Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
MotorsykkelenSkriv ut Utskrift
Bidrag til påskekrimkonkurransen 2000.
Bokmål - NovelleForfatter: Anonym



Gudrun jobba på ein fiskefiletfabrikk.
Hennar jobb var å skjære ut innvolane av fisk.
Ho Gudrun hata denne jobben, men ho hadde aldri fått seg nokon utdanning.
Ho vart kasta ut av ungdomsskulen, fordi ho knakk armen på matte -læraren, etter ein feide.
Så no reinska ho fisk for Mack, fabrikkeigaren.
Han var en diger, bleikfeit mellomaldrande mann, som hadde kjøpt seg ein Harley Davidson motorsykkel for nokre veker sidan.
No høyrde Gudrun at han kan putrande.
Motorlyden stoppa, og ho høyrde tunge stampande steg.
Han kom nærmare og nærmare.
Så kjente ho Macks fleskete, sveitte arm på skuldra si.
"Ka farsken, har du berre reinska 30 kilo fisk i dag?" skreik han til ho.
Gudrun skvatt tel og svarte: "Eg er vel for fanken ikkje ein robot!"
Ho stod med ein sylskarp kniv i den eine handa og ein torsk i den andre. "Nei Gudrun, no er det nok! Du er oppsagt!" Han var arg no.
Gudrun fekk sjokk, ho visste at ho aldri ville greie seg utan denne jobben. Ho snudde seg og så på Mack.
Han såg ut som ein diger steinbit der han stod.
Så ho stakk kniven rett inn i navlen hans, tok tak og drog den oppetter.
Ho kunne sjå magesekken hans, den sprakk og innhaldet rann utover golvet. Han datt bakover.
Ho skjøna med eitt kva ho hadde gjort. Neste skift med arbeidarar kom til fabrikken om tre timar.
Så ho tok nykelen til Mack sin Harley og drog avgarde. Det einaste ho tenkte på var å koma seg bort og slik unngå å komma i fengsel. Fyrst heim å pakke nokre klede i ein liten bag. Ho kjøyrde så mot motorvegen som gjekk til Oslo og vidare sørover.
På motorvegen gav ho full gass, Harleyen suste avstad i rundt 150 km/t. Dette gav ho ei enorm fridomskjensle.
Ho hadde berre køyrd moped tidlegare.
Det var godt vær og varmt, så ho frøs ikkje.
Om morgonen kom ho fram til Oslo.
Harlyen var nesten bensintom no, så ho drog inn på ein bensinstasjon.
Ho tok med ein avis og gjekk inn for å betale, men til hennar forundring stod det ikkje noko om mordet i avisa.


Inne på bensinstasjonen hang det ein tv ned frå taket.
Gudrun høyrde på medan ho sto i kø.
"Ein eigar av ein fiskefilet- fabrikk har vorte drepen i Nordland, politiet mistenkjer ein av hans tilsette, og har sat ut kontroll på flyplassar, og ved grenseovergangane" sa ein nyheitsopplesar frå Tv2.
"Farsken, eg må vel køyre gjennom skogen for å komme meg ut av landet no", tenkte ho Gudrun.
Og slik vart det. Ho drog til Arvika fyrst, så tok ho ein skogsveg over til Sverige. Då ho var like over grensa, begynte motorsykkelen å protestera. Den smalt og det kom ut svart røyk, så stoppa den.
Gudrun såg seg rundt, ho var på ein rett strekning, og det var lenge sidan ho hadde møtt bilar.
Ho gjekk av Harlyen og begynte å trille han.
Han var tung og vond å trille, men etter nokre timar , kom ho til ein bensinstasjon.
Gudrun tok sjansen på at ho ikkje var etterlyst her, og gjekk inn.
"Kan du mække Harlyen min?" sa ho til svensken som hadde kome ut. "Ja, ja vi får titta på den då," han trilla Harleyen inn i ein garasje. Etter ei tid kom han ut og sa at det kom til å ta nokre dagar å få delar til reparasjonen, då både topplokket og forgassaren var øydelagd.
Gudrun sjekka inn på eit motell, medan ho venta.
Reparasjonane tok fire dagar.


Gudrun hadde tatt med seg 10000 kroner heiman frå, og ho rekna med at det ville halde til ho kam til Spania. Der hadde ho planlagd å få seg jobb. Men då mekanikaren kravde 20000 for reparasjonen på motor- sykkelen fekk ho Gudrun sjokk.
Hennar mordariske side blei på nytt vekt. Ho gjekk til ein jarnvare -forretning og kjøpte seg ein diger sløyekniv.
Så gjekk ho tilbake og drap mekanikaren.
Ho brukte same metode som ho hadde bruka på han Mack.
(Stakk kniven i navlen og skar oppetter mot brystet.)
Denne mordmetoden likte ho veldig godt.
Ho naut synet av innvolane som tøyt ut og blodet som rann.
Ho kvikna til no, og henta pengane frå safen til mekanikaren. Safen inneheldt kr 60000,- , Gudrun tok alt.

Så drog ho vidare mot Spania.
Etter ei tid, kom ho til Trelleborg, derifrå går det fergje over til Travemûnde i Tyskland.
Men den kunne ho ikkje ta. Der var det passkontroll, og då ville ho verta arrestert. Løysninga blei å bestikke ein lokal fiskar.


Han tok Gudrun og motorsykkelen til Travemûnde for kr 10000,-
Da ho kom til Travemûnde la ho Harleyen på Autobahn.
Der var motorsykkelen i sitt rette element.
Motoren malte som ein mett katt og dekka blei varme og la seg som klister på asfalten. Det gjekk sjeldan under 150 km/t.


Harlyen hadde fått smaken på bensin no, så tanken måtte fyllas ofte.
Ho låg i 160 km/t no. Susa forbi dei andre bilane. Gudrun likte dette.
"Å drepa og å kjøre motorsykkel er visst min bane her i livet", tenkte ho.
Då hoppa plutseleg kjedet av, det rulla seg saman bak i drevet og blokkera bakhjulet.
Motorsykkelen bråstoppa og Gudrun blei kasta gjenom lufta.
Medan ho svevde tenkte ho: "det er vel Guds straffedom at eg skal døy no." Ho smalt ned i asfalten og brakk beina og ryggen.
Men ho døyde ikkje. Etter eit tid på tysk sjukehus blei ho sendt tilbake
til Noreg.


I Noreg blei ho varetektsfengsla.
Så blei det rettssak; den samla dommen for to drap og tjuveri blei livstid i fengsel.
Medan ho blei rulla ut av rettsalen bestemte ho seg, ho skulle ta sjølvmord.
"Farsken, ikkje kan eg køyra motorsykkel ikkje kan eg drepa, nei eg tar livet av meg først som sist."
Og slik vart det, fengselsvakta fann ho død neste morgon.
Ho hadde drukna seg i dassen på cella si.

Gudrun skvatt til.


Ho hadde sovna på jobben atter ein gong, nå låg ho med hovudet i ei bøtte med fisk. Ho reiste seg opp, og fortsette fiske reinsinga. Ho kasta eit blikk ut av vindauget. Der utanfor sto Harlyen parkert.
Så høyrde ho Macks tunge, stampane steg nærma seg...




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish