Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
IndianerSkriv ut Utskrift
Om indianere.
Bokmål - ResonnerendeForfatter:



I år er det 500 år sidan Christopher Columbus "oppdaga" Latin-Amerika. Eg set oppdaga i gåsauge, fordi då Columbus kom dit, budde det allereie rundt 100 millionar indianarar der. I byrjinga blei conquistadorane (erobrarane), teke godt imot av urbefolkninga, og dei fekk gåver og mat som teikn på respekt. Indianarane fatta likevel fort at europearane var besett av tanken på gull og makt. Etter kvart som indianarane blei meir og meir klar over kva europearane ville, freista dei å gjere opprør. Opprøret blei slått tilbake, og dette er grunnlaget for den hittil 500 år lange konflikten i Latin-Amerika. Konsekvensane av inntoget til europearane blei etter kvart veldig store, og situasjonen til indianarane har berre blitt verre og verre.

 

"Oppdaginga" til Columbus blir i desse dagar feira i svært mange vestlege land, og ikkje minst blant dei rike slektene i Latin-Amerika. Likevel spør mange seg med god grunn om det er riktig å feire denne hendinga, som eigentleg berre var byrjinga på 500 år med organisert undertrykking og utrydding av indianarane.

 

I løpet av dei første åra etter at europearane kom til Sør-Amerika, blei mesteparten av den opphavlege befolkninga utsletta. Då erobrarane kom var det som sagt rundt 100 millionar indianarar der, men 100 år seinare var det under 10 millionar tilbake. Det vil altså seie at 90% av alle indianarane døde på 100 år. Det finst fleire medverkande årsaker til dette enorme folketapet, men det er likevel lett å sile ut dei viktigaste.

 

Ei særs viktig årsak var at europearane brakte med seg mange nye sjukdommar til Latin-Amerika. Dette kunne vere vanlege sjukdomar i Europa, som til dømes kusma, meslingar og influensa, men i Latin-Amerika var dei nye. Dei var heilt ufarlege for europearane, men for indianarane som ikkje hadde utvikla antistoff mot dei, var dei dødelege. På grunn av dei elendige forholda til indianarane etter erobringa, tok det •g unormalt lang tid før antistoffa var på plass, og av den grunn døde enormt mange menneske.

 

Ei anna årsak til det store folketapet, var at indianarane blei utsett for eit av dei største folkemorda verda har sett. Europearane var indianarane totalt overlegne når det gjaldt våpenteknikk, men den aller største fordelen var kan hende at dei hadde hestar. Indianarane hadde aldri sett menneske ri på hestar før, og dei blei nesten lamslått då dei såg det. Med kombinasjonen hestar, gevær, kanonar og rustningar, kunne europearane utslette indianarane utan særskilde problem. I byrjinga dreiv europearane •g med storstilt misjonærverksemd i Latin-Amerika, og dei møtte då sjølvsagt på andre religionar. Dei som ikkje ville la seg kristne, blei drepe, og ein kan på ein måte seie at erobrarane gjekk med korset i den eine handa, og geværet i den andre.

 

Mange indianarar døde •g av svolt, som ei følgje av at europearane dreiv dei bort frå gardane deira.  ta jorda frå indianarane, var det same som å ta frå dei grunnlaget for livet deira. Europearane trong gardane til å dyrke verdifulle råvarer, som til dømes sukker, bomull, tobakk, kaffi og gummi. Dei som budde i regnskogen, blei •g ramma av frammarsjen og avskoginga til europearane. Det er heilt klart at det var to særs ulike kulturar som støytte saman, då europearane kom til Amerika. Ser ein til dømes på jordbruket, oppdagar ein store forskjellar. Indianarane såg på jorda som felleseige, medan europearane delte ho opp i eigedommar. Det seier seg sjølve at det måtte oppstå konfliktar på grunn av dette.

 

Mange indianske kulturar og religionar blei øydelagd på grunn av koloniseringa, og det førde til at indianarane mista mykje av sitt sjølvstende. Mange av desse kulturane var svært avanserte, særleg når det gjaldt utnytting av jorda, og på mange område var dei meir avanserte enn dei europeiske. På grunn av folketapet forsvann •g mange indianske språk, og på den måten blei det vanskeleg å drive undervisning. Koloniseringa og tapet av desse kulturane, sette dermed dei indianarane som overlevde, fleire hakk tilbake i utviklinga si.

 

Eitt av hovudmåla til conquistadorane var å finne gull og sølv, som dei kunne ta med seg heim. Det hadde i fleire år vore krig i Europa, og behovet for ressursar var enormt. Då dei så oppdaga dei rike gullførekomstane i Latin-Amerika, byrja dei å frakte gullet heim til Europa. I løpet av 150 år blei over 550 tonn reint gull og 50.000 tonn sølv plyndra frå Latin-Amerika på denne måten.

 

Mange av dei indianarane som budde i regnskogen blei tvinga bort frå heimane sine og inn i byar, som ei følgje av den storstilte avskoginga. Denne urbaniseringa var svært uheldig, for i byane hadde dei kvite makta. Indianarane blei sett ned på av dei kvite, og det var derfor svært vanskeleg for dei å få seg arbeid då dei kom til byen. Dette er eit problem som framleis er like aktuelt, og vi ser ofte døme på at indianarar blir sett på som mindre intelligente enn dei kvite. Byane blei •g fort overbefolka, og det oppstod fort store slumområde. Desse områda eksisterer den dag i dag, og i dei bur indianarar som lever langt under det vi ser på som minste livsvilkår.

 

Ei av hovudårsakene til at landa i Latin-Amerika ikkje klarar å betre situasjonen for indianarane, er at dei har ei enorm utanlandsgjeld. Då kolonitida var over, måtte koloniane først kjøpe seg fri frå kolonimakta, og så betale England for å bli internasjonalt godteke. Dette kosta enormt, og hadde dei ikkje nok kapital, måtte dei ta opp lån. Etter kvart har landa klart å betale tilbake mykje av denne gjelda, men dei har og tatt opp nye lån. Desse pengane brukte landa til å få fart på industrien, gruve- og skogsdrifta. Alle desse låna har ført til at dei fleste landa i Latin-Amerika ikkje lenger har råd til å investere i noko, fordi all inntekt går til nedbetaling. Brasil har til dømes ei utanlandsgjeld på nær 850 milliardar kroner.

 

I år, 500 år etter "oppdaginga" av Latin-Amerika, blir ei indianarkvinne tildelt Nobels fredspris. Rigoberta Mench— frå Guatemala blir tildelt prisen på grunn av innsatsen sin for menneskerettar og for fremme av maya-folkets interesser. At ho kjem frå Guatemala er ganske interessant, fordi det var nettopp i Guatemala at opprøra mot feiringa av jubilŠet starta i 1989.

 

Rigoberta Mench— er i dag ei sentral kvinne i den indianske frigjeringskampen, og med fredsprisen i handa kjem ho truleg til å få endå større kraft til å påverke styresmaktene. Indianarar langt utanfor grensene til Guatemala jubla då dei fekk høyre nyheita om tildelinga av fredsprisen, og det er naturleg å tru at kvardagen deira kjem til å bli betre i framtida.

 

I avisene har vi i den siste tida lese om korleis Rigoberta Mench— og familien hennar har vore forfølgd dei siste åra. Ho er på "dødslista" til styresmaktene, og mange frå familien hennar er allereie blitt drepe. Like etter tildelinga av fredsprisen, gjekk likevel styresmaktene i Guatemala ut og gratulerte ho. Kan hende har det internasjonale presset ført til at dei har skifta meining? Nobels fredspris er ein internasjonalt kjend pris, og det vakte oppsikt over heile verda då ho fekk han, så det er naturleg at regjeringa i Guatemala ikkje lenger tør forfølgje henne.

 

Likevel har eg vanskeleg for å tru at tildelinga av fredsprisen får nokon stor verknad for indianarane i Amerika. Etter eit par månader er tildelinga stort sett gløymd, og då kjem dei gamle tradisjonane på plass igjen. Ein må ikkje gløyme at dette er tradisjonar og levemønster som er omkring 500 år gamle, og personleg trur eg at problema har fått for godt rotfeste. Det må truleg sterkare lut til enn ein fredspris, dersom problema til indianarane skal løysast.

 

Sjølv om situasjonen ikkje ser så lys ut for indianarane, må ein ikkje gi opp håpet. Ved det amerikanske presidentvalet i førre veke, blei det klart at ei indianarkvinne var valt inn i kongressen. Dette er ei historisk hending, for aldri før har ei indianarkvinne vore i nærleiken av slik makt. Kanskje kan ho fremme saka til indianarane slik at ei løysing kan kome. Fredsprisen er •g eit lite lyspunkt i tilværet deira, og dersom dei klarer å ta skikkeleg vare på han og dei mogelegheitene han gir, kan han kanskje vere ei byrjing på fridomen deira. Målet må iallfall vere å få i stand eit samfunn, der indianarar og kvite er likestilte, og der undertrykking ikkje eksisterer.

 

Kjelder: Yli-Avisa/Operasjon Dagsverk’92-hefte


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish