Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Skulen, ein nedprioritert lagringsplass for framtidige arbeidslause?Skriv ut Utskrift
Om skole og økonomi.
Bokmål - ResonnerendeForfatter:



Skulane her i landet forfall berre meir og meir, utan at regeringa med kyrkje og utdanningsdepartementet i spissen gjer noe som helst. Ein ting er eg einig med den tidlegare utdanningsministeren, Gudmund Hernes, i, og eg siterer: "Det har vore lykka i mitt liv at eg har fått større oppgåver enn eg har hatt evnar til", for skulane her i landet er tydeleg forsømte. Ofte spør eg meg sjølv, korfor fell ikkje skulen inn under arbeidsmiljølova. Det må jo vere fordi staten rett og slett ikkje ønskjer å setje av meir pengar til skulane, for hadde skulane falle inn under arbeismiljølova, så hadde halvparten av dei blitt stengde på flekken. Det er ikkje spesielt moro å sitte på skulen i siste time med skallebank. Ei hovudpine som utvilsamt skyldast all innhaleringa av co2 gass som kjem i frå stønna til klassekameraten som sit på pulten bak deg. Anna "friskluft" finst nemleg ikkje. Ventilasjonssystemet på skulen, som forøvrig skulle ha vore pensjonert før krigen, bles berre støv. Om det bles i det heile tatt. Pultane og stolane er heller ikkje så mykje å skryte av. Og eg snakkar av erfaring, stolane er så harde at sjølv Supermann ville fått vondt både her og der av å sitte på dei. Og borda og stolane passar aldri saman, så sittestillinga på skulen er håplaus. Sjølv har eg hatt ein del problem med ryggen, og etter ein dag med ryggproblem på harde vonde stolar med håplaus sittestilling har det vore på grensa at eg har hatt lyst til å anmelde skulen for legmesfornærmelse. (voldsbruk)

 

Eg fattar ikkje å begripe at regjeringa ikkje kan gi meir pengar til skulane. Korfor skal vi sende lass med pengar til U-land som berre bruker pengane til våpen, når vi har så elendige forhold som på enkelte skular her i landet. Eg trur óg at lærarane langt på veg er einig i det eg seier. Eg meiner óg at lærarane fortener meir løn. Eg trur ikkje utdanningsministeren hadde overlevd lenge som lærar med 30 villstyringar som er meir interessert i "blomster og bier" enn å gå på skulen. Og eg trur heller ikkje han ville hå gått time etter time, dag etter dag og år etter år og pusta inn luft som inneheld over dobbelt så mykje co2 som er lovleg i følgje arbeidsmiljølova, eller å sitje på stolar som aleine er med på å doble sjukehuskøane. Faktum er at dei som styrer og steller her i landet vårt har gløymt korleis det er å gå på skulen.

 

Når vi elevane kjem frå grunnskulen til vidaregåande er det på tide at lærarane sluttar å vere barnepike. Eg synst ikkje det er nødvendig å måtte levere melding for kvar einaste time og dag ein er borte. Eller at lærarane gir skjennepreken på skjennepreken til elevar som ikkje har gjort leksene sine. Dette er saker som lærarane ikkje lenger har noe med når vi begynner på vidaregåande. Dei må legje meir i begrepet "ansvar for eigen læring" og gi elevane eige ansvar for å gjere det dei blir bedt om.

 

Skuleåret har "dei" óg klart å legge opp mest mogleg gunstig for oss. Med eksamenar då temperaturen når klimaks og halve skulen er i konstant bakrus etter russefeiring. Det einaste som er noe forunderleg er korfor så mange stryk under dei gunstige forholda. For det er jo bevist at jo varmare det er, jo meir opplagt og klar for innsats blir ein. Og når ein da i tillegg har ein liten bakrus-promille så seier det seg sjølv at det er dømd til å gå bra.

 

Det som er litt keisamt er at etter all skulegangen ventar som oftast eit hardt og krevjande arbeid på arbeidskontoret med å finne seg ein jobb. Dei beste gjer det, resten går inn i statistikken blant arbeidslause. Akkurat det kan ikkje departement leiarane så mykje for, men ved å gi alle eit betre skuletilbod, og med det auke konsentrasjonen, yteevna og karakterane til elevane, vil kanskje fleire av dei nyutdanna komme seg ut i arbeidslivet utan å gå på arbeidskontoret først.

 

Kanskje er det vår ulykke at Gudmund Hernes har fått større oppgåver enn han har hatt evner til?


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish