Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Sjalusi - den sterke kjenslaSkriv ut Utskrift

Personlege tankar omkring sjalusi.

Karakter: 6- (10. klasse)

Nynorsk - EssayForfatter:



Sjølv om alle veit kva som ligg bak ordet sjalusi, er det litt vanskeleg å finne ein heilt klar definisjon av fenomenet. Men vi kan vel seie at sjalusi er ei kjensle som alle menneskjer har i seg. Vi har alle eit ønske om å bli sett, godtatt og akseptert av menneskja rundt oss. Sjalusi er på ein måte redselen for å ikkje oppnå dette, og frykta for at andre skal ”stele” merksemda og statusen vår i ein sosial samanheng, til dømes i klassemiljøet, vennegjengen, på jobben eller i eit parforhold. Når vi føler at andre får meir merksemd, eller vert verdsett høgare enn oss, kan vi verte sjalu. Viss ho eller han som ikkje gje oss nok plass er ein person som betyr mykje for oss, vert vi endå meir såra.

 

Når vi vert sjalu medfører det smerte og sorg, raseri og hat, frykt og audmjuking. Kor sterk sjalusikjensla er, kjem an på kor mykje vi vert såra. Nokon gonger klarer vi å styre sjalusien vår slik at andre ikkje legg merke til den. Men om sjalusien når ei grense der vi ikkje klarar å halde den inni oss, kan det gjere oss i stand til å gjere ting for å kompensere kjensla. Kven har vel ikkje sett ein kjærleiksfilm der to personar sloss om å vinne same drømmemannen eller drømmekvinna og sjalusien tek overhand? Då gjere dei alt for å setje kjeppar i hjula på kvarandre og på den måten håpar dei å vinne merksemda til det mennesket dei vil ha. Vi veit at når ein er sjalu, kan ein vere ganske utspekulert og gjere ting mot andre som ein aldri ville ha gjort til vanleg.

 

Sjalusi kan dukke opp i alle mogelege tilhøve. Når vi tenkjer på ordet sjalusi, set vi det gjerne i samanheng med kjærleiksforhold. Men allereie som små born kan vi verte sjalu fordi vi ikkje får nok merksemd. Til dømes kan ein unge som ønskjer at foreldra skal bry seg litt meir, gjere seg til og sei at han har slått seg, og håpe på at mor eller far skal ta han på fanget og synes synd på han. Sjalusi kan jo også oppstå mellom sysken. Dei fleste som har sysken har vel opplevd at ein har blitt satt litt til side for ein bror eller syster. Det kan kjennast urettvist og ein vert sjalu. For eit barn kan det vere lett å tru at foreldra er meir glad i dei andre i syskenflokken. Når barnet føler at det kjem i skuggen av dei andre syskena, er det naturleg at sjalusien får barnet til å gjere ting for at foreldra skal leggje merke til det. Ofte vil eit born prøve å gjere ting som går utover syskena, som til dømes å lage ein konflikt og leggje skylda på den andre, og på den måten få sympati frå foreldra.

 

Det er heller ikkje uvanleg at eit barn kan bli sjalu når det får ein ny syster eller bror. Det eldre barnet kan då føle at det nye barnet blir satt større pris på enn seg sjølv. Eit born treng mykje merksemd og kjærleik frå foreldra, og det kan vere tøft for ein smårolling å sjå at det nye barnet får det meste av merksemda som ein før hadde eineretten til. Barnet kan reagere på denne konflikten med å bli vanskeleg og ulydig, vise mistrivsel, eller trekkje seg inn i seg sjølv. Denne forma for sjalusi varer som oftast ikkje så veldig lenge. Den avtek etter ei stund, berre foreldra viser forståing for barnet sin situasjon og åtferd og lagar betre plass for i sola.

 

Etter kvart som vi veks opp, treng vi også å få merksemd av vennene våre. Alle har behov for å få positiv tilbakemelding frå dei vi er i lag med på skulen og på fritida. Det er med på å gje oss eit godt sjølvbilete. Vi ungdommar er forskjellege i veremåten. For nokon kan det vere viktig å ha ein status i vennegjengen og vere den som alle vil vere ven med, medan andre igjen er meir forsiktige. Men eg trur alle tenkjer på korleis andre opplever oss. Det er mykje rare tankar og førestellingar om oss sjølve som surrar rundt i hovudet i tenåra. Det er lett å samanlikne seg med andre og verte sjalu på andre sine eigenskapar. Av og til kan sjalusi føre til mobbing. Til dømes dersom ein person i klassen kan noko spesielt, kan andre bli sjalu fordi personen får så mykje merksemd kring denne tingen. Då kan han eller ho som er sjalu prøve å øydeleggje ved å rakke ned på og mobbe personen. Det kan få klassa til å endre standpunkt og klassekameratane kan kanskje til og med bli tilhengar av mobbaren.

 

Ungdomstid betyr jo også forelsking. Mange sliter med sjalusi dersom den personen som dei er forelska i eller er i lag med, er saman med andre. Eg kunne tildømes bli litt sjalu dersom den personen eg var interessert i, prata og lo i lag med ei anna jente. Spesielt viss det var ei fin jente. Ikkje fordi eg trur at han har kjensler for ho, eller fordi ho er fin og får han til å le. Men det er denne frykta for ikkje å strekke til. Ho på si side ser gjerne på det heile som heilt uskyldig, og anar ikkje kva som skjer i hovudet mitt. At eg står der og ønskjer at håret hennas skal ta fyr eller at ho skal ramle og bli våt, anar ho ingenting om. Ho veit heller ikkje at eg ser for meg at eg kjem bort for å hjelpe ho; berre for å gjere inntrykk på han, fordi eg vil verke snill. Sjalusien kan nemleg gjere ein person både falsk og hyklerisk.

 

Eg har heldigvis ikkje så lett for å verte sjalu. Som kald og kjenslelaus på gutefronten har eg ingenting å bekymre meg over. Eg trur nemleg at ingen likar å vere sjalu. Det å vere sjalu kan gjere svært vondt inni ein sjølv, og det er ingen som likar den slags smerte. Nokon vert til og med så sjalu at dei byrjar å skrike, gråte eller hamnar i slagsmål. Noko som også sårar dei som er rundt denne sjalu personen.

 

På nokon måtar ser eg på sjalusi og egoisme som det same. Dette at ein ønskjer at ein sjølv er betre enn andre. Ein tenkjer liksom på seg sjølv først, og bryr seg gjerne ikkje om at andre må lide litt, for at ein sjølv skal få det som ein vil. Det er ingen bra eigenskap. For kven kan vel tenke seg ein venn eller ein kjæraste som vert så sjalu?

 

Mange kjærleiksforhold vert øydelagde, fordi ein av partane har så lett for å verte sjalu. Eg trur at når nokon viser at dei er sjalu, så føler den andre personen som er orsaka til at ein person vert sjalu, seg mindre respektert. Ein kan også føle at denne sjalu personen ikkje stolar på han eller henne. Tillit er etter mitt syn svært viktig i alle typar forhold og vennskap.

 

Sjalusi kan sjåast på som ein psykologisk forsvarsreaksjon hos menneska. Den setjast inn når vår posisjon hos den vi er i glad i ser ut til å vere truga. Vi vert sjalu når vi oppdagar at han eller ho vi er i lag med føler seg tiltrokke av eller let seg sjarmere av eigenskapar hos ein annan, som vi sjølv ikkje har.

 

”Sjalusien er den beste motgifta ein kjenner mot kjærleiken. Den dreper den garantert - hos den andre parten”. Skrive av Claude Anet. Dette synst eg gjev ei kort og grei skildring av kor øydeleggande sjalusien faktisk kan vere.

 

Sjalusikjensla kan også komme når det ein vert forlate av partnaren. Då kan det komme mange kjensleladde reaksjonar. Du ”mistar” den personen du kanskje er nærmast knyta til og mest glad her i verda, og samtidig tek du på deg alt skylda for at forholdet vart oppløyst. Viss det som var partnaren din får seg ein ny kjærast, og du ser at dei har det bra saman, kan sjalusikjensla vere sterk.

 

Nokon seier at dei aldri er sjalu. Det er enten ein løgn, eller så må det vere noko heilt spesielt ved desse menneska. Ein slik uttaling kan også tyde på at personen ikkje klarer å knyte seg så sterkt til eit menneske at han eller ho vert sårbar. Men det finnes jo også positive eigenskapar med sjalusien. Dersom ein for eksempel i eit partforhold vert sjalu på partnaren, er det eit teikn på ekte kjærleik. For du føler ikkje frykt for å miste nokon du ikkje er glad i.

 

Ein del menneske har det problemet at dei slit med dårleg sjølvbilete. Då trur eg det er større sjanse for at ein kan slite med sjalusi. Det er så alt for mange som tenkjer ”sidan han likar ho, så har ikkje eg sjans”. Slik eg har følt det, så har personar med dårleg sjølvbilete ein tendens til å prøve å finne alle teikn på at personen dei er saman med viser dei kor mykje dei er verdt. Dersom dei då ikkje får desse bevisa, så har dei lett for å verte frustrerte og engstelege. Men måten ein reagerer på og tenkjer er jo ulik frå person til person.

 

Denne fæle sjalusien er jo verkeleg noko for seg sjølv. Den kan få eit menneske til å forandre seg heilt på få sekunder; frå å vere i godt humør, til oppløyst i tårer. Men det som er viktig er at dersom ein vert sjalu av ulike grunnar, at ein då pratar med personane det gjelder. Kanskje er ein sjalu heilt utan grunn? Det hjelper i alle fall ikkje at ein ikkje prøver å ordne opp. Sjølv om det kan virke skremmande å tenkje på at du skal fortelje at du er sjalu, og kvifor du er sjalu. Ei slik erfaring er jo noko ein kan dra nytte av i seinare episodar, og ein kan kanskje klare å kontrollere sjalusien sin neste gong? Men dersom personen du pratar med ikkje viser deg respekt, så er det ikkje ein person som er verdt slike kjensler. Det er svært egoistisk å ikkje bry seg om kjenslene til andre menneske. Ein bør alltid prøve å ordne opp, dersom det er ei hending som gjer at du er sjalu, eller nokon er sjalu på grunn av deg. Og dersom nokon er sjalu på grunn av deg: bli heller smigra enn fornærma. Sjalusi er jo eit teikn på at ein bryr seg så mykje at det gjer vondt, på grunn av frykt for at det heile skal verte øydelagt.

 

Det er mykje uskyldig sjalusi, men dessverre kan sjalusikjensla ta totalt overhand på eit menneske, og i verste fall kan det ende med sjølvmord eller drap. Det som er viktig når ein er sjalu, er å kjenne på kjensla. Kva er det som gjer at eg har ein slik kjensle og kva kan eg gjere for å komme vidare i livet? Det er viktig å ikkje verte bitter, men prøve å komme over det. Husk på at vedkommande som har gjort deg sjalu ikkje er meir enn eit vanleg menneske, og ikkje ein som har gjort det mot deg fordi han eller ho vil såre deg. Sjølv om det kan vere tungt, kan ein jo vere sterkare etter ein slik situasjon – fordi ein har tatt lærdom av det.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish