Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Fagorganisasjonane LO og NHOSkriv ut Utskrift
Litt om NHO og LO. Tariffoppgjeret. Oppgåver, historie og utvikling.
Nynorsk - TemaoppgaveForfatter: Anonym



Innleiing

I media høyrer ein stadig om LO og NHO. I denne oppgåva ønskjer me å finna ut kva som skjuler seg bak desse symbola. I samfunnsfaget har me tidlegare lært ein del om fagforeiningar, og om ikkje lenge skal me sjølve ut i arbeidslivet. Me kan like fort bli arbeidsgjevarar som arbeidstakarar. I denne samanhengen har me eit høve til å bli nærmare kjend med desse organisasjonane utan å ha valt side, ein nøytral posisjon. Først vil me kort sjå litt på oppbygning, oppgåver og historikk til Næringslivets hovudorganisasjon og Landsorganisasjonen. Der etter eit kort møte med tidlegare disponent på Kleppe Møbelfabrikk, Dagny Sandven. Til slutt vil me nemne nokre ord om ”årets tariffoppgjer” og kva me lærte, altså ein konklusjon.

 

Næringslivets Hovedorganisasjon

  • NHO er den største interesseorganisasjonen for verksemder i Norge. Her står arbeidsgjevarane sine interesser i fokus. Om lag 16000 handverks-, industri- og servicebedrifter er medlemmer i NHO. Små og mellomstore bedrifter utgjer fleirtalet, (SMB). Desse verksemdene sysselset om lag 450000 arbeidarar. Dei ulike næringsgreinene i NHO står for 40% av den økonomiske verdiskapinga i det private næringslivet i Noreg.
  • Denne arbeidsgjevarorganisasjonen skal arbeide for at medlemma får gode arbeidsvilkår og utviklingsmuligheiter som styrker konkurranseevna og lønsemda i næringslivet. Sett i eit økonomisk perspektiv vert det då skapt grunnlag for ein god leve- og livsstandard for bedriftene i eit moderne samfunn.
  • NHO held til på Majorstova i Oslo, og 15 regionforeiningar dekkjer alle fylka i landet. Alle verksemdene er vidare organisert i ulike bransjeforeiningar.
  • NHO tar opp saker som medlemsbedriftene er opptatt av, til dømes lønnsnivå, og som ein kan høyra om i nyhendene; sjukefråværet og pensjon. Når verksemdene står saman i saker, gjev dette tyngde og makt.
  • NHO tek seg av hovudlinjene i lønnsforhandlingane for dei fleste arbeidsgjevarane i produksjonsbedrifter. Landsorganisasjonen (LO) presenterer mange arbeidstakarar.
  • Finn Bergesen jr. er for tida leiar i NHO.

Dette arbeider NHO for:

  • å sikre ein lønns- og prisvekst som ikkje er høgare enn i andre land dei handlar med
  • meir fleksible og betre arbeidslivsordningar
  • å auke politikarane sine kunnskapar om kvardagen i små bedrifter
  • ein konkurransedyktig skatte- og avgiftspolitikk
  • internasjonale avtaler til det beste for norske bedrifter
  • å få fleire kvinner inn på alle nivå i næringslivet
  • eit effektivt utdanningssystem
  • betre kontakt mellom skulane og det lokale næringsliv
  • ein konkurransedyktig offentleg sektor
  • auka satsing på helse, miljø, sikkerheit og eit redusert sjukefråveret (Intensjonsavtalen om eit inkluderande arbeidsliv. IA-avtalen)
  • redusert belastning av offentleg skjemabyråkrati
  • reduserte transportkostnader for næringslivet og auka satsing på infrastruktur

Kjelder: www.nho.no

 

Historie

  • Som tidlegare nemnt er Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO) den største arbeidsgjevarorganisasjon i Noreg. 1. januar 1989 blei denne organisasjonen stifta. Men NHO var ikkje den første av organisasjonen som kjempa for arbeidsgjevarane. Det var nemleg ei samanslåing av Norsk Arbeidsgivarforeining (N.A.F), Noregs Industriforbund (NI) og Noregs Handverkarforbund (NH). Norsk Arbeidsgjevarforeining var heilt fram til stiftinga av Næringsliveshovudorganisasjon den største av arbeidstakarorganisasjonane. N.A.F. har hatt hovudansvaret for arbeidargjevarfunksjonane, medan NH og NI har har arbeidd med næringspolitiske spørsmål. På denne måte tok dei hand om fleire saker samstundes. Det vart difor lettare for arbeidsgjevarar å slutte seg til organisasjonen når dei visste at dei verna om fleire saker.
  • NHO skulle engasjera seg på eit stort næringspolitisk område. Dei skulle òg ha ansvar for arbeidsgjevarspørsmål, ha kunnskap om eigenverksemd og utvikling og på denne måten fekk dei eit flott servicetilbod. Organisasjonen har heilt frå oppstarten i 1989 vore landsomfattande. Han bygde på bransjeorganisasjonar og landssamanslutningar og hadde bedrifter som medlemmer. Det blei også prioritert å byggja ut eit regionalt apparat for å tilby service også lokalt. NHO gav grunnlag for auka slagkraft utad, betre service til bedriftene og hindra dobbeltarbeid i dei ulike bransjeorganisasjonane. Ressursane vart no utnytta betre enn før.
  • Då NHO vart etablert, hadde dei om lag 9000 bedrifter som medlem, og desse bedriftene hadde heile 350000 arbeidstakarar. Dei om lag 150 bransjeorganisasjonane og landssamanslutningane frå N.A.F, NH og NI blei organisert i 29 landsforeiningar. Desse foreiningane har slått seg saman til færre, men sterkare einingar sidan oppstarten.

 

”NHO har vore ein god medspelar!”

Eg trør varsamt over dørstokken. Ei smilande dame tek imot meg med stor iver. Namnet hennar er Dagny Sandven, og ho har nyleg fylt 77 år. ”Sit deg ned her du”, seier ho samstundes som ho tek opp boka om Kleppe Møbelfabrikk as. ”Ja, kvar skal eg byrje”, seier ho medan ho ser seg rundt i rommet. ”Det var først i 1970-åra eg for fullt tok over drifta av fabrikken. Arbeidsgjevarorganisasjonane var nok ikkje det eg tenkte mest på då eg fyrst byrja. Men etterkvart som samfunnet utvikla seg og dei tilsette blei medlemmer i LO, tenkte eg det kunne vera lurt”, tilføyer Dagny medan ho ser undrande ut i lufta.

 

Kleppe Møbelfabrikk har nyleg feira 75 -årsjubileum. I oppstarten av fabrikken hadde dei 5 tilsette og i dag har den over 30 tilsette. Bedrifta har gått over tre generasjonar, og samfunnet har utvikla seg mykje desse 75 åra. Dagny fortel at den første arbeidsgjevarorganisasjonen bedrifta knytta seg til heitte ”Møbelindustriens arbeidsgiverforeining”. Då NHO vart oppretta i 1989, blei denne foreininga ein del av NHO.

 

Sidan eg først og fremst hadde kome for å spørje om NHO gjekk eg rett på sak: ” Kva fordelar har du hatt av å vera tilknytt ein arbeidsgjevarorganisasjon som NHO?”

” På mange måtar vil eg seie at du får ein tryggleik. Du veit at du alltid har nokon å spørje om råd og hjelp. Dessutan er sjansen for å bli utnytta eller overkjørt mykje mindre. På mange måtar vil eg sei at NHO opptrer som ein rådgjevar. Eg fekk tariffmessige opplysningar, og dei sendte alle lover og forandringar”. Ho tilføyer at Noreg er eit svært moderne og industrialisert samfunn. Før var det ikkje på langt nær så mange lover og forskrifter å halde orden på som det er i dag. På denne måten hjelper NHO oss til å passe på at ikkje noko vert gale.

 

”Ulemper?”, gjentar ho etter meg. Det er jo klart kostnadene. Å gå inn i ein slik organisasjon kostar jo pengar, men eg har aldri angra. For dei fleste arbeidsgivarar er det i dagens organisasjonssamfunn heilt naturleg å ha nokon å slutte seg til. Når ein tar omstendigheitene i ettersyn, har kostnadene aldri vore noko problem.

 

Vidare fortel ho at ho aldri har tronge å kontakta NHO i enkelt saker. Ho har gjennom heile hennar tid som disponent hatt eit svært bra forhold til dei tilsette. Ingen av arbeidarane som har arbeidd hjå på fabrikken har teke LO inn i forhandlingar. ” Eg meiner det er svært viktig å kunne snakke saman å løyse problem på eiga han, sjølv om me har både LO og NHO. Det er viss problema blir umoglege å løyse på eiga hand me må kontakte dei”, seier ho med ei alvorleg stemme.

 

Eg drikk opp kaffien, medan eg takkar for meg. Den opne og imøtekomande dama følgjer meg til døra. ”Men ein ting er sikkert; NHO har vore ein god medspelar i alle desse åra,” avsluttar ho det heile med i det eg forlet huset hennar, med litt meir kjennskap til NHO i hovudet.

 

 

Landsorganisasjonen

  • LO er den største organisasjonen for arbeidstakarar i Noreg, om lag 850000 medlemmer har organisert seg i ulike fagforbund.
  • 50% er kvinner, og i enkelte forbund utgjer kvinnene ca. 80 % av medlemmene.
  • 25 fagforbund høyrer til i LO-familien. Medlemstala varierer frå under tusen til 300000 medlemmer. I dei siste åra har fleire og fleire fagforbund slått seg saman for å få større slagkraft og yte betre teneste for medlemmene.
  • Der det finst LO-medlemmer på arbeidsplassar, finst det nokon som tar seg av det faglege arbeidet, og dei fungerer som dei organiserte sitt talerøyr overfor arbeidsgivarane. Dei tillitsvalde finn ein i små lokale samfunn og i store hjørnesteinsbedrifter. Dei diskuterer lokal lønn, arbeidsforhold, sosiale tiltak og liknande med arbeidsgjevaren. Me har om lag 40000 tillitsvalde. Alle organiserte har rett til å stille til val og velje sine eigne tillitsvalde. Fagrørsla i Noreg er demokratisk oppbygd, med frie val.
  • LO legg stor vekt på å gjera det atraktivt å vera fagorganisert. Medlemma blir sikra rettferdig lønns- og arbeidsvilkår gjennom tariffavtalane. Dei som er medlem i LO har blant anna gratis skuleringstilbod gjennom ”Arbeidernes Opplysningsforbund” (AOF).
  • LO-favør er eit fordelskonsept for medlemma. LO sine organ avgjer kva for nokre bransjar eller tenester/produkt som skal vera med i konseptet. Døme på dette er til dømes billigare forsikring, rimlegare overnatting i visse hotellkjeder og liknande.

Historie

  • LO blei stifta i 1899 med namnet Arbeidaranes faglige landsorganisasjon i Noreg (AFL). Organisasjonen blei stifta etter direkte initiativ frå ein skandinavisk arbeidarkongress i Stockholm 1897. Der blei det foreslått at alle foreiningar i LO obligatorisk skulle vera kollektivt tilslutta Arbeidarpartiet. Venstre hadde framleis stor popularitet blant arbeidarane, difor vart dette forkasta; men mange av fagforeiningane er frivillig tilslutta partiet.
  • LO fekk i starten berre tilslutning av om lag 1600 medlem i to forbund. Men frå 1905 til 1914 blei medlemstalet fire gonger så stort. Under leiing av Ole O. Lian blei organisasjonsapparatet både i LO og i forbunda sterkt utbygd med fastlønte tillitsmenn.
  • Arbeidarane samla inn store summar til streikekasse. LO utvikla seg til ei makt som både arbeidsgjevarar og politikarar stadig måtte ta med på råd når det galdt sosialpolitikk.
  • Dei fyrste landsdekkande tariffoppgjer vart gjennomført i 1907. Dette var for jern og malm industrien, og det same året braut den første store arbeidskonflikten innan papir industrien ut.
  • Under krigen blei LO delt i to. Ein fløy innanfor arbeidarrørsla ønskte at LO skulle drive aktiv politikk og gjerne vere med på å danne ei ny regjering til tross av den tyske okkupasjonen. Dette blei lynraskt avvist av sekretariatet.
  • I perioden frå 1930-1940 auka talet på medlemmer frå 139600 til 352000.
  • Situasjonen etter 1945 har endra seg drastisk samanlikna med mellomkrigstida. I etterkrigstida har oppgåvene stått i kø og det har vore full sysselsetjing og prisstigning. Arbeidsforholda har betra seg mykje og levestandaren har stige for alle grupper i samfunnet.

Felles tiltak innan Hovudorganisasjonane

NHO og LO har som felles mål å auka verdiskapinga ved hjelp av medverknad i bedriftene. Hovudorganisasjonane har, som før nemnt, i fleire år hatt samarbeidstiltak i form av felles prosjekt og meir eller mindre faste institusjonar for praktisk samarbeid.

 

 

Lønn og Tariff:

Tariffoppgjera sine viktigaste oppgåver er å sikre LO-medlemmene ein del av verdiskapinga i form av kjøpekraft og sosiale forbetringar og gje dette ein god og sikker fordelingsprofil. Dette må skje på ein slik måte at ein sikrar grunnlaget for å innfri fagrørsla si hovedprioritering i den sosiale utviklinga. Men samtidig lyt ein fremme tryggleik for arbeid og inntekt.

 

Eit tariffoppgjer er eit oppgjer mellom arbeidstakarorganisasjonar og arbeidsgjevarorganisasjonar, der dei forskjellige partane legg fram sine krav og ønskje på vegne av medlemmene sine. Dette kan til dømes vere lønnsforhandlingar og tilpassingsforhandlingar.

 

Tariffoppgjerdet 2005

Dette året gjekk tariffoppgjeret forholdsvis lett og raskt for seg. Partane kom til semje etter 5 forhandlingsmøte. Dette oppgjerdet er eit så kalla ”mellomoppgjer”. Her handlar det om mindre pengar og er eigentleg berre ei justering. Dei store linjene og kampane skjer i det så kalla ”hovudtariffoppgjerdet” som går føre seg annakvart år.

 

Dette blei vedtatt:

Lønn: Det blir gitt eit tillegg i løna på 1,00 kr. Dette blir gitt til alle arbeidstakarar på overenskomstar uten lokal forhandlingsrett og som har ei gjennomsnittsløn på under 87% av voksne. Alle minstesatsar, normallønnsatsar og personlege lønningar blir også forhøya.

 

Alle tillegg gjeld frå og med 1. april 2005. Men det blir ikkje foretatt omregning av overtidstillegg, skrifttillegg osv. for arbeid som er blitt utført etter dette vedtaket.

 

Lokale forhandlingar: Dei skal førast på basis av dei enkelte sine avgjerder, slik at tillegg skal gjevast på grunnlag av bedriftenes økonomi, produktivitet, konkurranseevne og framtidsutsikter.

 

Partene er også blitt samde om å setje fram eit utval som skal følge utviklinga i arbeidsmarknaden, og komme med framlegg som bidrar med å få eit seriøst arbeidsliv.

 

Tariffpolitiske forutsetningar: Partane forutset at den samla lønsauken som blir avtalt sentralt og lokalt skal vera normgjevande for både leiarar og alle andre arbeidstakarar i bedriftene.

 

I denne forhandlingsprosessen deltok leiarane bak LO og NHO, Gerd-Liv Valla og Finn Bergesen jr.

 

Tilsaman deltok 34 representantar frå LO og 30 representantar frå NHO.

 

 

Konklusjon

Gjennom arbeidet med desse to aktørane i norsk samfunnsliv har me fått ny kunnskap om strukturen i næringslivet. Me er blitt merksame på at det ikkje er anten eller, men både og. Skal næringslivet og samfunnet utvikle seg på ein god måte, må både arbeidsgjevarane og arbeidstakarane sine behov tilgode sjåast. Arbeidsgjevarane kan ikkje berre tenkje på seg sjølve, heva høg lønn og berre tenkje utvikling på sjefsnivå. Det vil føre til missnøye og ineffektivitet hos arbeidarane som utfører produksjonen. På same måte kan heller ikkje arbeidarane krevje for høg lønn eller andre ublue krav. Då vil bedrifta konkurrera seg sjølv ut, og arbeidsplassen forsvinn. Det er viktig at ein har organisasjonar som hjelper til med å sjå og kartleggje behova på båe sider. Dette prosjektet har gitt oss auka forståing og respekt for dynamikken i mellom desse to store fagorganisasjonane i norsk samfunnsliv.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish