevane skilje mellom målet dei skulle tale på, og målet dei skulle skrive på. Korkje Aasen eller Knudsen hadde heilt klare normer for ortografi og formverk. Derfor måtte lærarane vente til over hundreårsskiftet før dei fekk ei fullgod ordning.

 

 

Kjelder:

 

Halvorsen, E. m.fl: Tekst og Tanke. Norsk for VK I og VK II. Lærebok. 3. utg. 1999.

Leitra, A. m.fl: Språket vårt før og nå. Språkhistorie, norrønt, dialekter, nyislandsk. Ny utgåve 1981.

Almenningen, O.: Språk og samfunn gjennom tusen år: ei norsk språkhistorie. 6. utg. 2002.

Skard, V.: Norsk språkhistorie. 1. utg. 1976-1979.

Otnes, H. m.fl: Tekst i tid og rom. Norsk språkhistorie. 2. utg. 2000.

 

Internett:

http://drageild.tripod.com/Aaseknu.htm

http://www.wait.no/prosjekter/sh/

http://www.orsta.vgs.no/lekkjer/norsklekkjer.htm

http://www.propaganda.net/skuleside/1866.shtml

http://www.gmsys.net/teachers/norsk/spraak/sprkhist/spraakhst.htm

http://www.norsknettskule.no/fag/ressurser/itstud/fuv/holein/hovedlin.htm

http://no.wikipedia.org/

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Ivar Aasen

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Knud Knudsen




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish