Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Røyken... - Ein god venn!Skriv ut Utskrift

Ungdom og røyk..

Skrevet i 10. klasse.

Nynorsk - EssayForfatter: Anonym



Kvite pinnar med filter på, og med litt tobakk i. Det er det ein røyk er. Denne tenner du på, eller ”fyrer opp”, og dreg røyken inn i deg. Er det noko som som er betre enn å ha ein røyk i munnen? Er det noko som er tøffare enn ein ungdom på 14-15 år som sit å røykjar? Nei, det er det ikkje. Kva er eigentleg fordelane ved å røyke? Me lever i eit spenningsfylt liv, men er det verkeleg behov for røyk? Det er ikkje noko me treng for å kunne leve, og dessuten så er det berre helseskadeleg. Men fordelane er der, og få er dei ikkje.

 

På skulen står elevane bak hjørnet og røykar, og håpar at ingen lærar er på veg, for lærarane er jo store og slemme mennesker som vil ta frå dei røyken.

 

Det er ein stor fordel for dei som røyker mykje, for dei har noko dei gler seg over. Gleda er nærmest det å berre røyke, røyke, røyke…

 

Du slepp og å tenkje så mykje på kva du skal bruke penga dine på, og det er jo og ein stor fordel. Da slepp du å gå og gruble på kva penga skal brukes på. Og av dei penga du har, går alt med til røyk. Gjør dei ikkje? Da er det inga bekymringar man treng å tenkje over.

 

Du syns vel sikkert at det er ganske avslappande med den røyken din? For medan vennene dine spelar fotball, jobber eller spelar basket, treng du ikkje å bekymre deg, for det er jo ikkje noko negativt med det.

 

Anda den bryr me oss ikkje noko særlig om. Du slepp innpåslitande menneske som ikkje tåler anden din. Det er berre å puste ein gong, og dei er borte vekk. Men for deg, du som røykar, er jo ikkje anden noko vond.

 

Det er ikkje noko dumt å byte ut nokre år på gamleheimen med ein venn som du kan ha for livet? Det er jo nettopp det røyken er for deg som røykar; ein venn for livet. Den er der for deg når du treng den, og du har det alltid mykje betre etterpå. Stemmer ikkje det? Og om alle tenkjer slik, så hadde me ikkje hatt stor bruk for gamleheim, og dermed kunne me spart mykje pengar, og dei kunne sjølvsagt me unge fått.

 

Venner?! Ikkje noko problem. Røykar du, er du venn med dei andre som røykar. Og det beste av alle ting, de har noko til felles. Tenkj på det!

 

Røykjarane er jo sosiale og. Går ein ut for å røyke, blir gjerne nokre fleire med. Det skapar samhald, gjer det ikkje? Dei minutane dykk har saman mens dykk røykar, den er passe nok til å få slått av ein prat på, og dermed har du fått gjort to ting på ein gong og. Du har hatt ein samtale, samstundes som du har nyta noko av det beste du har i livet ditt.

 

Du treng ikkje å være redd for å ikkje ha fyr, så du kan tenne på røyken med. Dei andre har heilt sikkert, og lånar deg gjerne litt gass. Nevnte eg fyr?! –Det gjorde eg det! Om du nå er gut, og tenkjer deg at du er ute på byen og ser den fine dama sit der heilt aleine. Du kan berre gå rett bort til ho, og prøve deg på det sjekketrikset du kan best, og da er det berre å prøve deg. For det kan vel ikkje vere noko som er betre enn; ”Har du fyr?” Nei, det stemmer, det er ikkje nokon som er betre. Deretter må du berre improvisere og så har du fått deg dame! Så enkelt er det! Og kven takkar du? Jo, røyken, kjære venn. Du takkar røyken!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish