Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Kjære veslesyster HannaSkriv ut Utskrift
Hvordan livet mitt endret seg da jeg fikk en lillesøster.
Nynorsk - FortellingForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Eg skal no fortelja dykk om noko som har forandra livet mitt totalt. Heilt til eg var fem år hadde eg to fantasivennar, ”Bærta” og ”Trollet”. ”Bærta” var lita og tjukk, og gjekk alltid med ein kvit kjole med raude blomstrar på, og ho hadde det penaste håret i verda. Langt, lyst og krøllete hår, akkurat som ei eventyrprinsessa. Medan ”Trollet” var høg og kraftig med langt svart hår. Han brukte alltid ein mørk snikkarbukse med lappar på knea. Eg og ”Bærta” brukte å laupe om kapp rundt huset, det hugsar eg ennå. Og kvar gong eg var sint, kom ”Trollet” og var sint saman med meg. Og var det noko galt eg hadde gjort, var det alltid ”Bærta” eller ”Trollet” som eigentleg hadde gjort det sa eg.

 

Grunnen til at eg hadde dessa vennane, var at eg var einsam. Vi budde på ein veldig avsidesliggjande plass. Men så ein dag ble heile livet mett forandra. Eg hugsar ikkje så mye av den dagen, men eg hugsar at ein dag, etter at mamma hadde vore lenge borte, kom ho heim at med ein baby på armen. Ho presenterte babyen som mi veslesyster Hanna. Ho var lita og hadde bollekinn, og skreik heile tida. Plutseleg hadde ikkje mamma lenger så god tid til meg. Ho var så oppteken med den skrikungen, som ho kalla mi veslesyster. Ho forguda den ungen.

 

Ho bad meg gå å lage ein flaske med saft, til veslesyster etter ei stund, og det gjorde eg. Eg hadde bare oppi litt salt også, og som venta begynte Hanna å skrike igjen, og mamma fant fort ut kva eg hadde gjort. Og da bar det rett på rommet med meg. Dette skulle eg hemne meg for! Det var jo ho som kom å trengte seg inn her, og tok min plass! Kvifor skulle da eg få straff? Etter dette stakk eg Hanna med ei nål kvar gong mamma ikkje såg på, men ho ville jo ha vore dum viss ho ikkje forstod at detta hadde eg noko med.

 

Og slik held det fram i mange år. I dag kan vi vare bitre fiendar det eine augeblikket, medan vi er bestevennar i det neste! For ei stund sidan var me å handla på Rema 1000 i Ballangen, der eg spurte mamma om eg kunne få det nyaste ”Nemi-bladet”. Mamma nølte litt, og det såg Hanna. – mamma æ synes at ho Malén burde få det bladet, for de er utsolgt i Kjøpsvik. Og trur du ikkje mamma kjøpte det til meg? Joda! Men etterpå sa Hanna til meg at – nu har æ backa-up da, så neste gang er det din tur. Eg må no le litt av ho iblant.

 

Sannheita er det at eg skammar meg så utruleg for korleis eg oppførte meg mot ho da me var små. Men eg er så gla for at det var nettopp eg som fekk ei slik veslesyster i gåve. Eg har ingen idé om korleis livet mitt ville ha vore i dag utan ho. Da eg kom tilbake etter at eg hadde vore på rømmen i seksten dagar, var det så ubeskrivelig godt å sjå ho igjen. I byrjinga klarte eg nesten ikkje å helde tårane tilbake, og eg kunne sjå på ho at ho sleit med same problemet.

 

Eg håpar me alltid kjem til å ha eit godt syskenforhold og ønskjer ho alt godt i verda. Ho er eit menneske verdig det beste.

<bilde>

Logg inn for å se bildet




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish