Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Hevnen er søtSkriv ut Utskrift
To bestevenninner. Den eine er veldig sjalu på den andre og begynner å lage bråk for henne!
Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



Det er ein våt og kald vårdag. Liz er på veg til skulen første skuledag etter helga. Ho er skikkelig trøtt og ville helst ha lege i senga si og sove under den gode varme dyna si nå. Ho går og tenkjer på guten ho er så forelska i og som ho sikkert aldri får sjans på sidan han går i 10 klasse og ho i 8 klasse. Den einaste som veit at ho liker han er bestevenninnen hennar Martine…

 

Då ho kjem til skulen kjem Victoria og Emilie i niande klasse bort til henne og seier at nesten heile skulen veit at ho er forelska i Tom! Liz blir heilt stum. Så spør dei henne kvifor dei ikkje hadde fått vite det? Ho svarer at hun ikkje hadde kjent dei lenge nok til at ho visste om dei var til å stole på. Ettersom ho ble kjent med dei for to veker sida (det var først da hun begynte å vere med niande klassingar), mens ho hadde kjent Martine nesten heile livet. Dei hadde alltid vert bestevenner. Så går dei for å finne Martine…

 

Det var jo sjølvsagd at dei fann henne med den gjengen som er mest populær på skulen, elskar sladder og i tillegg så er dei flinke på skulen. Der var ho i full gang med å seie masse rart om Liz som ikkje er sant ei gong. Det er fordi at ho vart redd for at Liz skulle bli meir populær enn ho. Og så var hun livredd for at Tom skulle like Liz betre enn henne. For ho likte også Tom. Eigentlig så var Victoria og Emilie også med i den gjengen, men dei gadd ikkje å høyra på at Martine baksnakka ei venninne slik.

 

Så ringer det inn og heile skuleplassen blir tom for elevar. Liz, Victoria og Emilie gjekk sakte opp i klasseromma. Liz ville eigentleg ikkje gå inn i klasserommet fordi ho visste at nesten heile klassen kom til å le eller plage henne, dessutan så måtte ho sittja på pulten ved sida av Martine. I den første timen hadde dei engelsk men Liz satt berre og tenkte, lurte på kvifor Martine gjorde dette mot henne!! I andre time hadde ho matte. Ho satt midt i eit reknestykke då ein lappe blei slengt bort på pulten hennas, ho opna den og las ”hemnen er søt!” Ho skjønte ingenting og sendte ein lappe tilbake med spørsmålet: ”Kva har eg gjort deg sida du hatar meg slik?? Vi har jo alltid vore venner, eller?” Den lappen fekk hun ikkje svar på.

 

I friminuttet kom Martine bort til henne og sa at grunnen til at ho hata henne var fordi at ho alltid hadde vore mykje vakrare og meir velstelt enn henne sjølv. Og at det var alltid Liz gutar såg etter. Det var ho som var mest populær av dei to, og dessutan var hun mykje flinkare på skulen og hadde berre seksarar og ei sjeldan gong ein femmar når det gjaldt karakterar.

 

Men når det gjaldt Martine sjølv, var det for det meste frå firarar og nedover kanskje ein femmar iblant. Og derfor laug hun om Liz til alle på skulen for å få dei til å tru at ho var helt idiot. Ho hadde til og med loge til den nyaste venninna til Liz, Mia i niande. Det gjorde at Mia blei sur på henne og ikkje ville snakke med henne lenger. Det var lett for Martine å få Mia til å tru på det. Fordi dei to hadde kjent kvarandre lenger og derfor stolte Mia på at ho ikkje laug for henne. Og i tillegg var det gjennom Martine, at Liz og Mia vart kjent. Men no skulle ho nok klare å øydeleggje for Liz, for ei gong skyld, tenkte ho. Men det ho ikkje visste var at Liz hadde tatt opp heile samtalen med den nye mp3-en sin, Så no kunne hun bevise for skulen at det var løgn, alt det Martine hadde sagt om henne. Bortsett frå at ho likte Tom. Men det ho måtte vente med til alle hadde roa seg ned, for nå var nesten alle ute etter å plage henne.

 

Neste dag etter første friminuttet fann ho eit brev i pennalet sitt. Ho opna det og der stod det at ho skulle vere den siste som gjekk ut av klasserommet når skulen var slutt! Resten av skuledagen gjekk ho rundt og lurte på kven som hadde skreve det brevet. Og kva dei meinte med det… Då skulen var slutt og alle andre hadde gått ut av klasseromma sat ho å pakka sekken sin. Plutseleg kjente ho ei hand på skuldra si. Ho stivna til og stirra rett framfor seg. Då høyrde ho ein gut som seier ”Hei!”, med ei veldig snill og roleg stemme. Ho høyrer med ein gong at det er Tom! Ho snur seg sakte å ser spørjande på han. Ho spør han om kva han gjer der åleine med henne?! Det kunne jo øydelegge populariteten hans, han var jo tross alt skulens mest populære gut.

 

Då svarte han at kjærleik går framfor alt, til og med popularitet. Han var forelska i henne og hadde vore det lenge, men hadde ikkje tord å ta kontakt. For han visste ikkje sikkert om ho likte han. Men no visste han at ho likte han. Så gjekk dei saman hand i hand frå skulen og ho vart med han heim. Dei gjorde lekser saman, og sat og snakka ein del av tida. Etter nokre timar måtte Liz heim igjen, men dei avtalte å møtast dagen etter for å gå til skulen saman.

 

Om kvelden låg ho lenge og tenkte på at Tom og ho var i lag. Kor utruleg rart det var, sidan Martine hadde fått nesten heile skulen til å hate henne!

 

Neste morgon møtte ho Tom kl.08.10 og dei gjekk hand i hand heile vegen til skulen. Og imens fortalde ho om alt det som Martine hadde sagt, som ho hadde tatt opp på mp3-en. Då sa Tom at ho måtte la alle på skulen få høyre det i dag, slik at dei skjønna kva for ein løgnar Martine var! Og det gjorde ho. Martine fekk som fortent! Og det var berre nokon få jenter som gadd å vere med henne etter dette.

 

Den kvelden reiste Liz og Tom på ein romantisk kino. Der koste dei seg og forholdet var perfekt, men best av alt det såg ut til at det skulle vare evig!!!!!!!

 

SLUTT




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish