Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Kjærleik og tårerSkriv ut Utskrift
Kjærlighetssorg og selvmord.
Nynorsk - NovelleForfatter:



Eg spring ut igjennom døra. Det er like mørkt ute som inni meg. Livet kunne ikkje ha vore vanskelegare enn nett no.

 

Han har svikta meg, Even. Den kjekkaste og tøffaste guten på skulen. Han var berre min og berre min, heilt til for 1 minutt sidan. Korleis kunne han gjere dette mot meg? Eg blir berre så skuffa og sint, og har ei forferdeleg kjærleiksorg.

 

Eg spring imot skogen, den mørke skogen. Der eg aldri hadde gått åleine, men no er eg her. Det har svartna for meg, eg ser ingenting utanom hendinga som skjedde. Han og ho, dei! Eg stoppar ikkje opp før eg kjem inn til tjernet lengst inne i skogen.

 

Pulsen min må vere oppi 230 minst. Når eg endeleg får roe meg ned, kjem tankane mine fram frå gøymestaden sin i bakhovudet.

 

Tanken på at han sto der med ei anna jente, og det var ikkje kven so helst, det var Nora mi bestevenninne. Gråten pressar på no, kvifor gjorde dei det? Kvifor skuffa du meg Even? Dagen byrja så godt med sola som skein så fint frå klar og lyseblå himmel, men vart så brått øydelagt etter å sett Even og Nora stå borte ved gymgarderoben og kysse.

 

- Kysse, seier eg høgt utover tjernet. Eg seier det så høgt Linerla på steinen attmed meg blir skremt og flyg sin veg.

- Du er heldig du Linerle, som kan ta vingane og fly langt vekk, seier eg etter ho.

 

Igjen sit eg att med minna. Dei forferdelege minna som eg helst vil gløyme.

 

Dei to personane som betyr mest for meg i heile verda, sviktar meg. Da Nora og eg byrja på vidaregåande skulen i fjor, var Nora som var nervøs av oss to. Det var eg som støtta ho opp det beste eg kunne. Men likevel er det ho som sviktar meg, når det eg som vore mest lojal av oss to.

 

Tårene renner nedover kinnet mitt. Og plutseleg er det ikkje berre eg som gret, himmelen gret med meg. Nei det er visst ikkje min dag i dag.

 

Tordenskralet høyrer eg langt borte, lyna blinka rundt meg. Det lange håret mitt klistrar seg inntil ryggen min, kleda mine er våte og kulden kjem inni meg. Skuleranselen ligg på bakken med alle bøkene mine inni, dei er nok våte dei og.

 

Tjernet ser ut som er på kokestadiet. Tårer og regn om kvarandre. No er det ingenting å leve for. Livet har blitt heilt meiningslaust på berre 30 minutt. No er det nok.

 

Eg røyser meg, kjenner at regnet har trengt seg inn under kleda også. Tårene renner endå meir. Eg tenkjer på dei fem månadane som Even og eg har hatt, dei fem månadane som var så fine, og som vart brått slutta i dag.

 

- No har du ingenting igjen Mona, ingenting, hikstar eg.

 

Alle minna som eg har, kjem til meg,. Frå eg var liten til no. Gode sommar dagar til festlege vinter dagar med mamma, pappa og søstera mi, til dagen Even og eg vart kjærestar. No klarar eg ikkje meir.

 

Tjernet ventar på meg og eg er klar for tjernet. Eg går ustødig bort til kanten. Det er mørkt, eg kan sjå meg sjølv i vassflata. Det er regnar framleis, og tjernet lokkar meg. Eg setter mine føter i vatnet, bevegar meg sakte ut mot djupet. Det er varmt og vatnet ber meg utover.

 

Det kjennest fantastisk. Her vil eg vere og her skal eg bli, tenkjer eg. Vatnet er oppe til brysta mine no.

- Alt har ein ende, seier eg utover i den tomme skogen.

 

Beina mine er slitne no, men det er ikkje langt igjen, det er berre hovudet som skal under vassflata. I akkurat i det sekundet som eg gir tapt til tjernet høyrer eg nokon som ropar:

- MONA!!!!!!!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish