Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Syskenkjærleik

Syskenkjærleik

Stilen handler om hvor irriterende søsken kan være, men hvor greit det kan være med søsken også.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
22.05.2005
Tema
Familie

Kva skal me med sysken? Sysken er bare ei plage uansett. Dei rotar i tinga dine, masar alltid sladrar på deg til mor og far, skal alltid plage når du er med vennene dine og mykje meir. Sysken er til for å ha nokon å slost med! Sysken forblir me uansett om me er spedbarn eller gamlingar. Men når me snakkar omsysken tenkjer me ofte på barn mellom 5 og 18 år.

 

Slik er det, men sysken er også kjekt å ha. Tenk å reise på ferie med bare mor og far. Ikkje ha nokon å leke med. Ingen å legge skulda på når du har gjort noko gale. Ingen å snakke med viss du har noko på hjarta som du ikkje vil fortelje mor og far. Ingen som ertar deg fordi du har fått deg kjæraste.

 

Sånn er det å ha sysken. Fram og tilbake. Ein dag er dei nokon irriterande, sure, sinte, idiotiske sysken som du skulle ønskje du ikkje hadde, og andre dagar er dei snille, kule hjelpsame sysken som du er veldig glad i.

 

Større sysken er veldig kjekt å ha når du har problem med noko, treng hjelp til leksa eller viss du vil bli kjørt ein plass og mor og far ikkje gidd. Viss du vil ha nokon kulare kler, kan du låne av dei og viss du er heldig, vil dei vera med ut å spela fotball. Når du har gebursdag kjøper dei kule presangar til deg som du aldri hadde fått av foreldra dine eller venner. Ofte må storebror eller storesyster sitje barnevakt. Då kan dei av og til ha besøk så dei sender deg til sengs nesten med ein gong. Viss ikkje dei har besøk set dei på ein film, finn fram snop og brus og lar deg sitje der til me høyrer bilen. Då er det rett i senga. Du får vera oppe til foreldra dine kjem heim på éin føresetnad: Du må sei til mor og far at du gjekk og la deg klokka ni og at det gjekk heilt fint. Men det gjer ikkje noko med ei lita løgn så lenge dei gjer oss alt det snopet.

 

Små sysken er nokon herlege ungar. Dei er greie å ha når du ikkje har noko å gjere på ein laurdag utpå kvelden og kjedar deg. Då kan du bare tvinga dei til å vera med å spela playstation 2 eller eit spel, men som regel så synes dei det bare er kjekt at storebror eller storesyster spørjar så dei blir med frivillig. Då får dei kanskje vera litt lenger oppe òg, og då blir dei så glad i deg. Småsysken sparer alltid opp pengar, og ofte puttar dei pengane nedi ein boks som dei har laga sjølv. Skal du it ein kveld og treng pengar kan du bare snike deg innpå rommet deira å ta litt pengar. Dei merkar ingenting likevel. Men viss du ikkje har hjarta til å bare ta av andre, kan du bare spørje om du kan få låne litt, at dei skal få pengane igjen. Svarar dei nei truar du bare med å seie at dei aldri skal få snop igjen, så ’voilà’, der har du pengane i handa. Og viss du har bruk for tenarar, bruk småsysken!

 

Eg hatar veslebroren min. Det er det mange som seie. Kanskje dei mislikar han akkurat då men innerst inne veit dei sjølv òg at dei er veldig glad i han. Dei kan jo ofte lage mye rabalder, men er ganske sjarmerande når dei kjem inn på rommet mens du har besøk eller luggar deg for å få merksemda din.

 

Det er så irriterande når eg alltid blir samanlikna med store broren/ -systera mi! Den kjensla har dei fleste fått. Du får ikkje love å gjere det, for den gong broren din gjorde det så skjedde det og det. Kvifor må me alltid bli samanlikna med sysken? Sjølv om sysken har mange skilnader kan dei vere ganske like òg, og dei små ser ofte opp til større sysken! Då er det lett for foreldra å vere forsiktige med dei mindre, for dei veit kor mykje innverknad dei store har på dei mindre, og dei vil ikkje at dei skal gjere dei same feila eller dei same tinga.

 

Sysken er til for å ha nokon å dele barndomsåra med, nokon å dele minner med, nokon du kan snakke med utenom vaksne og venner, og ikkje minst nokon å ha det gøy samen med!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil