Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
SkulesamfunnetSkriv ut Utskrift
Handler om det som skjer i skulemiljøet.
Nynorsk - EssayForfatter: Anonym



Eg har valt å skrive ein essay om skulesamfunnet sånn at eg kan få ein oversikt om korleis skulesamfunnet i ungdomsskulen og elevane er her i Noreg. Eg har søkt litt på internett og funne litt informasjon, men eg har skreve det meste frå det eg veit om skulesamfunnet, og  for at eg sjølv er ein del av det. Eg har tatt for meg litt av kvart, ikkje berre det som skjer innan for skulen. Men også litt om skulepolitikk og skuleøkonomi

 

I skulesamfunnet er mobbing eit stort problem, me høyrer stadig om det i nyheitene på tv, og i klasserommet frå lærarane. Det er mykje mobbing blant born og unge gjennom mobiltelefon og internet. Mobbing via sms (tekstmelding) eller Chat på Internettet er blitt svært vanleg blant ungdom. Det fins heimesider på internett som er oppretta spesielt for mobbing og terging mot enkeltpersonar. Personar som har vanskeleg for å få venner eller har det vanskeleg heime, på skulen eller i fritida søker trøyst på Chat på Internettet. Der kan dei snakke anonymt med folk dei ikkje kjenner.

 

I dei siste to åra har bort imot alle elevane på ungdomsskulane fått mobil. Mobbing som føregår via mobiltelefon føregår i det skjulte, og er difor veldig vanskeleg å oppdage visst ikkje offeret sjølv seier ifrå. Når det føregår mobbing er det alltid ein plagar og eit offer. Den som plager gjer det for å vare tøff å vise seg for andre som ser på. Når han/ho plagar ein som er svakare enn han/ho føler han/ho seg sterk og tøff og då aukar sjølvtilliten til plagaren. Men offeret føler seg svak og pinglete når han/ho blir plaga, i hvert fall visst det gjentar seg.

 

Gutar er ofte meir fysiske og direkte enn jenter, medan jentene mobbar med utestenging og baksnakking. Det er like gale som det gutane gjer. Gutar er meir utsett for å bli mobba enn jenter.

 

Mobbing er gale sjølv om det er for og hevna seg på nokon. Mobbing i grupper er noko av det verste. Når fleire går på ein har ikkje offeret ein sjanse til å forsvare seg, då blir offeret liten og ynkelig og visst dette gjentar seg hender det at offeret ikkje vil gå på skulen eller andre stader der det er andre folk. Sjølvtilliten til offeret vert mindre og mindre for kvar gong. Etter det eg trur, så vil mobbinga halde på lenge og kanskje bli endå verre enn den er no.

 

Blant 36 land ligg norske elever på botn når det gjeller disiplin og bråk i klasserommet. Ingen land bortsett frå Hellas, har større problem med disiplin og uro enn Noreg. Samanligningen baserer seg på svar frå 4000 norske ungdomsskuleelevar ved 180 skuler. Borna her i Noreg blir ikkje lært opp heime at dei skal ha respekt for foreldra og lærarane. Foreldra er ikkje strenge nokk. Og då blir læraren sin rolle mykje mindre og ubetydeleg. Bråk fører til lite jobbing og då er det ingen som lærer noko. Ikkje alle er innblanda i uroa, nokon prøver faktisk å jobbe, men blir forstyrra av bråket. Enkelte er så vant med bråk at dei rett og slett berre lukker øyrene mens dei jobbar, men då høyrer dei heller ikkje kva læraren sei, (det er kanskje like greitt).

 

Kanskje timane rett og slett er for kjedelig. Ungdom liker litt fart og spenning, å sitja rett opp og ned på ein stol i klasserommet er ikkje noko gøy. Hadde det gått an å lære matte mens ein spelar fotball, så hadde nok Noreg vert blant dei fem beste i verda i matte og naturfag. Så er jo me norske elever så dårlig på skulen at det er jo ein skam, men det ser jo ikkje ut til at me elever bryr seg så veldig om det. Kanskje foreldra og lærarane gjer så altfor mykje ut av det? Det er jo ikkje krise, er det vel? Eller kanskje lærarane og foreldre berre vil det beste for oss…?

Det er ca. 60 000 elevar i kvart klasse trinn til saman 120 000 elevar på ein ungdomsskule i Noreg. I fjor blei kvar klasse delt i to og blei storgrupper. No har me ikkje ein klassestyrar, men to klassekontaktar, ein til kvar gruppe. Dette er ein av Kristin Clemet sin ”gode idear”. Ho vil også ha fleire naturfag og matte timer, og sjølvsagt vil ho at skulane skal bruke minst mulig pengar. Kristin Clemmet vil spare pengar mens skulane heldt på å ramle frå kvarandre fordi dei ikkje har pengar til vedlikehald. Elevar får fri på grunn av helsefarlege skuler, det kan rett og slett vere farlig å ha undervisning.

 

Spesielt er praktiske fag tatt til side, det er dei faga som får minst pengar. I enkelte skular må ei heil storgruppe ha for eks. sløyd i eit lite rom med lite utstyr. Det er dei praktiske faga me elevar liker best, og det er dei faga som forsvinn meir og meir. Er det rart me elever ikkje er blide? Elever må dele på bøker fordi skulen ikkje har råd til nokk bøker til alle elevane. Kristin Clemet burde gå av! Ho er ikkje heilt god.

 

Kvifor skal politikarane begynne å snakke om at me elever er så dårlig i matte og naturfag, på grunn av for mykje bråk? Det problemet har me hatt lenge, kvifor har dei ikkje gjort noko med det før? Kvifor akkurat no? Skuler sliter med for lite pengar, men me er jo ikkje eit fattig land, pengar burde ikkje vere eit problem. Me må klandre lærarane litt og, det er ikkje alle lærarar som taklar at elevane bråker, nokon skular har ikkje nok lærarar og då får dei inn ukvalifiserte vikarar.

 

Så har me dødsbølgen Tsunami som tok Asia med eit brak. Den drap over 170 000 og talet stig. Det blir meldt fleire og fleire døde for kvar dag. Denne katastrofen har prega norske skuler rundt om i heile landet. Det står tomme pultar i klasseromma. Lærarane samla seg for å diskutera om korleis dei skal oppføre seg ovanfor elevane, og spesielt for dei som har mista foreldre.

 

Men katastrofen har prega omtrent alle om dei har mista nokon eller ikkje. Det er vanskeleg for alle å forstå at noko så fælt har skjedd. Nokon elevar bryr seg ikkje litt ein gong, men det er kanskje fordi at dei ikkje skjønner kor alvorleg det eigentleg er. Mange syns ekstra synd på offera for flodbølgja fordi at dei sjølv har mista nokon dei er glad i. Så visst ein tenker på korleis dei har det dei som har mista både foreldre og alt dei eig så føler ein seg heldig og glad for at ein har det så bra.

 

Då jordskjelvet som lagde bølgja slo ut flytta Australia seg. Elever i barneskulen og ungdomsskulen har hjelpt til så godt dei kunne med å samle inn pengar til hjelpeorganisasjonar som Røde Kors og Redd Barna. Det er bra at så mange har gjort det dei kan for å hjelpe. Det beviser i hvertfall at norske elever kan gjere noko bra visst dei berre vil, når det gjeller så er norske elever der med ein gong.

 

”Elever i Noreg har ikkje noko mindre intelligens enn elevar i andre land. Det er berre det at me har mykje mindre disiplin, og i andre land har dei mykje strengare lærarar. For eks. foreldra til dei afrikanske barna har ikkje så god råd, så når borna deira fyrst skal gå på skule så skal det ikkje vere noko tull, då skall dei sitte rett opp og ned å vere stille å følgje med.”

 

”me er ikkje så dum som me ser ut til”

 

”Dei so sei da e` da sjøl”




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish