Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Herman" av Lars Saabye Christensen

"Herman" av Lars Saabye Christensen

Her er eit nynorsk samandrag av boka "Herman".

Karakter: 5

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
11.05.2005
Tema
Herman

Denne boka er skriven av Lars Saabye Christensen, og den kom ut i 1988. I 1990 blei det laga film av boka.

 

Kva handlar boka om?

Boka handlar om den 11år gamle guten Herman, og han si reise gjennom ein forferdeleg sjukdom. Herman har ingen vener på hans eigen alder, men den gamle bestefaren hans har han, og Herman besøker han nesten kvar dag. Herman har noko me kan kalle ein livleg fantasi, og det kan vere ein av grunnane til at eg oppfatta Herman som ein litt sinnsforvirra person.

 

Herman og mor hans har sitt eige ”mat-språk” og kan finne på å seie kiskefake i staden for fiskekaker.   Når Herman får sjukdommen sin, begynner dei andre elevane å erte han for sjukdommen.

 

Far til Herman er veldig ivrig etter og få med seg Herman opp i heisekrana der han jobbar, men vil Herman eigentleg det? Eg trur at gjennom denne sjukdommen får foreldra til Herman oppleve mange nye sider av han, blant anna at Herman bannar og at han eigentleg ikkje er slik som dei trur.

 

Fakta om boka.

Boka er på rundt 224 sider, og det er ingen form for register i boka. Eg trur boka passar for dei som er vande med og lese litt innvikla bøker, så kanskje for dei i ungdomsskule trinna og opp over. Boka kan til tider verte litt krevjandes men sett bort frå det er boka koseleg og bra.

 

Kvifor er boka bra?

Måten Christensen har formulert tankane og kjenslene til Herman på er noko av det beste med boka, også måten han beskriv omgivnadane til personane i boka er og heilt suverene. For eit eksempel: ”Han kan høre snøen falle over byen, som en svak pust”, er blant anna ei av beskrivingane til Christensen.

 

Grunnen til at EG likar boka.

Det er få bøker eg likar, dei einaste bøkene eg verkleg har likt som eg har lese er Harry Potter og Agatha Christie bøkene, men Herman er rake motsetning av dei bøkene.

 

Men, like vel likar eg denne boka så godet at eg kunne ha lese den fleire gongar. Eg trur det er på grunn av slutten av boka, i kapittelet som heiter ”VÅR”. Eg synast den slutten er aldelest nydeleg.

 

Kva forfattaren ville fram med, med denne boka?

Eg trur Christensen ville fram med at ingen er perfekt, og ingen kan bli det heller, og at vi skal sjå meir på det indre enn på det ytre.

 

Alternativt terningkast og andre ting.

Frå meg hadde boka fått ein firar. Eg trur ein bør sjå ann personlegskapane til dei som les den, for boka er ikkje den lettaste ein kan lese. Vis du vil vite kva som skjer men den ”mystiske” sjukdommen og kva som skjer med Herman, har eg berre eit råd, og det er å lese boka.

 

”Herman går videre. Han vet ikke hvor han skal.

Derfor fortsetter han å gå.”

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil