Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
ParadisetSkriv ut Utskrift
Nynorsk stil om Vietnamkrigen, sett fra perspektivet til en ung gutt.
Nynorsk - FortellingForfatter: Anonym



Den september - kvelden merka eg at foreldra mine såg veldig engstelege og redde ut. Det såg ut som om dei venta på noko som skulle skje. Noko hjartelaust eller ekkelt. Dette hadde eg aldri sett før. Dei ville ikkje fortelje meg kva som var i vegen, men det var tydeleg at noko var gale. Begge vandra fram og tilbake i stova utan å seie eit ord. Åtferda deira gjorde meg redd. Hadde eg berre fått vite kva det var, ja, så kunne eg kanskje tatt det litt meir med ro, og kanskje fått meg litt meir søvn, for det var ikkje mykje eg sov den natta. Natta til 6. september, onkelen min sin bursdag.

 

Han blir 50 år. Kanskje det var det mor mi og far min var engstelege for. Kanskje dei ikkje hadde greidd å skaffe han ei gåve som ein så snill onkel fortener? Eg slo meg til ro med den teorien, og etterkvart sovna eg. Men det var ikkje mykje søvn eg fekk før eg vakna av eit kraftig smell, ikkje så langt frå heimen vår. Eg skunda meg fram til eit av dei to vindauga, for å sjå kva som hende. Det var ikkje mykje eg fekk sett før eit nytt smell kom. Denne gongen smalt det i nabohuset, og eg vart kasta mot veggen som ein tennisball. Hovudet mitt trefte veggen hardt, og det rann blod nedover andletet mitt.

 

Det gjorde frykteleg vondt, og eg kunne kjende dei vonde harde smertene igjen. De same smertene som to år sidan, da franskmennene invaderte oss. Eg klarte å halde tårene tilbake. Det hadde far min fortalt meg fleire gonger, at ein gut på 12 år ikkje skal drive med slikt. "Grining er for jenter", pleidde han si.

 

Etter ein kort kvilepause sprang eg inn i stova for å sjå korleis foreldra mine hadde det. Men til mitt store vonbrot fann eg dei ikkje. Korkje i stova eller andre stader i huset. Dei var borte! Eg gjekk ut, og der oppdaga eg alle mennene som stod med digre grøne frakkar. Det var soldatar, det visste eg. Men det var noko spesielt med desse soldatane. Dei var ikkje frå Vietnam som alle oss andre her i landsbyen. Eg såg at den eine soldaten hadde eit lite flagg på det høgre buksebeinet. Eg gjekk nærare for å sjå det tydeleg. Augo mine var svake, og briller var for dyrt. Då eg kom nære nok såg eg flagget. Det var eit flagg med kvite og raude stripar, og med mange kvite stjerner på ein blå himmel. Då skjøna eg kva flagg det var. Eg vart livredd. Det var det amerikanske flagget, "krigsflagget" som far min hadde advart med for.

 

Eg stod framleis ikring alle dei amerikanske soldatane. Frykta for å bli drepen gjorde meg heilt stiv. Plutseleg kjende eg ein arm ta hardt rundt livet mitt. Eg vart lyfta bort av noko eg trudde var ein vietnamesisk soldat. Men det skulle vise seg å vere feil. Eg oppdaga nemleg flagget. "Krigsflagget" var der igjen. Det var ikkje stort, men det var nok for at mine svake auge kunne sjå det. Eit lite flagg på innsida av den høgre hansken, som heldt eit godt tak rundt meg.

 

I den andre handa heldt han eit anna vietnamesisk barn. Ei jente. Ho verka like redd som meg. Den amerikanske soldaten såg ut som ein tobarnsmor som nettopp hadde henta barna frå barnehagen. Men dette var ingen barnehage. Dette var krig!! Han kasta oss inn i ein stor, grøn bil, med eit kjempe - stort bagasjerom. Eg oppdaga at det var fullt av andre vietnamesiske barn der saman med meg.

 

Det var heilt stille. Ingen torde å seie noko. Den einaste lyden vi høyrde var hjula på bilen som rasla i grusen, lyden frå motoren, og nokre skot frå utsida. Bilen stoppa ikkje før det hadde gått om lag ein time. Bagasjerommet blei sakte opna, og vi høyrde fleire røyster snakke. Då vi steig ut frå bagasjerommet, såg eg eit stort brunt hus med fleire etasjar. Huset var gamalt og hadde fleire sprekte vindauge.

 

Bak fjella skimta eg byen der eg vaks opp. No var eg komen langt bort frå heimstaden min og stod føre eit falleferdig hus som likna eit fengsel. Kanskje det var nettopp det huset var. Eit fengsel.

 

Vi vart verande i det fengselet i heile tre lange år, før krigen endeleg tok slutt. No har eg nettopp fylt 16, men 17 kjem eg aldri til å bli. Legene fortalde at eg hadde fått kreft i lungene, og at den hadde spreidd seg til skjellettet. Det betydde det same som døden for meg, det finnes ingenting ein lege kan gjere når kreften har spreidd seg så langt. No ligg eg her å venter, venter på å få døy.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish