Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Første verdskrig - krigen i luftaSkriv ut Utskrift
Om krigen i lufta under første verdskrig.
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter: Anonym



Krigen i lufta hadde ikkje så stor betyding for den første verdskrigen, men det var i denne perioden frå 1914 til 1918 det ble oppdaga at fly kunne brukas i krig og ikkje bare som transport og spionasje som de tidlegare hadde blitt brukt til.

 

Fly var ein ny oppfinning som kom frå dei kjente Wright-brødrane eit tiår før ”den store krigen” brøyt ut. Det var 17. desember 1903 ”Flyer 1” med piloten Orville Wright tok av og fløy 12 sekunder i lufta. Derfor var flyene ikkje særleg effektive til verken å transportere eller å bli brukt til krigføring. Med flyene som fantes i den tidlege perioden av krigen, var det ikkje mulig å halde seg i lufta meir enn tre timar. Ein av dei tidlegaste flymodellane var BE2c-en som med 90 hk kunne oppnå ein fart på 116 km/t. På slutten av krigen, var det SE5a-en som var det beste alternativet. Ikkje bare var farten på 222 km/t revolusjonerande, men hans manøvreringsevne som var svært betydingsfullt for pilotens levetid.

 

Begynninga av første verdskrig i lufta var dominert av rekognoseringstokter i det fiendtlige luftrom. Da var det bare fryd og gammen for pilotane som vinket til de fiendtlige flyene som vinket tilbake da de passerte kvarandre. Men ettersom stormaktene forsto at det var ein ulempe at fienden fikk oversikt over deies eiga rørsler gjennom spionasje ved rekognoseringstokter, ble flyene opprusta med rifler og andre løyse våpna som piloten kunne ta i bruk viss han fikk øye på eit fiendtlig luftfartøy.

 

Under den første verdskrig, så vi ikkje bare ein fenomenal produksjon av krigsfly, men også fleire oppsynsvekkande teknologiske framskritt innan flyteknologi. Dette førte til et kappløp mellom de to alliansane. Til tross for presset om å konstruera den beste flygemaskinen som førte til ein rask utvikling innan flyteknologien, var levevilkåra for ein vanleg krigsflypilot skremmande. Den gjennomsnittslege tenestetida for ein pilot var ikkje meir enn 3 ukar! Dette var ikkje fordi du ble sendt heim att, men fordi du ble drepen.

 

I 1914 var den franske flyhæra på under 140 fly. I 1918 var den franske flyhæra på heile 4.500 fly, dette er ein stigning på over 3000 % på fire år! Totalt ble det produsert 68.000 fly, 52.000 av dei ble tapt under krigen.

 

Eg har lagd ein liten tabell under som viser det totale* antall krigsfly dei forskjellige nasjonane hadde i starten av første verdskrig.

 

Nasjon

Antall fly i 1914**

Russland

Frå 210 til 244

Tyskland

Frå 180 til 232

Italia

Frå 130 til 150

Frankrike

Frå 136 til 138

Storbritannia

Frå 136 til 128

Øysterrike-Ungarn

Frå 60 til 86

USA

55

Belgia

24

 

* Inkluderer også testfly

**Italia og USAs antall fly er frå 1915

 

          

Under den første verdskrigen ble det utvikla fly etter kva for oppdrag det skulle utføre. Det fantes hovudsakleg fem typar fly, ”fighters” som utførte de farlege ”dog-fightene”, ”bombers” som hadde som oppdrag å øydelegge fiendens transportmuligleikar og deies produksjon av våpen og anna truande. Det fantes ”ground attackare” som fløy lavt over fiendens front og bomba med granatar og små bombar, ”naval fighters” som øydela transportmuligleikane til fienden til havs, og til slutt ”observanter” eller ”spionasjefly” som drev med rekognosering av fiendens rørsler og fant ut strategiske angrepsplanar. Dette var de mest brukte formåla av fly under den første verdskrigen. Mange offiserar og stormenn innrømte at utan flyenes unike muliging til å drive spionasje på fiendens rørsler, ville de kanskje ikkje ha vunne alle slaga som vi i etterkant kan definere som vunne. På den måten kan du definere fly som ein viktig eigenskap under den første verdskrigen, men viss du ser den første verdskrigen som ein heling, vil du sjå at flykrigen eigentlig ikkje hadde ein altfor stor betyding for krigens utfall.

 

Du trudde kanskje at det var skyteflya som hadde dei offensive eigenskapa, men det var nemlig bombeflya som eide denne eigenskapen. Deies oppgåve var å fly inn i det fiendtlige luftrom for så å kunne bombe fabrikker, transportlinjer og andre fasilitetar som kunne styrke den fiendtlige hæren. Skyteflyas oppgåve var derfor å skyte ned disse bombeflya for å beskytte deies eiga indre struktur frå å kollapse under eit regn av bombar. Så på den måten kan du si at bombeflya var dei offensive mens skyteflya var dei defensive. Skyteflya hadde også som oppdrag å skyte ned flya som beskytta deies eiga luftrom, kort sagt for å svekke fiendtlig defens. Der ble fenomenet som ble kaldt ”dog-fight” skapt.

 

Flytype

Produksjonsland

Fart km/h

Fart mph

Antall motorar

Spad XIII

Frankrike

222

138

2

SE5a

Storbritannia

222

138

2

Spad VII

Frankrike

212

132

1

Fokker D VII

Tyskland

188

117

2

Sopwith Triplane

Storbritannia

187

116

1

Fokker DR I

Tyskland

185

115

2

Sopwith Camel

Storbritannia

185

115

2

Sopwith Pup

Storbritannia

179

111

1

Albatros III

Tyskland

175

109

2

Nieuport Bebe

Frankrike

156

97

1

DH2

Storbritannia

150

93

1

FH2b

Storbritannia

147

91

1

Moraine-Saulnier Type N

Frankrike

144

89

1

Eindecker III

Tyskland

140

87

1

FB5 Gunbus

Storbritannia

113

70

1

 

Her ser vi tabellen over skytefly frå 1. verdskrig. Vi ser at det er Trippelententen som dominerer lista. Det beste flyet til Trippelalliansen er det tyske flyet Fokker D VII som bare ligger på 4. plass. Men man må huske på at på denne tabellen blir flya rangert etter fart. Fokker D VII var frykta av fienden, dette fordi den steg svært fort og var lett å manøvrere. Den eide også det synkroniserte geværet som vi kommer tilbake til senarar. Men likevel vil eg si at det var trippelententen som dominerte skyteflyverda.

 

Under har eg ”lånt” enda ein tabell som viser ferdigheta til bombeflya.

 

Flytype

Produksjonsland

Bombekapasitet (kg)

Antall motorar

Giant

Tyskland

2000

4

Caproni CA42

Italia

1450

3

O/400

Storbritannia

910

2

Ilya Murometz

Russland

800

4

Gotha

Tyskland

500

2

Caproni CA32

Italia

450

3

Breguet 14

Frankrike

260

1

DH4

Storbritannia

210

1

Voisin III

Frankrike

150

1

Sopwith 1 ½ Strutter

Storbritannia

118

1

BE2c

Storbritannia

102

1

 

På denne tabellen jevner det seg litt ut mellom Trippelalliansen og Trippelententen, men likevel vil eg si at det var Trippelalliansen som var de mest effektive bomberene. Med Gotha og Giant ble mange våpenproduserande fabrikker øydelagt. Italia hadde også litt inflytelse da det kom til bombefly med sine Caproni CA32 og CA42. Men dette ble ein liten ulempe for Trippelalliansen etter 26. April 1915 da Italia inngikk ein hemmeleg avtale med Trippelententen om at Italia skulle slutte seg til dei og starte krig mot Øysterrike-Ungarn for å kapre over eit område dei lenge hadde hatt interesse for. Så på ein enkel måte kan man si at Trippelalliansen var dei offensive mens Trippelententen var dei defensive.

 

I begynninga av krigen spilte flya bare ein underordna birolle. Rekognoseringsflyturar var stort sett det flyene ble brukt til innan militæret. Elles ble flyet brukt til svært eksklusiv transport bare de færraste kunne unne seg. Men eigentlig utgjorde flytransporten bare ein svært liten del av transporten i lufta, det var nemlig luftskip som var tingen. Dette transportmiddelet rommet langt fleire menneskjer noe som gjorde det billigare å transporterast igjennom lufta. Men over til den militærlege delen av flya. Som sagt tidlegare utgjorde krigsflya under den første verdskrig bare ein underordna birolle. Men etter kvart som dei store leiarane forsto at flyet var eit svært effektivt våpen, ble flyet meir og meir brukt og fikk ein mykje større rolle under 1. verdskrig. Dette ga grunnlaget til den heftige bruken av fly under 2. verdskrig. De største gjennombroddane eg synas det er verd å nemne er nok Garros’ konstruksjon av skytevåpenet som gjekk mellom propellbladande, Fokkers konstruksjon av skytevåpenet som var synkronisert med propellbladande (i motsetning til Garros’ konstruksjon) noe som førte til ein veldig mye tryggare plaffring. Men disse er bare få av de mange teknologiske gjennombroddane.

 

Etter kvart som flyproduksjonen blomstra, innsjå maktene at det var ein større og større fordel å ta i bruk disse krigsmaskinane. I statistikken eg har laga under ser du at dei som har utnytta flyteknologien mest er tyskarane. Dei ljå alltid eit skritt foran fienden da det kom til utvikling av krigsfly. Øverst på lista under ser vi at Manfred Albrecht Freiherr von Richthofen toppar lista. Hele 80 seiarar halte han inn før han ble skutt ned av ein kule frå eit maskingevær frå ein skyttegrav. Sjølv om det seis at det var Arthur Brown var mannen som skaut Richthofen ned, er det bevist at maskingeværet er årsaka.

 

Ikkje overraskande ligger Frankrike like under Tyskland med René P. Fonck. Derimot er det ein stor overrasking når vi ser at Canada ligger på 3. Canada var kanskje ikkje så altfor aktive da det kom til bakkekrigen, men i krigen i lufta bidro Canada med å skyte ned mange fiendtlige fly.

 

Tyskland

Manfred von Richthofen

80

Frankrike

René P. Fonck

75

Canada

William A. Bishop

72

England

Edward C. Mannock

61

Sør-Afrika

Andrew Beauchame-Proctor

54

Australia

Robert A. Little

47

Irland

George E. H. McElroy

46

Skottland

John I. Gilmour

39

Belgia

Willy Coppens

37

Wales

Ira Jones

37

Øysterrike-Ungarn

Godwin Brumowski

35

Italia

Francesco Baracca

34

USA

Edward V. Rickenbacker

26

New Zealand

Keith L. Caldwell

25

Russland

Alexander A. Kozakov

20

India

Inndra Lal Roy

10

 

 

Eg har lest kanskje totalt 100 sider om krigen i lufta, alle engelske, og eg har synes dette har vært svært spennande. Gruppe 14s problemstilling lyder slik:

- Hvilke betyding hadde krigen i lufta for 1. verdskrig?

 

Mit svar på dette spørsmålet lyder slik:

I løpet dei fire åra har flyene hatt eit vanvittig høgt utviklingstempo. Frå trege og nærmast ubruklege luftfartøy til svært raske og lett å manøvrere drapsmaskinar. Denne utviklinga har lagt hele grunnlaget for flybruken under 2. verdskrig, men får at dette kunne skje har mange unge pilotliv gått tapt under disse fire åra. Eg vil si at krigen i lufta kanskje ikkje hadde ein dramatisk stor betyding for 1. verdskrig, men den hadde ein langt større betyding for den 2. verdskrig.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish