Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Ikkje Amerika, men Amerika" av Kjartan FløgstadSkriv ut Utskrift
En nynorsk analyse av Kjartan Fløgstad sin "Ikkje Amerika, men Amerika".
Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:



”Ikkje Amerika, men Amerika” er skreve av Kjartan Fløgstad. Denne teksten kom ut i ”Aftenposten” 30. AUG 2000, og er ein ironisk/ sarkastisk tekst retta mot Oslo byråd, der Fløgstad føreslår at Sør-Amerika blir eit ”valfritt sidemål”. I oppgåva får me vita at Fløgstad både er Sør-Amerika ekspert og nynorskforfattar, så det er nærliggande å tru at det er saka med valfritt sidemål som blir teke opp i artikkelen, men på eit ironisk vis. Ein Sør-Amerika ekspert ville sannsynleg vis ikkje teke til ordet for å kutta ut Sør-Amerika i skulen. Mi oppfatting er at ironien i teksten kjem klart fram, og dermed og synspunkta til Fløgstad. Slik eg oppfattar det, vil Fløgstad bevara nynorsken i skulen, og er i mot valfri sidemålsopplæring.

 

I teksten tek Fløgstad til ordet for at elevar i Oslo-området skal sleppa å ha om Sør-Amerika i historie og geografi faga. Fløgstad meinar at elevane har for lite kunnskap om Amerika, og at Sør-Amerika er unødvendig å læra om. Han meinar at fokus heller burde liggja på Nord-Amerika sidan dette er meir nærliggande vår kultur, mykje på same måte som det blir hevda at bokmål er meir nærliggande vår talemåte enn nynorsken. I teksten overførar han mange av argumenta frå nynorskdebatten til sin eigen argumentasjon, for eksempel: ”Etter vår meining er det naudsynt at elevane får meir tid til å arbeide med hovud-Amerika i nord, utan å måtta bruka mykje verdifull tid på det sørlege subkontinentet”. Dette er eit argument som blir brukt i målforms debatten. Ein meinar at elevane må bruka for mykje tid på nynorsk, som ein kan seia blir rekna som eit ”subkontinent”, eller eit språk utan nytteverdi for ungdommar, og då spesielt ungdommar på austlandet. Vidare kan me sjå fleire eksempel: ”Ein legg til grunn at svært få Oslo-ungdomar vil få praktisk nytte av Sør-Amerika i sin vidare yrkeskarriere”. Igjen er det eit velkjent argument frå målformsdebatten som blir brukt. Ein argumenterar som hevdar at elevar ikkje vil få bruk for nynorsk seinare i livet, då alt er skreve på bokmål. ”Alt i dag er det slik at 90% av det som blir sagt om Amerika, handlar om Nord-Amerika.”. Igjen ser me argumentet med at bokmål (Nord-Amerika) er det mest brukte språket.

 

I og med at denne teksten er gitt ut i ei avis, er truleg målet til Fløgstad å nå ut til eit stort publikum for å få formidla synspunkta sine til flest mogeleg. For på den måten å provosera og skapa ny blest rundt nynorskdebatten. Dersom ein fyljer litt med i media, vil ein ha fått med seg noko om nynorskdebatten. Har ein eit aldri så lite grunnlag i dette, vil eg tru at ein raskt skal kunna forstå kva teksten eigentleg handlar om. Eg vil tru at denne teksten kan virka provoserande på bokmålsforkjemparar, då han er til dei grader ironisk og sarkastisk, samstundes som han, tykkjer eg, latterleggjer tanken om valfritt sidemål. Det hadde sjølvsagt aldri vorte aktuelt å kutta ut Sør-Amerika frå geografi\ historie undervisninga. Fløgstad vil at me som lesarar skal reflektera over nynorsk spørsmålet, og prøvar å få oss til å tenkja over følgjene av å kutta ut nynorsken. Teksten er underhaldande, samstundes som Fløgstad ynskjer å formidla eit bodskap.

 

Ironien er den viktigaste faktoren i denne teksten. Det er gjennom den ironiske framstillinga av ny-norsk vs bokmål/ Amerika vs Sør-Amerika Fløgstad formidlar sitt bodskap. At teksten er ironisk skapar det meste av underhaldningsverdien, samstundes som han skapar ein spesiell innfallsvinkel på problemstillinga. I og med at teksten er oppbygd på denne måten får me som lesarar eit nytt perspektiv på konflikta, sjølv om denne er urealistisk, skapar Fløgstad eit tankekors med si samanlikning og bruk av ironi.

 

Som sagt er heile teksten ironisk med bruka av ei tenkt konflikt som fungerar som parallell til den reelle konflikta. Fløgstad brukar poeng frå den tenkte konflikta og overførar dei til den aktuelle. Han seier i teksten, ”For ekte Oslo-ungdom er det såleis ei uoverkommeleg oppgåve å skilja mellom småstatane i Mellom-Amerika Det er å kasta bort verdifull tid å undervisa i dei ubetydelege skilnadane mellom Paraguay og Uruguay.”. Her kan Fløgstad sikta til argumentet med at ungdomane som snakkar bokmålsdialekt har for store vanskar med å skilja mellom orda og skrivemåtar på ny-norsk i forhold til eige tale og skrivemåte, og av den grunn burde bli fritekne frå ny-norsken.

 

Vidare seier han, ”Medan Nord-Amerika er eit grunnfesta demokrati, har det herska diktatoriske tilstandar over store delar av Sør-Amerika. Her er det nok å nemna Cuba, som kan gi Oslo-ungdomm udemokratiske politiske ideal, dersom dei skulle få for mykje kunnskap om dei verkelege tilhøva på øya.”. Kanskje meinar Fløgstad med dette at ungdommar har eit forutinntatt inntrykk av ny-norsken på same måte som folk har i forhold til Cuba. Dei veit for lite om kva språket inneheld og kva ny-norsken inneber. Han samanliknar Cuba sitt udemokratiske styre (ny-norsken) med Amerikas demokrati som symbliserar bokmålet. Bokmålet er, for oss, som eit demokrati, altså noko vi er vane med og meinar er det einaste rektisge. Fløgstad vil at me skal utforska ”Cuba” og sjå kva det har og by på, dette gjer han på ein ironisk\ sarkastisk måte. Han tek og for seg argumentet med at bokmål er meir moderne enn ny-norsk: ”I valet mellom Amerika og Amerika tyder undersøkingar på at eit overveldande fleirtal av Oslo-elevane ville velja den nordlege delen. Dette er og den mest moderne.” Reelle undersøkingar visar at dei fleste ville valgt vekk nynorsk dersom dei fekk valet. Kanskje grunnen til at det appelerar er fordi det faktisk er meir moderne enn nynorsk. Vidare seier han ”det er ikkje mykje om Latin-Amerika på ein PC”. Dersom me leitar på internett vil me finna meir stoff om Nord-Amerika enn Latin-Amerika. På same måte finn me mykje meir stoff på bokmål enn på nynorsk. Kanskje Fløgstad her vil peika på mangelen av lett tilgjengeleg nynorsk stoff i alternative medium, og peikar på dette som ei av årsakene til den manglande interessa for språket.

 

Til slutt i avsnittet kjem han med eit sarastisk utsagn som, eg meiner, latterleggjer eit utsagn frå Oslo kommune:” På den andre sida vil eg understreka at Oslo kommune i utgangspunktet ikkje vil leggja vanskar i vegen dersom elevar på eigenhand prøvar å skaffa seg kunnskap om Sør-Amerika.”. Grunnen til at eg meinar at dette latterleggjer det orginale utsagnet, som går på at eigen nynorsk opplæring er tillatt, er at det nesten er umogeleg, i beste fall tidkrevande å vanskeleg, å lera seg nynorsk utan hjelp frå ein fagperson. På same måte er det vanskeleg å forstå dei historiske forutsetningane, infrastrukturen osv. osv. i eit så ”vaskelg” kontinent som Sør-Amerika utan kvalifisert hjelp. Dessutan er dette elementær kunnskap ein treng for å betre forstå verdssituasjonen. På same måte som vi, meinar eg, treng nynorsk for å forstå eigen kulturarv og vårt eige språk.

 

Sarkasme er og eit gjennomgåande verkemiddel i Fløgstad sin tekst. Sarkasmen skapar ein ynskjeleg provoserande stemning som understrekar poenga til Fløgsad, samstundes som det er med på å bidra til å skapa humoren i teksten. Spessielt ser me dette i den siste delen av teksten:” dersom det visar seg at prøveordninga er vellykka, ser ein for seg at forsøket vil kunna utvidast til å gjelda dei mest forvirrande kyststrekningane på vestlandet og i Nord-Norge, og einskilde særleg ubetydelege øyar i ytre Oslofjord.”. Her går han så langt som å foreslå å utelukka noko av vårt eige land frå undervisninga. Eg trur at her vil peika på kor langt det kan gå dersom vi byrjar å utelukka noko så viktig som ein del av vårt eige språk. Han samanliknar det å ta vekk essensielle delar av landet med å ta bort ein essensiell del av språket og kulturen vår, og gjer det på ein provoserande og sarkastisk måte.

 

Teksten er bygd opp som ei blanding av eit essay og ein artikkel. Argumenta kjem i ein logisk rekkefølgje og teksten er lettlest, og forståeleg (dersom ein har forutsetningane for å forstå konflikta), samstundes som han er humorisktisk og underhaldane.

 

Personleg likar eg denne teksten veldig godt. Eg tykkjer Fløgstad for fram gode poeng i debatten på ein underhaldane måte. Han brukar humor og ironi for å setta debatten i eit nytt lys. Med å bruka to parralelle konflikter overførar Fløgstad problem og argument, og sett dei inn i ein ny samanheng som gjer at me kanskje ser annsleis på saka. Kanskje er teksten ikkje det viktigaste innlegget i debatten, men heilt klart det mest underhaldande, etter mi meining.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish