Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Leve Luki!Skriv ut Utskrift
Luki kommer tilbake til vennegjengen etter et år. Den trykkede stemmingen er til å ta å føle på.
Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym



Du store kinesar! Sjå på den fyren der! ropte Musungen.

-Undrast på kva for ein anstalt han har rømt frå?

Og Herbert måpte og spurde: -Kven er det der?

 

Eg visste kven det var i same augneblinken han kom rundt hjørnet, for eg er nokså langsynt. Han som sat på sykkelen, var Luki!

 

Luki hadde langt svart hår som flagra i vinden, bustete augenbryn og mørke auge. Eg har kjend Luki sidan eg var liten, men no var det lenge sidan eg hadde sett han. Ikkje sidan det som skjedde sist sommar.

 

Sykkelen kom nærare.

-Luki, sa Musungen forundra.

Herbert og musungen byrja å springa mot sykkelen. Herbert høg og tynn, Musungen lav og lubben. Eit morosamt syn, smålo eg for meg sjølv.

 

Eg sette isen frå meg på den rutete duken i den vesle kaféen og gjekk etter dei. Vêret utanfor var nydeleg: Blå himmel og sola som skein på styret på sykkelen. Luki såg bort på meg, eg slo blikket ned.

 

-No må du eta, Silje! Ei fyldig, vaksen kvinne stod på det lyseblå kjøkkenet, ved sida av henne sat ei jente på rundt 13år. Håret hennar var raudleg og krøllete. Silje knep att munnen, medan ein dråpe slim pipla fram frå munnvika. Ho rista på hovudet, og mumla nokre ufårstålege lydar.

 

-Lenge sidan sist, våga Luki fram.

Eg såg på han, nikka med hovudet og vendte blikket ned att mot skoa mine.

-Så du er betre no? mumla eg. Herbert og Musungen kikka nervøst på kvarandre, begge pinleg merka av den trykkjande stemmninga som låg i lufta.

-Eg vil ha ein is til eg, sa Herbert muntert, dei lyse løkkande dansa ikring hovudet hans.

Heile flokken tusla stille bort til kaféen.

 

Telefonen ringte på kjøkkenet.

-Hallo, du snakker med Fru Hansen. Det var legen.

Fru Hansen likte ikkje desse samtalane, ho visste godt at Silje ikkje blei betre, og ho trengte ikkje nokon til å minne ho på det. Stemmen hennar blei hard og skjelven.

-Då seier me klokka 14.00. I rein frustrasjon slengde ho på røyret, og snudde seg mot Silje.

-Èt, sa eg! Ropte Fru Hansen før ho brast i gråt.

 

Det var folketomt på kafèen.

-Kvar er bilen din da, Luki? spurde Musungen og stira på han. Luki såg vekk og svara fort, -Eg selde han.

Musungen og Herbert blei begge stille, ingen av dei turde å spørje meir.

-Skal det vera noko meir? Ho lyse servitrisa kom bort til oss. Uniformen hennar var krittkvit, og blenda nesten augo mine.

-Nei takk. Svara eg, og myste mot dei andre. Alle tre ville ha ein cola.

 

Silje såg på mora som sat der med hendene foran andletet sitt, ho kunne sjå tårene renne nedover halsen og mellom fingrane hennar. Ho visste mora hadde det vondt, og det var hennar skuld. Silje ville så gjerne trøysta mora, men kroppen hennar nekta. Han nekta alltid. På utsida var ikkje Silje som alle andre på hennar alder. Ho hadde vore det, før ulykka, men ikkje no lenger..

 

Sola skein framleis, og praten gjekk lystigare no.

-Ligg båten framleis ved kaien? undra Luki og kikka på Herbert. Herbert nikka.

 

Den 42 fot store, kvite yachten lå fortøyd ved kaien.

-Wow! Han verkar mykje størrre no, måpte Luki.

Herbert gliste nøgd. Han var veldig stolt over båten, og særlig stolt var han då Luki likte han, han som var to år eldre.

 

Ein bil suste forbi på vegen, i farte såg eg det var Anette og Bente, to jenter frå klassen. Tankane mine, som før hadde dreidd seg om båten, føyk no tilbake til sist sommar. Vêret var nett det same som no, farten på bilen var slik som Anette sin. Vinden bles i håret.

-Dunk! Bråstans... -Faen! Ropte Luki.

Eg lente hovudet ut frå bilvindaga; raudleg krøllete hår, på ein liten lys kropp som låg i vegkanten. Eg snudde meg tilbake. -Køyr...

 

Bilen køyrde vidare. Luki mumla helvete for seg sjølv et par gonger, før han blei heilt stille. I spegelen kunne eg sjå at huden min hadde fått ein ekkel, kvit farge.

 

-Mads! Ein høg røyst reiv meg tilbake til verkelegheita.

-Kjem du? Det var Luki som ropte. Alle tre hadde gått ombord og stod og venta på meg.

Eg nikka til svar, og klatra ombord. Sakte men sikkert dreiv tankane tilbake til seinare den sommaren. Luki som prøvde å ta sjølvmord...

 

Fru Hansen hadde slutta å gråte no. Ho tok Silje i handa.

-Alt skal bli betre vennen, eg lovar.

 

Eg huskar godt den dagen eg fann han med sprøyta i armen. Kroppen hans heilt stiv og bleik. Utav munnen kom kvitt skum. Han rista..

-Leve Luki, lev!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish