Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Kjærleik og forelsking

Kjærleik og forelsking

Essay om kjærlighet og forelskelse fra et kristent perspektiv.

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
06.04.2005


«Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle. Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting. Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.

 

Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. Kjærleiken fell aldri bort(....)

Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst blant dei er kjærleiken.» 1.kor 13,1-8a og 13.

 


Kjærleiken følgjer oss gjennom livet.

 

Den første kjærleiken er i barnet. Vi elskar frå vi blir fødde. Kjærleiken mellom mor og barn. Kjærleiken som får ei mor til å ta opp barnet sitt når det gret, sjølv om det er midt på natta. Sjølv om ho er dødstrøytt. Sjølv om det står i boka, som ho kjøpte i eit akutt tilfelle av lite sjølvtillit, at barnet berre skal liggje når det gret, slik at det lærer. Nokon kallar det morsinstinkt, men kjærleik er det, like fullt.

 

Kjærleiken mellom sysken. Brør og systrer vil alltid væra glade i kvarandre. Sjølv om storebror er irritabel og litlesyster masar, sjølv om lillebror berre bråkar og storesyster berre vil vere i fred, så er dei glad i kvarandre. Elskar kvarandre.

 

Kjærleiken er den eit barn kan føla for eit anna barn. Når ein liten gut ikkje vil heim frå barnehagen, fordi ham vil leike med den spesielle jenta heile tida.

 

Med ungdom kjem forelsking. Det er ikkje kjærleik, men det kan bli det.

Kjærleik kan vere i hender som finn kvarandre i mørkret i ein kinosal.

Kjærleik kan vere i augo som møtest, og skin mot kvarandre.

Kjærleik kan vere i munnar som smiler til kvarandre.

Kjærleik kan vere i ømme ord kviskra inn i eit øyra.

 

Kjærleiken mellom vener er den som held oss oppe i tunge stunder. Romantisk kjærleik varer kanskje ikkje evig, men vener sin kjærleik gjer ofte det. Det er venene våre som hjelper oss gjennom dei tunge stundene, før vi har funne Den Eine, den som vi vil tilbringe heile livet saman med. Og dei hjelper oss også gjennom dei tunge stundene vi måtte ha med vår utvalde. Vener kan du ha heile livet. Det fantastiske med vener, og vener sin kjærleik, er at vener kan vekse i forskjellige retningar, utan at kjærleiken mellom dei forsvinn i all voksteren.

 

Den modne kjærleiken. Vaksne menneske som har opplevd Den Store Kjærleiken, som har mista den dei elska. Menneske som søkjer noko anna. Ikkje kjærleik slik dei fekk frå den som er gått bort, men ein som allikevel er meir enn ein ven. «Ein å bli gammal saman med,» som Willy sa. Kona hans har vore død i 16 år. For eitt år sidan fann han ei som var i same situasjon. Mannen hennar døydde for nesten like mange år sidan. No har dei «ein å bli gammal med.»

 

Kjærleik til naturen. Den er kanskje ikkje det ein tenkjer på først når ein pratar om kjærleik, men like fullt er det kjærleik, den kjensla ein får inni seg når ein er ute i Gud sin frie natur. Når ein går ein fjelltur, og kjenner den friske lufta. Når ein har gått ein lang tur, har litt vondt i føtene, men står på den høgaste toppen i syne. Den kjensla er også kjærleik.

 

Kjærleik mellom menneske og dyr. Det finst knapt noko vesen ein knyter seg tettare til enn ein hund eller ein katt. Har ein hatt dyret i mange år, kan det å måtte avlive det, eller at det døyr av seg sjølv, vere svært vondt, på linje med å miste ein medlem av familien.

 

Men den kjærleiken som står for meg som den største, uansett, er kjærleiken mellom Gud og menneske.

«For så elska Gud verda, at han gav son sin, den einborne, for at kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.»

 

Så høgt elska Gud verda... Jesus Kristus elska verda så høgt at han var villig til å døy ved krossfesting, ein av dei verste og mest smertefulle avrettingsmetodar menneska nokon gong har stått ansvarleg for. Gud var villig til å ofra sin einaste son for at ein gjeng menneske, som framleis i dag har problem med å tru dette, skulle få koma til himmelen å få eit evig liv som vi ikkje i de heile har gjort oss fortente til. Det er kjærleik større enn noko anna. «Kjærleik er ikkje at vi har elska Gud, men at Gud har elska oss, og gav sin einaste son til soning for alle våre synder.»

 

Kjærleik er varme. Kjærleik er glede. Kjærleik er det største av alt.

Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst blant dei er kjærleiken.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil