Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
TsunamienSkriv ut Utskrift
Den handlar om to jenter som er på ferie i Indonesia medan tsunamien herja der.
Nynorsk - FortellingForfatter: Anonym



Det var 2. juledag og sola lyste over heile byen. Det var ein dag eg og Sissel, venninna mi kunne nyte ferien vår på stranda. Klokka var halv åtte og eg satt ved frukostbordet på Rainbow Hotell med ei avis i handa. Hotellet låg nær stranda i den vesle, men koselege byen Surat Thani, sør i Thailand.

 

Når klokka var åtte, så var Sissel stått opp og me var ferdige med frukosten og pakkinga til turen på stranda. Når me kom fram var stranda fullpakka med mange turristar og nokre innbyggjarar. Me var visst ikkje dei einaste som hadde funne ut at det var ein fin dag til å vera på stranda. Me sat oss på ein liten plass som var litt avskjerma frå dei andre folka på stranda. Me var så varme at me nesten desperate, hoppa uti vatnet. Det var perfekt temperatur, me ante ingen fare.

 

Når me hadde bada ei stund og var litt svoltne begynte me å gå opp strandkanten. Då høyrte me folk som ropte og skreik! Me kunne ikkje skjønna kvifor det var sånt oppstyr. Men då me såg at folk i all hast begynte å springa vekk frå stranda skjønte me at det var noko gale. Det virka som om det kom noko bak oss, opp frå sjøen. Eg snudde meg og såg at Sissel sto urøyreleg og såg ut mot sjøen. Det var fleire bølgjer, store som hus, som kom inn mot strendene. Først trakk havet seg ned, men så blei det til kjempe digre bølgjer. Då eg såg det sjølv blei eg med eit stum, heilt til eg drog motet i meg og fekk Sissel med meg i all hast vekk. Eg var vettskremt men me måtte komme oss vekk frå det.

 

Me sprang bortover den lange og flate vegen, inn i dei smale gatene, desperate etter ein høg bygning. Då såg me to små ungar som satt og grein ved sida av ein liten boss dunge. Me tok dei med oss i all hast og gjentok leitinga etter ein høg bygning. Til slutt fant me ein som såg passe høg og sterk nok til å stå i mot dei store, kraftige bølgjene. Me fant inngangen og reiv opp døra. Inne kunne me høyre andre urolege stemmer. Me braut opp nokre dører for å finne ut kvar trappa var og i siste liten fant me den. Då me kom opp kunne me sjå og høyre at det kom ei ny bølgje. Vatnet strøymte inn i den høge bygningen. Heldigvis var det ein etasje til, så me kunne gå endå litt høgare for å vere heilt sikre. Heilt oppe sat det allereie to ungdommar og to vaksne som såg ut til å vere foreldra deira. Dei kom plutseleg rett i mot oss, trudde me, men det var ungane dei heiv seg over i noko som såg ut som glede. Me blei litt usikre, men då mora til dei to ungdommane begynte å fortelje på engelsk at ho ikkje hadde klart å finna dei, fordi dei hadde vå ute medan tsunamien byrja å velte deg innover den vakre stranda. Det viste seg at det var ungane hennar.

 

Me sat i den høge bygningen i noko som virka som timar, men endeleg kunne me høyra at det var slutt på fleire store bølgjer. Så høyrte me at nokre folk utanfor bygningen ropte etter overlevande. Me sprang av glede ned i den nedste gangen i huset, og ut døra. Eg kunne knapt tru det eg såg utanfor. Gatene var fulle av gjørma og det som ein gong hadde vå bygningar. Litt lenger borte sto det ei lita gruppe folk, dei hadde oransje drakter og kvite hjelmar. Det viste seg at det var redningsmannskapet. Dei frakta oss til ein liten leir, der me kunne få mat, drikke og nye klede.

 

På leiren fekk eg og Sissel eit lite telt liknande stoff greie som me kunne setta opp og sova inni. Då me var på leiren fant me ut at me hadde vore heldige, det var fleire tusen innbyggjarar og turristar som var omkomne eller skadde. Me blei på leiren i fire dagar før me fekk reisa heim til vår kjære heim, heime i Noreg. Ferien vår hadde blitt noko heilt anna enn me hadde tenkt, og me tvilte på at me kom til å reisa på ny ferie med det første. Eg og Sissel deltok i ei lita innsamlings gruppe heime i Noreg, der me fekk til å samla inn fleire hundre tusen på nokre dagar. Folka nede i Thailand ville nok gjort det same for oss, og me var glade for å kunne vere nyttige her heime i Noreg også. Det kom til å bli ein stor opprydding for Indonesia og dei andre landa og plassane som hadde vå innblanda i den forferdelege naturkatastrofen. Vennar og familie var i alle fall veldig glade for at me var uskadde, og det var me og, men me var merka for livet og ville alltid huske reaksjonane på folka rundt på stranda.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish