Soga om Gisle Sursson

Tolkning av sogaen om Gisle Sursson, samt kort referat og historie frå den tida.
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2005.09.26

Sjølv om soga startar i Noreg, kor blodfeidar med Holmgangs-Skjegge førar til at Tordis, Torkjell og Gisle drar over havet til Island, byrjar ikkje den verkelege handlinga før Lagnaden.

 

Lagnaden er ein spådom om at dei fire – Vestein, Torgrim, Torkjell og Gisle – ikkje vil holde lag om tre somrar. Gisle prøvar sjølvsagt å endre dette ved å sverje fosterbrorskap mellom dei fire. Men Torgrim vil ikkje binde seg til Vestein, og det gjer at Gisle ikkje vil binde seg til ham.

 

Årane går. Gisle byrjar å drøyme om Vesteins død, og ikkje lenge etterpå vert det sannspådd. Han mistenkjer Torgrim, og drep han til slutt. Ingen veit kven som drap Torgrim, inntil Tordis, hans kone og Gisles syster, overhøyrer eit av Gisles kvad. Ho giftar seg med Bork Digre, Torgrims bror, og krev søksmål mot Gisle. Hovudpersonen sjølv sel garden og flyktar, og vert lyst fredlaus av tinget.

 

I mange år er Gisle på rømmen, stadig med sine draumar om godt og vondt. Han vert forfølgt av Bork og hans menn, inntil Bork går lei og utløysar ein dusør for å fange ham, og Øyolv Grå tek utfordringa. Han finn Gisle i Geirtjovsfjorden, men det tek seks mann og to med banesår før Gisle dør, æra og ettermælet hans i god form.

 

 

Vi blir kjent med mange personar i Soga om Gisle Sursson, men det er alt for mange til å nemne her. Blant disse er hovudpersonen sjølv, Gisle, og hans bror Torkjell. Dei er to brør med to heilt ulike personlegdommar.

 

Gisle Sursson er ein fryktlaus krigar og ein solid arbeidskar. Han sett ætta og æra over alt anna, og oppfører seg i følgje moralen og etikken frå vikingtida. Sjølv om han er tradisjonsbunden og konservativ, leggjar han av seg blotinga etter å ha vore i Danmark og lært kristendommen å kjenne. Han er også helten i historia – sterk, modig, klok og trufast – og som i alle forteljingar går det godt med ham, trur vi. Men saka er slik at historia om Gisle er i botn, tragisk. Han handlar heile tida i følgje normene som er satt, og trur det er rettast, og lever med ære. Men til slutt visar det seg at dei kristne verdiane i sogen spillar inn, og han får sin straff. Ein heltemodig død, vel og merke, i typisk sogestil.

 

Hans bror Torkjell Sursson, derimot, er Gisles klare motsetning. Han er ikkje glad i våpenkampar eller i å arbeide, og han rettar seg heller til loven for rettargang i staden for blodhemn. Det er tydeleg at han er ein av dei som treng nokon å følgje, fordi han ikkje er modig nok til å stå aleine. Dette skapar sjølvklart mange konfliktar, spesielt mellom brørne. Torkjell vil nemleg ikkje ofre sin ære ved å hjelpe Gisle openlyst når han er på rømmen. Det er då Gisle kjem med spådommen om at Torkjell vil dø før ham, og det går i oppfylling. Torkjell vert drepe med sitt eige sverd av Vesteins søner, Berg og Helge. Hans død vert ikkje hemna før Berg møtar på Are (Gisle og Torskjells bror) i Noreg.

 

 

Soga om Gisle Sursson tek sted medan kong Håkon Adalsteinsfostre (935-961) og kong Harald Gråfell (961-970) rådde over Noreg. Tida kan også kallast landnåmstida, då nordmenn emigrerte til Island og Grønland.

 

Islendingsogene, som Gisle Sursson fell inn under, vart skrivi ned på 1200- og 1300-talet av ukjente forfattarar. Rundt denne tida vart kristendommen meir utbredt, og ein skulle jo tru at forteljingane bar nokon av dei kristne verdiane, men nei. Som vi las i Gisle Sursson, kan vi sjå at det handlar om ættekjensler, ære og blodhemn.

 

Etikken i vikingtida og dagens gjengetikk (for eksempel gategjengane i Amerika) har faktisk nokon likskapar. Begge går ut på det same: Tullar du med han, så tullar du med meg. Slik var det i gamle dagar. Viss nokon hadde gjort ein ugjerning mot ein mann, hadde ætta ansvar for å hemne ugjerninga.

Sjølvsagt, så kan jo dette utvikle seg til ein omstridt og langvarig slektsfeide. Då er vi komen inn på omgrepet blodhemn. Som oftast kunne hemnen verte retta mot ein anna ein gjerningsmannen sjølv, især viss ein træl hadde forbrote seg mot nokon. Då måtte slekta han/ho var i teneste hos stå til ansvar.

Æra i vikingtida var ein viktig verdi for islendingane. Det handla om å leve livet i forhold til moralen og etikken på den tida, og æra vart ofte knytte til døden. Døde ein med ære vart ein sikra eit godt ettermæle, og døden skulle ein møte med rak rygg.

 

Sogetidas samfunn var mannsdominerande, men ikkje alle konfliktar var basert på menns ulikskapar. Kvinna spilte ofte ein viktig rolle i sogene. Ho kunne vere lys og mild, eller mørk og farlig, men begge vil påverke handlingane. I Gisle Sursson har vi Aud, kona hans, som følgjer han i tykt og tynt, men som til slutt kan nesten verte grunnen til at helten dør. Alle spor etter Gisle fører til Geirtjovsfjorden, kor Aud bur, og staden vert hans bane.

 


”Han såg dei, og dei likeins han. Då sende ein av dei eit spyd mot han, men Gisle tok det i lufta og sende det attende, og det råka midt på Torodd og flaug tvers gjennom han.” (Soga om Gisle Sursson, kap. 20)


 

Som vi kan sjå frå utdraget, er språket nesten fri for store ord, eller lange beskrivingar. Sjølve stilen i sogene er bygd på enkelskap og ordknappskap. Forteljaren held seg gjerne til heilsetningar, og vekslar mellom presens og preteritum i skildringa av hendingar som har skjedd. Dette, saman med inversjon og utbrytning, ytar til å gjere forteljinga svært uttrykksfull.

 

Denne måten å dikte på, ein slags autoral, refererande stil, gjer sogene spennande å lese. Sjølve handlinga kjem tydelegare fram, og skjuler seg ikkje bak metaforar, overdrivingar og liknande. Forteljaren bryr seg rent lite om kva som hender i dei indre monologane, og fokuserar meir mot kva personane gjer, ettersom dette faktisk er tida då handlingane deira påverkar æra. Skildringar av natur og personar er også få, og vi får berre kjenne personlegdommane ut frå dialogane.

 

”Kvinna sa til han som kved:

krigar du gjæve, merk vel

kor mange bål som brenn

bjart her inne i huset:

Så mange år, sa møya

maktar du enno å leva!

Stutt er no stunda til

skalden vil få eit betre liv.”

(Soga om Gisle Sursson, kap. 22)

 

Draumar og lagnader var også noko som gjekk igjen i islendingsogene. Dei fortalde ofte korleis livet ville gå for ein person, slik som Gisle, som vart spådd å dø etter sju år, noko som til slutt skjedde. I soga spådde også ein gamal mann at Vestein, Torgrim, Torkjell og Gisle ville skilje lag etter tre år, og det gjekk også i oppfylling.


I korte trekk kan ein beskrive komposisjonen i sogene slik: eksposisjon (draumar/frampeik) – konflikt (komplikasjonane) – klimaks (helten dør) – hemn (helten verte hemna/forsøkt hemna) – forsoning (kampane er over, harmonien oppstår) – epilog (statisk referat om kva hende med dei som overlevde).

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst