Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Soga om Gisle SurssonSkriv ut Utskrift

Analyse av "Soga om Gisle Sursson".

Karakter: 5-6 (VK2)

Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:



Soga handler om Gisle og hans ætt og vener. Den byrjar med at me møter familien i Noreg; Torbjørn (far), Tora (mor) og borna Tordis, Torkjell, Gisle og Are. Etter eit par konfliktar må familien flytte til Island – berre Are vert att. Etter at Torbjørn og Tora døyr, tek Torkjell og Gisle over eigedomen og ansvaret for syster si. Torbjørn giftar seg med Åsgerd og Gisle med Aud, medan Tordis vert gifta bort til Torgrim.

 

Gisle, Torkjell, Torgrim og Vestein (bror til Aud) er gode vener, og på eit vårting ønskjer dei å sverja seg saman i fosterbrorskap. Dei set i gang eit rituale, men plutseleg trekk Torgrim handa si vekk frå Vestein – han vil ikkje binde seg til ham. Gisle svarar med å trekke si hand frå Torgrim. Venskapen er broten, no får lagnaden råde.

 

Konflikten mellom Gisle/Vestein og Torkjell/Torgrim er svært viktig i soga. Då Torkjell overhøyrer ei samtale mellom Aud og Åsgerd seinare, får han greie på at kona har vore utro med Vestein. Han eggjar opp Torgrim som til slutt drep Vestein. Gisle kjenner att spydet i Vestein sin kropp, og som den som drog det ut, er han plikta til å hemne. Ei vinternatt snik han seg ut og drep Torgrim. Bork (bror til Torgrim) får ein trollmann til å kaste trolldom over drapsmannen, så han ikkje skal få hjelp hos nokon –så dreg han til tinget for å reise sak mot Gisle.

 

Gisle vert lyst fredlaus. Dei neste åra vekslar han mellom å bu hjå Aud, og å bu hjå frendar. Trolldomen gjer det vanskeleg for han å få hjelp, og Torkjell er nok den som svik han mest. Han vil ikkje gje Gisle noko hjelp som kan setje han sjølv i fare. Gisle tek sviket tungt. Han har mange draumar denne tida. Til dømes drøymer han om to kvinner: Ei god og ei vond, som båe to spår framtida hans. Han drøymer og om sju eldar, dei symboliserer vintre han har att å leve.

 

Vesteins to søner; Helge og Berg, ønskjer å hemne far sin. Dei kler seg ut som tiggarar, og oppsøkjer Torkjell på tinget. Der drep dei han med hans eige sverd, og som Gisle hadde spådd tidlegare i soga, døyr Torkjell føre han.

 

Etter som vintrane går, vert draumane stadig vondare, og den siste sumardagen sjuande året, dreg Gisle saman med Aud og fosterdottera Gudrid til eit av gøymestadene hans for å sjå om han kanskje får sova betre der. Bork har hyra Øyolv den grå for å drepa Gisle, og han og mennene hans finn spor etter Gisle og dei andre i doggen. Dei følgjer spora, og det vert snart ein kamp på liv og død. Gisle sloss mot fjorten menn, og drap åtte av dei. Han kjempa djervt, og sjølv om han fekk banesår greidde han å kvede ei strofe til Aud, før han kløyvde ein mann i to og døydde.

 

Vesteins søner dreg til Noreg i lag med Gunnhild (mor deira), Aud, Gudrid og Geirmund (bror til Gudrid). Der dukkar plutseleg Are, bror til Torkjell og Gisle opp, og drep Berg. Helge dreg til Grønland. Slik endar soga.

 

Soga er skrivi med autoral synsvinkel. Dette er typisk for ættesogane, -forteljarstilen er nøytral og refererande. Forfattaren er sakleg i si framstilling av personane. Me lærer personane å kjenne gjennom handlingane deira, ytre skildringar og dialog. Stilen er enkel, det er korte setningar og eit munnleg språk. Sjølv om det er brei eining om at soga om Gisle Sursson høyrer til bokprosaen, har nok i alle fall deler av soga munnleg opphav.

 

Forteljinga er bygd opp i kronologisk rekkjefølgje, og det vekslar mellom detaljert skildring av hendingar, og store hopp ”no var det stilt ei tid”. Dette er med på å skape spenning. Ein stadig tilførsel av nye konfliktar driv handlinga framover. Sjølv om handlinga er kronologisk, får me også frampek i form av Gisles kvad og draumar. Gisle er synsk, og kan sjå kva som skal hende før det hender. Dermed får lesaren eit ønskje om å lesa vidare.

 

Som i alle ættesogane, er ætten svært viktig i soga om Gisle Sursson. Ættesogane har sitt opphav på Island, og er lagt til Landnåmstida. I denne perioden var det stor utvandring frå Noreg til Island, og det nye islandske samfunnet hadde ikkje kome riktig i orden ennå. I ei tid med mye lovlause, og mangel på struktur, vart ætten ditt einaste sikre haldepunkt i ei verd av kaos. Alltinget kom i 930, men hadde liten makt – folk fann det enklare å ordne opp på eige hand. Ætten gav tryggleik, men også forplikting. Den kravde at ein stilte opp for slekta, og sette ein standard for normer og moral. Ætten omfatta både slekt, nære vener og inngifta slekt.

 

Å stille opp for slekta, i alle situasjonar, var heilt sjølvsagt for ein mann/ei kvinne med høveleg moral. Å svike slekt vart sett på som feigt og lite ærefullt. Dette med ære var ei viktig sak for folk på denne tida. Det vart sagt (til dømes i Håvamål) at det viktigaste ein mann åtte var ettermælet sitt, for alle ting døyr, men ettermælet lever vidare.

 

I soga om Gisle Sursson kan me sjå på Gisle og Torkjell som sterke motsetningar når det gjeld personlegdom. Gisle er den ærefulle, den som følgjer tidas idealer, medan Torkjell er den ærelause, svikefulle. Sjølv om Torkjell er den eldste, vert det Gisle som tek over som familiens overhovud når faren døyr. Han opprettheldt familiens og systeras ære, medan Torkjell til ein kvar tid følgjer den som han føler er sterkast, utan tanke på kva som er best for ætten.

 

Dersom nokon fornærma deg eller nokon i slekta di, måtte fornærminga attgjevast, helst verre enn den fyrste. Om nokon i ætten din vart drepen, måtte det hemnas. Fornærmingar avla fornærmingar, drap avla drap. Fenomenet vart kalla blodhemn, og var vanlegaste måte å få rettergang på. Etter kvart høyrer me også om at Bork får Gisle lyst fredlaus for drapet på broren. Dette var mogleg; personen som vart lyst fredlaus kunne drepast av kven som helst, og drapsmannen kunne vanlegvis krevje 3 mark for ”jobben”. Gisle får på ein måte enda eit pluss i boka når Bork lovar Øyolv heile 45 mark (nesten 10 kilo sølv) for å ta livet av ham.

 

Lagnadstrua var sterk i vikingsamfunnet. Eg vil tru at det hang saman med Åsatrua, - i den gamle norrøne mytologien trudde dei at det sat tre norner ved foten av verdstreet. Desse var lagnadsgudinner som spann lagnadstråden til alle menneskja. Dei starta å spinne når ein person vart fødd, og vov inn hendingar i livet deira. Det var dei, og berre dei, som bestemde kva som skulle hende i ein person sitt liv, og det var dei som kutta tråden når nokon døydde.

 

Que sera, sera – Det som skjer det skjer. Slik var den allmenne oppfatninga i samfunnet. Me merkar dette særs tydeleg når dei fire venane skal sverja seg saman i fosterbrorskap. Ein mann som heiter Gjest Oddleivsson spår at venskapen deira ikkje vil vare, og når Gisle resignerer etter det mislykka ritualet, seier han at ”no får lagnaden rå med dette”. Det er ikkje noko han kan gjere, lagnaden kan ikkje endrast.

 

I soga høyrer me at Bork får trollmannen Torbjørn Nev til å kaste trolldom over Gisle, og hindre han i å få hjelp. Me høyrer óg om Audbjørg, mor til Torstein, som manipulerer veret, og skapar eit snøskred som drep Berg, mannen som såra sonen hennar. Overtrua var sterk i vikingtida, og folk som skulle ha overnaturlege evnar vart både frykta og beundra. Det var mange ”kloke koner” som kjende legande urter og liknande, som vart tillagt magiske evner.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish