Rovdyr eller husdyr?

Rovdyr eller husdyr? Tekstanalyse.
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Bokmål
Lastet opp
2000.05.27
Tema
Rovdyr

Småfe, som sau og geit, og rovdyr, har kvar sine naturlege plassar i næringskjeden. Derfor vil det alltid vere ein konflikt mellom større rovdyr, som bjørn og ulv og husdyra til ein bonde.

 

Redaktøren i Gula Tidende, Per Håland, har i samband med konflikten skrivi ein leiarartikkel. Innlegget stod på trykk i Bergens Tidende, 28/8©89, i spalta "synspunktet". Håland gjer her uttrykk for si eiga meining kring problemstillinga. Han meiner, i store trekk, at ein ikkje kan frede rovdyra og samstundes prøve å behalde busetnaden i utkantstrøka. Forfattaren meiner at ein bonde må ha same rett til å skyte rovdyr som han har til å skyte hundar som drep eller gjer skade. Samstundes har han ikkje mykje til overs for naturvernarar.

 

Artikkelforfattaren skriv at dei som sit i Direktoratet for naturforvaltning i Trondheim har meir sans for rovdyr enn for husdyra til ein bonde. Håland fortel om situasjonen i Trøndelag, der truleg tre bjørnar herjar og drep buskapen. Han meiner at det er innlysande at bøndene sjølv kjem til å ta affære om dei ikkje snart får fellingsløyve på bjørnane. Vidare kritiserer forfattaren dei naturvernarane som vil verne både slagbjørnar og menneskeetande tigrar i India, utan tanke for konsekvensane.

 

Håland trekkjer fram ei historie om ein barnelege frå Oslo som mellom anna har vore nazist. Legen ville starte eit fond for at ein bonde i Aurlandsfjorden skulle la ein ørn få leve. Håland skriv at det er altfor vanskeleg for bøndene å få vederlag for husdyr som er blitt tatt av rovdyr. Han kritiserer politikarane som seier ein ting og handlar stikk i strid med dette. Til slutt framhevar han at rovdyr passar best andre plassar enn i nærleiken av menneske og husdyr. Artikkelen er meir basert på å påverke lesaren med kjensleladd argumentasjon enn med sakleg informasjon. Artikkelen appellerer til lesarane sine kjensler og er hovudsakleg bygd på gøymd argumentasjon. Forfattaren brukar vurderingar og påstandar som ikkje blir grunngjeve. Det blir appellert tilÔ . .ˆ,. . .p-p-p-°.°.. Ô.den sunne fornufta til lesaren. Argumenta er bare lause påstandar. Dette har likevel sin verknad, fordi motstandaren indirekte blir karakterisert som uvitande eller dum. Håland er både nedverdigande og usakleg når han omtaler dei som sit i Direktoratet for naturforvaltning i Trondheim som: " ein flokk kontorfolk". Dette syner at han drar deira kompetanse i tvil, han meiner at dei ikkje veit kva dei snakkar om.

 

Han bruker spott for å latterleggjere motstandarane sine. I kapittelet om meininga til barnelegen skriv han "eg lo sjølvsagt. Men mannen var alvorleg". Med dette får han fram at andre som ikkje meiner det same som han sjølv er latterlege. årsaka til at mannen ler kan vera at han meiner 5000 kroner mest er ein symbolsk sum, sett i forhold til kva ein ørn kan utrette av skader. At legen har vore nazist har ingen ting med saka å gjera. På dette viset knyter han standpunkta til lege saman med noko grufullt © nemleg nazistane. Også bruken av ordet "herrefolk©tankegangen" kan knytast saman med nazistane. Håland er og spottande i si omtale av Direktoratet. Han skriv mellom anna: "sit på sakene, vrir og ynkar seg" samt "Den snille bamsen kan då ikkje ha drepe alle desse dyra!" Håland bruker teknikken å overdrive for å riva lesarane med seg. Han skriv mellom anna "dyr i hopetal..." og uttrykket: "ikkje tale om". Han får det til å verke som om størstedelen av sauene til ein bonde blir tatt av rovdyr. Han legg skylda på rovdyra for at bøndane får store økonomiske problem og difor må flytte frå gardane sine. Dette er sterkt overdrive. Forfattaren brukar ironi når han skriv om naturvernarane. Han skriv blant anna: "Dei vil og verne tigrane i India © det er ikkje så farleg om nokre born vert drepne og etne, for det er nok att, og India er så langt vekke." Med dette får han fram si eiga meining om at naturvernarar er "dumme". Ironi brukar han og i si omtale av arbeidet til Direktoratet for naturforvaltning i Trondheim ved at han sett orda naturforvaltning og arbeidet i hermeteikn. Håland drar i tvil om dei tilsette forvalter naturen eller gjer nytte for seg.

 

Overskrifta "Rovdyr eller husdyr" er karakteriserande for gjennomgangstema i heile teksta. Håland får allereie her gjett uttrykk for at han meiner ein velje mellom å la rovdyr leve eller drive husdyrhald.

 

Faktautvalet i artikkelen er einsidig. Han tek opp problema bonden møter, men han skriv ikkje noko om konsekvensane som kan komme etter ei totalutrydding av ein dyreart Eg trur artikkelen "Rovdyr eller husdyr" er skrivi for personar som frå før er mot freding av rovdyr. Den er truleg skrivi for distrikts©Noreg der det bor bønder som er innforstått med problemet, eller kanskje er oppe i same situasjon. Eg meiner artikkelen er skrivi på ein slik måte at den tener mot sitt eigentlege føremål. Lesarane vil nepp forandre sitt syn på saka etter å ha lest denne artikkelen. Med bakgrunn i artikkelen kan ein både starte ein diskujon om brotne lovnader frå politikarar og om miljøvern. For å verne eit miljø må man først ta standpunkt til kva for eit miljø ein skal verne.

 

Eg sjølv har respekt for naturen og er interessert i at vi bevarer den i god stand for ettertida. Samstundes vil eg at busetjinga i utkantstrok skal oppretthaldast. Eg trur det er gale med ein anten eller© løysing. Vi skulle klare å finne ei løysing som kan bli godteke av begge partar. Det er inga lov som seir kva som er rett og gale i slike tilfelle. Eg er Ã.ÃmotÄ.Ä total©utrydding av dyreartar og eg er Ã.ÃforÄ.Ä at vi skal behalde eit rikt og mangfoldig dyreliv. Vi har inga rett til bestemme hvilke dyreartar som skal leve, berre på bakgrunn av eigne interesser. Heile naturen er ein økologisk balansegang og om likevekta vert øydelagt kan det få katastrofale følgjer for menneska sjølve. Vi bør kontrollere bestanden av rovdyr til eit nivå som ikkje belastar boskapbestanden for mykje. Men ein må og vere villig til å betale vederlag for de eventuelle skader som vil oppstå.

 

Dei som fastsett om det skal delast ut fellingsløyve må setje seg nøye inn i saka og vere godt informert om sanninga. Eg synast vi skal prøve å legge høva til rette slik at husdyr, r rovdyr og menneske kan leve samen i harmoni. ŒTil slutt vil eg seie meg sterkt ueinig i synspunktet til Håland om at rovdyr best høyrer heime i barnesongar og eventyr. Eg synast det må enkelte spenningsmoment til for at skogane våre skal behalde litt av sin mystikk.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst