Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Englandsturen

Englandsturen

Foreldrene satte en stopper for Englandsturen.

Sjanger
Leserinnlegg
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
03.05.2005


I heile 9. trinnet vart det ein diskusjon om at me elevar, skulle få reisa på englandstur i slutten av 10. skuleår. Det vart planlagt og diskutert mellom lærarar og elevar. Både lærarane og elevane vart einege om at dette var ein god ide, og at me burde få reisa på denne turen. Men fyrst måtte lærarane kalla inn til foreldremøte, dei måtte høyra deira meiningar om denne turen. Det er jo tross alt deira ungdommar som skal bli sende av garde til England.

 

Det møtte ikkje opp så mange foreldre, berre 38 personar klarde å streva seg opp til ungdomsskulen, denne torsdagen. På møtet gjekk dei igjennom skulen si offisielle handling til skuleturar. Og ein foreldrerepresentant frå 10. klasse gjekk igjennom sine erfaringar med å organisera og finansiera Englandsturen som 10. – elvane reiser på i år. På foreldre møta i klasserommet diskuterte dei:

- Englandstur for heile trinnet

- Alternative turar med mindre omfang for kvar storgruppe


- Generelt om tur i 10.

 

Etterpå samla lærarane seg for å oppsumera konklusjonen i kvar Storgruppe. I tre av storgruppene vart det fleirtal for englandstur, medan det vart fleirtal for alternativ tur i to av storgruppene. Resultatet blei at 50 % av foreldra på møtet var for Englandstur, medan 50 % vil ha ein annan tur eller avslutning. Det må vera minst 90 % for om å arrangera tur for at turen skal kunna bli noko av. Sidan det ikkje blei 90 % blir det altså ikkje nokon englandstur, til manges fortvilelse.

 

Mange foreldre sei nei til Englandsturen, fordi at dei meiner at ungen deira ikkje treng å vera med på ein slik tur. Dei sei at dei reiser på så mange fine turar med familien at ein slik tur er berre tull. Men det er ikkje alle som har muligheita til å reise på ein skikkelig tur, det er mange som ikkje har vore lengre enn til Sverige på ferie. Og så er eg sikker på at alle ungdommar har heller lyst til å reise på tur med klassekameratane enn med foreldra. Det virke også mykje meir spennande å bu hos ein engelsk framand familie. Då får ein brukt engelsken meir munnleg og ein lærar meir engelsk berre på ei veke. Å bu hos ein engelsk familie er sikkert ikkje enkelt i byrjinga, men eg er sikker på at det går betre etter kvart. Ein må jo snakke engelsk under frukosten, middagen… osv. Me hadde fått opplevd masse på denne turen. Blant anna berre på båten hadde me fått ein bra oppleving. Berre tenk på alt som er på den båten, barar, symjebasseng

 

Prisen på denne ture ville blitt på 3085 kr + lommepengar pr. person. Det er eigentleg ikkje så gale, det er ikkje lett å finne gode og fine turar for så lite pengar.

 

Me skulle ha tatt båten Color Line frå Bergen til Newcastle, og så skulle me tatt buss til Scarborough. Men noko som hadde vore gøy det er at på vegen skulle me ta eit stopp på den plassen der dei spelar inn ”med hjarta på rette staden”, serien som går på nrk 1 om laurdagane. Scarborough er den …………..me skulle ha budd på/i . Det hadde vore gøy å få sjå korleis det såg ut der, det er sikkert veldig fint. Englandstur var god ide, fordi at vi da hadde fått brukt engelsken mykje meir og så hadde me fått nokon fantastiske opplevingar. Det er ein vikinglandsby i York som me skulle ha besøkt, og båttur og førnøyelseparkar.

 

Eg synast det er skikkeleg dumt av foreldra å øydeleggje ein slik opplevingstur for oss. Ein blir så skuffa når ein har gleda seg så masse å så lenge. Det var nok mange sure ansikt når beskjeden om at det ikkje blei nokon tur vart sleppt laus.

 

Men sånn blei det berre. Me får håpe at me får ein annan tur eingong, men eg tvilar på at det kjem til å bli like gøy som englandsturen hadde blitt. Eg kan skrive mykje meir om kor sur og skuffa eg er, men eg trur eg gjer meg no.

 

Slutt

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil