Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Flukten frå kaklegardenSkriv ut Utskrift
Arne trives ikke så godt sammen med kona si.
Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



Arne heitte han og var femogtjue år gamal. Han pla lika stunda han hadde ved kjøkenbordet kvar morgon. Der kunne han sitje i fred og ha kontroll over heile garden medan han naut den svarte, sterke morgonkaffien sin som fekk det til å rive i halsen kvar gong han tok ein svelg. Han var bonde på storgarden Solbakken og hadde nok å stri med.

 

Om han ikkje hadde kjerring? Jo, han hadde vel det, men ho var mest ikkje til noko, den kjeftsmella. Når Arne tenkte over det, så hadde ho nok berre vorte skapt for å plage folk med dei usle kommentarane sine, og all den baksnakkinga heile bygda kjente ho for. Ja, for her visste alle kven alle var. Lom var ikkje akkurat kjent for å vere nokon stor plass. Nei, Arne treivst ikkje spesielt godt saman med kjerringa. Han hadde gitt opp håpet om at ho skulle falle ned i eit stort, svart holl som plutseleg dukka opp i golvet, så han slapp å sjå ho att meir. Eller at han skulle klare å rømme vekk frå ho i nokre dagar. Han hadde faktisk prøvd å rømme vekk frå ho ein gong før, men det vart ikkje heilt vellykka. Klokka hadde da vore seks på morgonen, og det var ein time til han eigentleg skulle ta fjøsstellet. Han hadde lura seg ut av senga, der han hadde lege ved sida av monsteret, og ut på trappa i berre underbuksa. Her er det inga tid å miste hadde han tenkt, og sprunge mot gjerdet mest som ein kalv som vart sleppt ut på beite om sommaren. Da han var framme ved gjerdet og skulle til å klatre over det og forlate huset med kjerringa som kunne prate med ein vegg i tallause timar utan stopp, vart han hengandes att i underbuksa. Da han hang fast der og kjempa det han kunne for å komme seg ut på vegen og springe som ein gal inn mot skogen, høyrde han at nokon ruska i dørklinka, og da han snudde ansiktet for å få bekrefta lydane, stod ho der. Auga var store, som ho akkurat hadde fått informasjon om noko nytt som hadde skjedd i bygda, som ho kunne forandre litt på og sende vidare til alle ho såg.

 

”Kvifor i alle dagar heng du der?” Hadde ho spurt med hysterisk stemme. ”Sjå til å kome deg inn att litt kvikt, før naboane får auge på deg!” Da han motvillig hadde klatra ned frå gjerdet, suste postmannen forbi på sykkelen sin, med blikket hengandes att på han som stod i hagen sin i berre underbuksa. Arne hadde sukka og labba bortover hagen, inn att til jævelskapen. Men han gav seg nok ikkje så lett. Denne kvinna var ikkje til å leve saman med eitt minutt til..  

 

Etter den vanlege morgonkaffien gjekk Arne bortover garden og inn i fjøset der hans kjære vener stod og venta på morgonstellet sitt. Arne fekk berre vera åleine og i fred når han var ute, så han var ute mest heile tida. Da kunne han samle tankane sine og gjere opp nye idear om korleis han skulle komme seg vekk frå kjerringa. Eg overdriv ikkje no, nei.. Magda, som kjerringa hans heitte, var faktisk så galen. Han skjønte ikkje kvifor han hadde sagt ”ja” til denne kjerringa i det heile. Kanskje hadde han vore full? Nei, han hadde vel kome i hug at han hadde drukke føre om det var tilfelle. Det heile var eit mysterium for Arne. Kanskje hadde ho dopa han? Kanskje det òg var grunnen til at han vakna med eit grøss som for gjennom heile han på bryllaupsnatta? Desse tankane hadde Arne tenkt mange gonger før, men aldri hadde han fått noko svar..

 

Da Arne var ferdig med fjøsstellet og han ikkje fann noko meir å sløse bort tida på, tusla han sakte mot huset. Da han gjekk inn inngangsdøra kom det ikkje som nokon overrasking på han at kjerringa sat inne i stova og fortalde alle rykta og forteljingane sine inn i eit rør. Sjølvsagt var ho i telefonen att. Ei kjerring av hennes sort kunne sjølvsagt ikkje sitja åleine inne i eit hus i Frisvoldskogen utan å ha kontakt med omverda. Nei, her måtte alle ting ut og alt måtte forteljast, viss ikkje kunne denne stakkars frua til Arne Solbakken risikere å bli sprengd i mange tusen bitar fordi ho ikkje fekk ut alt ho hadde på hjarte. Arne vart ståande og vurdere om han skulle koble frå telefonen og stenge kjerringa inne i kottet under trappa, men slo frå seg tankane da han høyrde at samtala til kjerringa vart avslutta. Det knirka i sofaen og tunge skritt gjekk over golvet i Arnes retning. ”Er det du, Arne?” ropte ho sjølv om det var ganske sjølvsagt. Ingen hadde vore på besøk hjå Solbakken sidan Knut Pedersen hadde tvinga med seg resten av familien på eit lite kaffibesøk, for fire år sidan. Knut var ein kollega av Arne og på grunn av felles interesser og godt kjentskap ville han derfor ha litt meir kontakt med han utanfor arbeidet òg. Men det betydde ikkje at han ville ha kontakt med kjerringa hans. Langt ifrå. Dette vesle kaffiselskapet hadde ikkje vore nokon positiv oppleving. Magda hadde som vanleg lagt ut ”Siste nytt” og sjølvsagt, dum som ho var, hadde ho klart å klemt ut av seg noko som hadde fått kjerringa til Knut på gråten. Ho hadde fortalt om at rykta ville ha det til at Knut hadde ei på si. Og ho hadde lagt til at det ikkje var tull, for ho hadde nemleg høyrt det av venninna, Brit, og ho tulla aldri. Arne hadde berre sete der og sokke lenger og lenger ned i sofaen med ansiktet raud som ei tomat. Dette hadde enda med at kjerringa til Knut tydde til tårene, og det gjorde sjølvsagt dottera deira på seks år og, sidan mora gjorde det. Ho hadde sprunge heim att, pakka tinga sine og bedd Knut om skilsmisse. Sidan dette hadde ingen vist seg på Solbakken. Nesten ikkje ein gong postmannen torde å legge posten i postkassa deira, av frykt for at kjerringa på Solbakken skulle komme springande og overfalle han med pratinga si. Magda elska å prate. Det kunne ho gjere heile tida, og det var nemlig det ho gjorde og…

 

Neste dag gjorde han det same att, og da han kom inn frå fjøset, ropte kjerringa på han frå stova. ”Det er telefon til deg. Kom og ta han her, men ta av deg på føtene! Eg har nemleg akkurat vaska golvet, og da vil eg ikkje at slike grisar som deg skal trakke over att…” Kjerringa var sannsynlegvis ikkje ferdig med pratinga si, men gav seg da Arne kom gåande og nappa røret ut av handa hennar. ”Ja, hallo!?” Hadde han sagt og gjort teikn til at kjerringa kunne finne ein annan plass og gjere av seg. I andre enden hadde han prata med Knut frå arbeidet, som ville informere han om ein klassefest som skulle finne stad neste helg i samfunnshuset i Lom. Knut hadde vore ein god venn av Arne da dei var mindre, men mykje av kontakten hadde nå vorte kutta på grunn av kjeftesmella til Arne. Han kunne ikkje vente til neste helg. Det skulle bli så godt å komme seg ut av huset ei stund, vekk frå kaklinga til kjerringa som resulterte til at han hadde hovudpine tjuefire timar i døgnet. Da samtala hadde vorte avslutta og Arne hadde lagt frå seg røret, kom kjerringa stupandes ut i stova. ”Kven var det? Kva ville han? Var det noko viktig?” Han hadde berre rista på hovudet, teke dagens avis og sett seg ned i sofaen med gode tankar og forventningar til neste helg..

 

Etter noko som Arne hadde oppfatta som nesten eit heilt år, hadde helga vore der. Festen skulle starte klokka sju og etter fjøsstellet hadde han gått inn i dusjen som var på sida av fjøset. Han pla dusje der når han hadde dårleg tid, for kjerringa skrudde alltid av varmvatnet og gjerne alt vatnet for å vere ondskapsfull om han dusja inne. Ho var rett og slett berre ein pest og plage.

 

På festen hadde han møtt att mange kjende ansikt frå skulen og stemninga hadde vore god. Etter mykje god mat og drikke, spesielt drikka hadde det vorte mykje av, var det tid for dans. Alle stupte seg ut på golvet for å danse noko som skulle førestelle gamaldans, da ”Turtums” spelte opp til dans. Arne hadde fått eit glimt av Nora, barndomskjærleiken hans, da ho gjekk elegant over golvet etter dansen og bort til bordet der det sat nokon som måtte vere mannen hennar og eit par venninner. Knut kom sjanglande bort til Arne og tok han på skuldra. ”Kom med meg, kjære ven. Eg skal hjelpe deg ut av knipa du er i..” Hadde han sagt og drege han med seg, utan at orda som låg og flaut i lufta hadde gjeve Arne noko særleg meining. Da dei hadde kome ut på gangen, sette dei seg ned i trappa. ”Eg har tenkt på noko, Arne. Skal ikkje eg og du berre flytte frå denne jævla bygda og starte på nytt ein annan plass?” Arne kunne ikkje heilt skjønne at han hadde høyrt riktig, så han spurde ein gong til for å vere sikker. Han hadde visst høyrt rett. Han tenkte at no måtte kameraten vera ”steikja full”, sidan han kom på noko slikt. ”Kva med garden min da? Kva skulle eg liksom gjort med han? Selt han?” Knut hadde kome opp med det breiaste fliret og teke kameraten på skuldra enno ein gong. ”Du er ein tankelesar du, min ven!”

 

Ikkje kunne Arne forstå korleis kameraten hadde fått drege han med på noko slikt, men det var no det skulle skje. Endelig skulle han komme seg vekk frå kjerringa, slarvet og bygda. Det var på ein måte trist for han å forlate bygda og garden som han hadde vakse opp på, men om det var det som måtte til for å komme seg vekk frå ”huldra” gjorde han det med glede. Dessutan hadde han ikkje så særleg mykje til overs for slike småbygder. Alle visste kven alle var, alle prata om alle og ein kunne ikkje gjere ein ting utan at naboen snappa det opp og sende det vidare til nestemann. Dette var ikkje ein plass Arne ville bu resten av livet sitt..

 

Da dei hadde fått skyss heim til Arne for å hente tinga hans, møtte dei kjerringa i inngangen. ”Kva skjer her da?” Arne hadde ikkje ofra eit blikk på kjerringa ein gong, berre gått rett forbi ho og henta tinga sine som hadde lege i kofferten under senga sidan dei hadde flytta saman, og stunda på å kome vekk frå der like mykje som eigaren. Etter det hadde han berre lagt garden og kona etter seg, og reist til feriehuset til Knut i Sverige. Broren til Arne heldt dei oppdatert frå heimbygda. Kjerringa til Arne hadde flytta heim til mora si i Stavanger og garden hadde broren overteke. Dette var ei fantastisk oppleving for Arne, og han kunne ikkje skjønne kvifor han ikkje hadde gjort dette før. Han hadde takka kameraten tusen gonger og spurt korleis han kunne gjere noko til gjengjeld. Knut hadde berre skratta og sagt at så lenge han ville fortsetje å vere kameraten hans, skulle dei vere vener til døden skilte dei…




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish