Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Lillebror" av Aksel SandemoseSkriv ut Utskrift

Fyldig novelletolkning av Sandemoses "Lillebror".

Karakter: 6 (VK2)

Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter: Anonym



Forfattaren Aksel Sandmose fekk ikkje oppleva utgjevinga av den siste samlinga si Dans, dans Roselill i 1965, som novella ”Lillebror” var ein del av. Han døydde tidligare same året, berre 66 år gammal. Sandemose blir rekna som ein nyrealistisk forfattar. For nyrealistane blei Freud og psykoanalysen ein viktig faktor, og med det fekk personane eit meir komplisert sjeleliv. Dei blei ikkje lenger skildra som erketypar, men heller som individ med ansvar både for eiga og andre si utvikling. Folk flest forbind gjerne Sandemose med ”Janteloven”, henta frå romanen ”En flyktning krysser sitt spor” frå 1933. Denne ”lova” er stadig aktuell, og blir ofte omtala i våre dagar, då gjerne av idrettsutøvarar eller andre framgangsrike personar som har opplevd at jantelova står sterkt i deira miljø. Med det meiner dei at ein ikkje blir møtt med aksept dersom ein har tru på seg sjølv og vil opp og fram i verda. Denne innstillinga herskar i mange miljø i Noreg; ein må for all del på ikkje tru at ein er noko! Dermed kan ein seia at Sandemose i aller høgste grad gjer seg gjeldande no òg, 40 år etter sin daud.

 

Novella er kronologisk fortalt, og historia føregår over om lag nokre veker. Aller først får vi vita at Ole har fått ein veslebror, Per. Lille Ole er seks år, og har allereie rokke å bli storebror til to då Per kjem til verda. Han er ikkje noko glad for den nyankomne, for han tykkjer han tek for mykje plass i familien som no tel til saman 12 personar. Ole blir så sett til å vera barnepike, det passar slett ikkje inn i Ole sine planar. Ein dag finn han og kameratane ut at dei skal leike seg litt med vogna, og dreg ho etter seg nedover ein farleg bratt bakke. Det leier til klimaks; vogna, med Per oppi, flyg opp i lufta og landar på sida. Nokre få dagar seinare døyr vesle Per av skadane han fekk i ulukka. Men Ole får aldri heilt tak i kva som skjer i heimen, og blir til slutt sitjande som eit spørjeteikn då broren døyr.

 

Forfattaren byrjar novella med Ole sitt forhold til det å få enda eit sysken. Sidan han allereie har åtte, er ikkje ein meir eller ein mindre noko merkverdig. I siste avsnitt overhøyrer Ole mora og faren då dei kviskrar om noko han ikkje skal høyre, dette grunnar Ole svært på, og det er det merkverdigaste han hadde høyrt. Slik ser vi at Sandemose ikkje har laga noko rundforteljing, der historia startar og endar med same hending. Men han har brukt same ordet, merkverdig, og i så måte skapt ein slags samanheng.

 

Synsvinkelen i novella er autoral og allvitande. Forteljaren står utanfor historia, men kjenner likevel hovudpersonen Ole sine tankar ut og inn. På den måten formidlar forfattaren historia på ein spesiell måte, vi står utanfor samstundes som vi og er innanfor. Oles tankar og referansar pregar språket i novella, det er barnsleg og noko ”uferdig”, og innfallsvinkelen er gjennom eit barns auge. Dømer på det er dei tidvis korte setningane, og at vesle Per anten blir omtala berre med namnet sitt, eller med minusord – aldri som ”han”.

 

Sandemose tek i bruk mange verkemiddel for å få fram bodskapen og meininga med novella. Forholdet mellom Ole og barnevogna er svært kontrastfylt. Ole er berre ein liten gut, og den høge vogna blir derfor altfor stor for han. Indirekte kan vi lesa at oppgåva som barnepike er for krevjande for Ole, og det viser seg at han ikkje er vaksen nok for dette ansvaret. Minusord er det mange av, og dei aller fleste handlar om den nyfødde Per. Ole omtalar veslebroren med ei lang rekkje negativt ladde kallenamn, han er til dømes eit lite kryp, eit beist og ein skrikarunge. Vogna hans er som allereie nemnt, stor og tung. Utifrå desse lite flatterande beskrivingane får forfattaren fram at Ole ikkje set noko særs pris på veslebroren. Komposisjonen er neppe tilfeldig, og gjev litt av den same kjensla som Ole sine tankar gjennom novella, kaos og lite samanheng. Det første avsnittet er kort, medan dei to neste er lange. Så kjem to lange, og deretter tre korte. Slik held det fram heile vegen. Språkbruken er ikkje tilfeldig, gjennom å bruka ord som ”underleg” og ”merkverdig” skjønar vi at Ole er ein tankefull gut som, sjølv om han prøver, ikkje heilt klarer å forstå kva dei vaksne snakkar om og tenkjer.

 

Seks år gamle Ole er hovudpersonen i novella ”Lillebror”. Sjølv om han allereie er storebror til to, er det noko særskild som hender med han i det Per kjem inn i familien. Ole saknar kontakten med mora, for ho ser ikkje ut til å ha tid til anna enn å taka seg av den nye babyen. Det fører til at Ole vært likesæl ovanfor broren, og syskenkjærleiken er fråverande. I novella står det ”…men han ble snart sint på det lille bestet som skaffet ham så mye bry”. Då Per blir skadd under leiken med vogna, er Ole si einaste bekymring kva mora kjem til å seia. Korleis det går med broren, bryr han seg ikkje om. Det viser at Ole føler seg åleine, og at hans høgaste ønskje er å bli sett. Vi føler både medkjensle og forståing for Ole, samstundes som han vekker avsky av di handlingane hans fører til eit dødsfall. Hans trong til åtgaum, får store konsekvensar for novellas biperson, Per.

 

Om Per får vi ikkje vita stort meir enn at han er nyfødd, og den tiande i syskenflokken. I fylgje Ole er han ein skrikarunge, men det kjem ikkje klart fram i novella at han er noko særs uroleg barn. Vi får heller ikkje vite noko om dei andre syskena sine haldningar til Per, det er berre Ole sine tankar og handlingar mot broren som er omtala i novella. Sjølv om Per verken seier eller gjer noko, er han ein svært sentral person i og med at han pregar hovudpersonen Ole sine tankar og handlingar så sterkt. Også for Per får ein medkjensle, han har så vidt fått byrja livet sitt før det endar i ei tragisk ulukke.

 

At foreldra til Ole ikkje fortel han at broren Per døydde grunna den omsynslause leiken han og kameratane dreiv med, syner at dei ikkje tek ansvar. Då dei i tillegg lest som ingenting har hendt etter at Per er død, blir Ole usikker og redd. Sjølvsagt ønskjer foreldra og skåna han for den tragiske sanninga, men det ender med at Ole dreg ein absurd konklusjon om det heile; ”Så var vesle Per borte. De hadde nok sendt ham ut på reise med jernbanen, tenkte Ole”. Her kjem det klart fram at Ole ikkje skjønar heilt omfanget av det som har skjedd. Han treng så sårt meir merksemd frå foreldra, men med åtte sysken er det ikkje så lett og bli lagt merke til. Sandemose prøver å seie oss noko med denne novella. Han vil gjerne at foreldre skal vera meir opne med barna sine, av og til treng dei å få vita sanninga sjølv om ho er brutal. Ein skal ikkje lyga for barn, men ein må sjølvsagt ha in mente at dei ikkje er vaksne nok til å veta heile sanninga til ei kvar tid.

 

”Lillebror” er ei spanande og psykologisk novelle, som evnar å setja lesarens tankar i sving. Ho handlar om forholdet mellom sysken, då særleg syskensjalusien. Ho er ikkje heilt ulik Johan Borgens ”Av en født forbryters dagbok”, der vi òg ser verda gjennom ein liten gut sine augo, og alt det det fører med seg av små og store problem i forhold til omgivnadane. I motsetjing til Borgen si novelle, veit ein ikkje heilt sikkert kva tid ”Lillebror” er skriven. Men tek ein omsyn til forfattarens alder og forfattarskap, blir konklusjonen ein gong mellom 1920 og 1965. Då var familiesituasjonen ein heilt annan enn den vi har i dag, og det var vanleg å ha mange fleire barn samanlikna med no. Med så mange små å ta seg av, kan det vera vanskeleg og fanga opp signala frå kvart av dei. Og barneoppdraging fins det framleis mange, og delte meiningar om. Hadde Sandemose vore i live i dag, trur eg framleis ikkje at han ville ha vore nøgd med forholdet mellom vaksen og barn. Mange barn lev i ei fantasiverd der dataspel og oppdikta figurar fortel dei kva som er rett og gale. Sjølv om dei fleste foreldre ikkje har meir enn to barn, er mange av dei for opptekne med jobb og fritidsaktivitetar til at dei klarer å fylgje opp barna sine på noko betre vis enn det dei klarte med 10 barn på 1930- 40 talet.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish