Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Kva er glede? Eit eksotisk dyr, eller ein sjeldan steinsort?Skriv ut Utskrift

Et kåseri om glede.

Karakter: 6 (VK1)

Nynorsk - KåseriForfatter: Anonym



Ja, så satt eg her da, med den teite oppgåven i handa. ”Kva gjør deg glad?” Det som gjør meg glad, er å slippe og skrive ein nynorsk tekst, men ingen bryr seg vel om mine kjensler. I alle fall ikkje læraren (du ja), som med eit litt vondsinna smil føreslo at vi skulle levere inn ein oppgåve allereie denne veka. Men akk ja, det er slikt ein må vente seg når ein går VK1. ”Kva er glede?” Eg måtte jo ( på grunn av denne forferdelege kjedelege oppgåven), sette meg ned for å tenke litt over dette. Det tok litt tid, men etter noen timar kom eg fram til at det er (tada!!) ein kjensle. På lik linje med sorg og smerte. Nå syns eg at du, som lærar, kan bruke eit minutt eller to til å applaudere min geniale konklusjon. Eg kunne sjølvsagt avslutta nå, for eigentleg har eg jo allereie svara på alle spørsmåla oppgåven stiller, men da veit eg med meg sjølv at eg ikkje kunne håpa på noe meir enn ein einar, eller stryk. Så eg fortsetter. Eg kommer til å fortsette heilt til du blir så lei av det meiningsløyse gnålet mitt at du krøllar saman heile oppgåven, og kastar den i søppla…mohaha!!

 

Noe anna som gjør meg glad (sett bort i fra å sleppe og skrive nynorsk altså), er ro klokka halv sju om morgonen. Ro klokka halv sju om morgonen inneber at den utrulege plagsame mora mi ikkje står over meg og gaular; ”Rise and shine”, og det igjen inneber at eg ikkje skal på skolen. Da blir eg glad da. Eg er ein av dei få patetiske menneska som blir i utruleg godt humør av å sjå på ”Ricky Lake”. Trist, men sant. Eg elskar å sjå på lett tilbakestående menneske som av ein eller anna sjuk grunn føler at dei må stå fram på TV med problema sine. Kvar gong eg oppdagar at det er ”Rickytid”, benkar eg meg foran Tv-en med slemme kommentarar om gjestane på lur. Gravide tiåringar, utru ektemenn (som regel er desse ektemennene utru med folk av same kjønn), og Bertil som bestemmer seg for å bli Bertina. Etter ein time med Ricky kjenner eg at livet mitt kan hende ikkje er så ille likevel. Eg blir og glad når eg ikkje har lekser (noe eg truleg ikkje er aleine om, eg hører jo trass alt til den late generasjonen), for da kan eg bruke dagen til meir fornuftige ting, som å sitte på internett for eksempel. Det er mye interessant stoff der altså, du anar ikkje.

 

Eg har aldri forstått meg på dei som er glade og fornøgde så lenge dei får sitte bak rattet på sin hypermoderne sportsbil, i ein kul posisjon, og smile sleskt til alle som går forbi. Eg tør påstå at slike menneske er nokså ”enkle”. Men, nå skal eg kan hende ikkje seie så mye da, eg som blir glad av ”Ricky Lake”. Skikkelege kompliserte menneske trenger venner og familie rundt seg for å være glade. Desse folka må gledes på eit emosjonelt plan, og det blir straks verre. Mistar dei kontakten med sine kjære, sjunknar dei som regel langt ned, kan hende endar dei til og med på ein psykiatrisk institusjon. Ein sint x-venn, ei grandtante dei ikkje kan hugse, ein venn fra femteklassen som ikkje har latt høre fra seg på eit år, lista er lang over samanbrotsårsaker hos slike folk. Nei, eg er glad eg ikkje er sånn. (Det finnast menneske som meiner at eg hører heime på ein eller annan institusjon, men det er av heilt andre årsaker, som eg ikkje skal gå djupar inn på her). Nå seier eg ikkje at eg er ein kald jævel, eg blir sjølvsagt glad av å ha venner og familie rundt meg eg også. Men, eg vil helst ikkje at dei skal bli for nærgåande, eg liker meg aleine (ja, eg er ei rar sjel.).   

 

Glede er altså ei kjensle (som eg så genialt konstaterte i første avsnitt). Det som er glede for noen, kan være noe anna for andre. Det fins for eksempel menneske som blir glade av å vandre rundt mellom tette trær i regnskogen med bare ei fille rundt sine private delar, eg derimot, ville bare kjent meg ekstremt lettkledd og teit. Noen ville grått av glede over å få ein kanarifugl i bursdagsgåve, medan eg, ville grått av sorg og drepe det stakkars dyret ut av medynk. Eg vil faktisk gå så langt som å seie at eg ville kjent meg som ein helt når eg stod der med barberbladet, klar til å ende fuglens mareritt av eit liv. ”Tine…jenta som hjelper fuglar ut av helvete, og opp i himmelen.” Kall meg gjerne rar, men tenk deg sjølv da, om du måtte sitte i eit bur i femten år (eller kan hende nitti, hvis du var ei papegøye), medan ein person stod på den andre sida og smila ned til deg med eit djevelsk smil som sa; ”Du er MIN du, lille venn, og der skal du sitte for ALLTID.” Mange blir utruleg glade for ein aldri så liten shoppingtur, eg hater det, og kjenner ein veksande kvalme bare ved tanken. Helst skal desse shoppingturane finne stad på laurdagar, eg stiller meg uforståande til kvifor. For meg tyder laurdag det same som avslapping, og eg vil nødig bruke tida mi mellom trange butikkhyller og hylande småbarn. Det er folk over alt, desperate etter å gjøre eit kupp. Koste kva det koste vil! Det er alltid mange som tar turen til kjøpesentra i byen, for det er jo SAL; sommarsal, vintersal, vårsal, haustsal, lagersal, partisal, sesongsal, opprydningssal, feriesal, eller sal etter salet.

 

Det finnast til og med menneske i verden som er så matfattige at dei ikkje hadde takka nei til ei rotte eller to. Vi i Noreg hadde neppe blitt glade for å få ei rotte slengt på tallerkenen (vel, kan hende noen nordmenn som er særdeles sjuke i hovudet hadde blitt det, kva veit eg?) Kva som gjør oss glade kommer altså an på kor vi bur i verda. Vi nordmenn er som kjent veldig skjemt bort på oljepengar, så det skal ganske mye til før vi gjør eit ordentlig gledeshopp ut av godstolen.

 

Glede for gamle damer, er å sutre. Alle har overhørt det. I ein svømmehallsgarderobe, på eit treningssenter, eller til og med i ein tilfeldig bakke nedi sentrum. Olga begynner med det magiske spørsmålet. ”Kordan går det med deg da, Inga?”, også har vi det gåande. Inga gjør seg enda meir pukkelrygga enn ho allereie er, tar seg til ryggen og seier; ”Nei du Olga, det går ikkje så bra med ryggen. Det er heilt forferdeleg å røre seg.” Det rynkete ansiktet hennar blir enda meir rynkete når ho prøver å skjule sin intense begeistring over å bli spurt akkurat det spørsmålet. Vidare legger hun ut om magesmerter, hofteutglidning, urinveisinfeksjon, og det som verre er. Ingenting kan stoppe ho nå. Olga held tålmodig ut, for ho veit at så snart Inga er ferdig, er det hennar tur. Eg er einig i at gamle damer ser sure ut når dei klager, men det er ikkje tilfellet. Dei elskar det. Mange gamle lever nok for å sutre om plagene sine…også for å spionere på naboen da sjølvsagt.

 

Nå kjenner eg ei gledeskjensle komme krypande, for nå er eg snart ferdig med dette kåseriet. Du er vel rimelig letta du også nå, tenker eg, der du sitt halvt sovande over pulten din. Oppgåven har sikkert vært halvveis nedi søppelbøtta ved ei rekke anledningar, og eg klandrar deg ikkje. Men eg kan nå konstatere at det er over. Amen. Eg veit ikkje med deg, men eg er i alle fall gladare enn eg har vore på lenge...




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish