Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Hjarteklapp" av Hilde K. KvalvaagSkriv ut Utskrift

God anmeldelse av ungdomsromanen "Hjarteklapp" av Hilde K. Kvalvaag.

Karakter: 5+ (9. klasse)

Nynorsk - Anmeldelse (bok, film...)Forfatter: Anonym
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Handlingsreferat

Eg filmar meg sjølv, kanskje blir det siste gongen. Eg legg meg under dyna, passar på å legge håret fint utover puta, armane oppå blomstrete dynetrekk. Så lukkar eg auga og læst som eg er død.

 

Tretten år gamle Ingvild bur i Oslo. Systera døydde for lenge sia, og Ingvild er sikker på at bi-lyden på hjarta forteljar at ho snart vil hamne i grava ved sidan av. Ho kjem i alle fall til å døy om ho ikkje blir saman med Aksel… Medan ho ventar filmar ho seg sjølv. Ho filmar seg sjølv så det skal finnast eit minne etter henne om ho døyr.

 

Når Ingvild skal byrja på skulen i år, bestemmer ho seg for å bli den nye og betre Ingvild. Ingen skal lenger syns synd på ho, og ingen skal få vite kor myke ho saknar ein litlesyster. Dette målet blir vanskelegare enn ho trudde når besteveninna, Maria, får ei. Nå sprer også frykta seg for at Maria ikkje lenger ska ha tid til ho.

 

På skulen får det i oppgåva å filma familien sin. Ingvild må grave dypt for å finne ut kem familien eigentleg er, og dette fungerer som ein rød tråd gjennon heile boka.

<bilde>

Logg inn for å se bildet


<bilde>

Logg inn for å se bildet
Motiv og tema

Ingvild ventar på mobilmeldingar.

Ingvild lakkar neglene med turkis neglelakk.

Ingvild lengtar etter litlesøstera ho aldri ble kjent med.

Ingvild drømmer om den gongen ho dansa tett med Aksel.

Ingvild trur ho skal døy.

 

Motivet i boka er ei forelska 13 år gamal jente i Oslo. Det er haust, og ho skal byrja i 8. klasse.

 

Temaet i boka er hovudsakelig om ein tenårings ville forelsking og alt det fører med seg. Ingvild er som de fleste tenåringane der ho støyter på utfordring etter utfordring på vei mot sitt store mål; drøymeguten.

 

Andre mindre sentrale temaer i boka er, sjalusi, redsel, død, sakn, og pubertet.

 

Forfattaren setter i denne boka ein ny meining på setninga ”eg kommer til å døy viss eg ikkje bler samen med ham”, for Ingvild trur faktisk ho skal døy, og ho meinar bi-lyden i hjarta bler sterkare når Aksel ikkje har snakka med ho på ein stund.

 

 

Eg er så gla for at det vart ei jente, så gjad at eg konne spy; eg er ikkje glad, eg har lyst til å kaste opp. Så gøy, seier eg, så utruleg gøy at det vart ei jente. Eg lyg og verker i smilet i munnvekene. Og eg veit eg burde skamme meg. Men kva med meg? Det er eg som treng ei søster. Eg likar ikkje denne røynda.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Hovudpersonen

Eg er klar. Eg har stretchbukse med kort liv og den turkise genseren med korte armar. Eg har nye, kvite joggesko. Eg har greidd det lange lyse håret mitt minst hundre gongar og tatt på to lag med antiklump maskara. Leppane mine er bleikrosa. Eg har sendt fem tekstmeldingar til Maria……Det pip i mobilen min. ”Musefletter?” står det. ” Utslått”, skriv eg tilbake, og enda så fint vêr det er, tenker eg medan eg greier håret at snart skal eg døy. Snart har eg ikkje fleire hjarteslag igjen.

 

Ytre skildring

Ingvild Halvorsen er tretten år og brukar trettisju i sko. Ho kan halde pusten under vatn i eitt minutt og sytten sekund, hjartet har ein ekstra bi-lyd, og ho veit godt kva mote er. Ingvild har langt ljost hår, blå auge, og er middels høg. Anti-klump maskara (som likevel klumpar seg) er dagligkost, og ho har ein pupp som er større enn den andre.

 

Indre skildring

Ingvild er einebarn, og mistrivast med dette. Systera døydde når ho var liten, og ho er overbevist over at snart vil ho gå same veia. Det at ho er i tenåra, gir ho store svigingar i humøret, og det hender ofte at ho trekkjer seg opp i et hjørne og synest synd på seg sjølve. Ho trives aleine kor ho kan la tankane fly, men venene er utrolig viktige for henne. Saman med dei, er ho i sitt beste og ho kan snakka om alt.

 

Ingvild er som tenåringar flest. Mobilmeldingar, merkeklede, hår og sminke tek opp mykje tid, og ho er misnøgd med foreldras oppføring og kldevanar. Det er veldig viktig korleis andre ser på ho, og korleis ho lykkast i å få andre sin aksept. Ingvild håpar anti-klump maskara, BH med fyll, og dei rette toppene skal hjelpe ho med dette. Særlig vil ho ha åtgaumen til ein gut kalla Aksel.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Maria sin arm i min. Ho har fine små hender, lys rosa neglelakk. Eg har turkise negler som passar til genseren. Eg turkise negler som passar til genseren, eg kjenner det i fingertuppane at eg ikkje er heilt sikker – skulle eg heller ha valt rosa? Med turkis seg eg ut som om eg trur eg er noko. Kanskje eg trur det?

 

 

Forteljarmåte og synsvinkel

Brått er han der. Aleine. Luggen framfor augene før han kastar den vekk. Grå jakke, svarte bukser, raud genser – eg fotograferer han med blikket og legg biletene i Aksel-skuffa i hovudet mitt. Han ser seg rundt, så ser han meg og smiler, kjem bortover, eg er tørr i munnen endå eg har drukke nesten ein halv liter cola.

-

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Hei, Ingvild. ”Hei Ingvild”, han sa namnet mitt (jippi).

- Å hei, er du aleine, seier eg (teit sakt, kvifor sa eg det?)

- Kan eg sette meg?

- Ja, berre set deg her om du vil (herregud, superteit ting å seie, som om eg var ein gammal tante på seksti).

 

Forteljaren i boka er Ingvilds sjølv, og synsvinkelen er hennar eigen. Det hender at ho utfyller med personlige munnlige kommentarar, nokre som gjer heile måten å fortelja på meir sannsynlig, og gjer forfattaren muligskapen til å gje oss eit nærbilete av Ingvilds kompliserte følingsliv utan å overtolke. Dette kan også være litt forvirrande, der det er for mykje av det, for då mistar eg litt tråden. Ingvild er allévitande forteljar, og forteljar heile tida sjølv. Virkemidlar i teksten er mykje skildringar.

 

Eg har sendt fem tekstmeldingar til Maria. Til det lilla rommet hennar der ho sitt og flettar lange musefletter. Varm luft smyg seg opp under genseren og kitlar meg på magen. Det pip i mobilen min.


 

Min meining

Hjarteklapp er ein bok om ei tenåringsjente og livet rundt det. Eg synes det er ein realistisk og god skildra bok. Skildringane om venskap, forelskelse, sjalusi, redsel, død og puberteten er truverdige, med god innleving, og ein dråpe humor.

 

Eg smiler og seier ”åh, er ho ikkje søt”, endå eg ikkje har lyst, men eg vil gjerne vere grei med Maria. Eigentlig tenker eg berre ”kvar er Aksel, kvar i helsike er han?” medan vi ser og ser på den litle lyseraude babyen med gjenklistra auge som, - om ein skal vere ærlig, - seg ut som ho kjem rett frå ein boksekamp. Men ho er i alle fall levande. Og eg seie ingenting om at eg skulle ønske det låg eit slikt bilete i mi lommebok. Det ville vere døden å seie noko sånt, det ville bety STAKKARS INGVILD, STAKKAR, STAKKAR, STAKKAR. DET ER NOKO FEIL MED DEG!

 

Ein god skildring om følingslivet til Ingvild, med tankar i alle retningar.

 

Det største problemet med hjarteklapp er at handlinga er så vanleg, så riktig, så oppbrukt, så … lite dristig. Det finnes allereie alt for mange bøker om sakna etter ein nærståande død. Og enda fleire om puberteten. Kva som skjer i boka er lite overraskande, og allereie etter 2. kapittel kunne eg gjette endinga.

 

Denne boka er ein ungdomsroman, og eg anbefalar det for jenter i alderen 12 – 15. Stor skrift og mange små kapitler gjer den lett å lese. Den er til ettertanke, men samtidig humoristisk, og de som leser denne boken kan forvente mange stundar med humor, sentimentalitet og glede.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish