Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Flyktning i NorgeSkriv ut Utskrift
Om Norges flykningspolitikk
Bokmål - ResonnerendeForfatter:



Nittiåra er så langt det store flyktningtiåret. Ikkje nokon gong sidan dei store flyktningstraumane i kjølvatnet av den andre verdskrig, har det vore fleire flyktningar i verda enn no. Ved inngangen til 1995 var det av FN registrert over tjue millionar flyktningar i verda ­ over dobbelt så mange som for ti år sidan. I tillegg kjem dei om lag 24 millioner internt fordrevne, som også er på flukt. Det vil seie at det på verdsbasis er langt på veg 50 millioner menneske som er på flukt, eller at nær kvar 110. person i verda i dag er på flukt.

 

Dei siste åra har flyktningstraumar frå det tidlegare Jugoslavia dominert i Europa.

 

Kva er eigentleg ein flyktning? FN-definisjonen seier at ein flyktning er ein person som har velgrunna frykt for å bli forfølgt grunna rase, religion, nasjonalitet eller tilknyting til ei spesiell sosial gruppe, eller grunna si politiske oppfatning , oppheld seg utanfor det landet ein er borgar av, og som er ute av stand til, eller grunna slik frykt ikkje ynskjer å søke dette landets vern.

 

Norge har ein liknande definisjon i Framandloven, men til tross for dette er praksis i Norge langt frå eintydig og klar. Norge har ikkje vore noko enkelt land å kome til for flyktningar. Dette har vi hatt mange døme på dei siste åra, sist med dei to kenyanske jentene som ikkje fekk opphaldstillating i Norge. Veldig få får i det heile opphaldstillating i Norge.

 

Dei som flyktar gjer det av ulike motiv, men oftast er det grunna krig. I heimlandet kjennar dei seg ikkje trygge lenger, og dei føler seg hjelpelause. Dei reiser difor til eit anna land kor dei kan oppnå tryggleik. Vel fremme i det nye landet får dei nye problem dei må taklast med. Kanskje det største er å tilpasse seg en ny kultur, eit nytt språk og nye normer. Det nye landet står for nye sjansar, men framfor alt tryggleik. Kva gjer så denne "flukten" med eit menneske?

 

Sjølv om ein er trygg i Norge opplever flyktningar likevel uvisse da dei ikkje har kjennskap til nokon eller noko. Dei kjenner, vanlegvis ikkje tradisjonane, reglane, systemet, maten og normene i et norske samfunnet.

 

Det har sidan dei fyrste flyktningane kom til Norge vore mange fordommar som mange faktisk har trudd på. Eit døme er at Norge ikkje har råd til å ta i mot flyktningar og innvandrarar. Landet burde heller bruke pengar på dei gamle og sjuke. Dette er heilt feil då fleirtalet av dei 148 000 utanlandske statsborgarane i Norge er i lønna arbeid, og difor er med på å betale for fellesskapen. Dei utgiftene Norge har med flyktningar og asylsøkjarar utgjer bare 0,5% av det totale statsbudsjettet. Eit anna døme er at ingen innvandrarar orkar å arbeide og at dei lever på pengar frå sosialkontoret. Ingen innvandrarar får kome inn i Norge utan at dei er sikra jobb eller utdanning. Dei nye i landet fylgjer same praksis som alle andre nordmenn. Dei er nøydd til å ta den jobben som arbeidsformidlinga tilbyr dei. Det klassiske som dei fleste i Norge faktisk seier er at innvandrarane tek jobbane ifrå oss.

 

Undersøkingar viser at mange innvandrarar, flyktningar og asylsøkjarar jobbar i dårleg betalte yrke som ikkje er veldig attraktive for nordmenn.

 

Det alle seier, om dei er rasistar eller sosialistar, er at dei som kjem til Norge må lære seg språket som vi snakkar. Dette er Alfa Omega i alle samanhengar. I en jobbsituasjon stiller innvandrarar sist i køen når han snakkar dårleg norsk. Det hører til unntaka at ein utlending får ein jobb når det er mange norske søkjarar. Eit unntak frå "regelen" er når lederen for Gardermo-utbygginga blei tilsett. Stillinga blei då gitt til ei pakistansk kvinne.

 

Eg meinar at det offentlege bør stå for eit tilbod til alle dei nye som kjem til Norge.

 

Mange innvandrarar seier då at dei ikkje vil gi slipp på sitt eige språk. Dette er ikkje meininga heller. Meininga er at ein skal lære seg språket slik at ein skal bli betre i stand til å ta ein meir aktiv del i det norske samfunnet.

 

Det andre dei bør hjelpe til med er å skaffe arbeid til flyktningar. Eg meiner ikkje at dei skal stå først i køen i alle jobbsituasjonar, men at dei kanskje kunne få enkelte fordelar.

 

Igjen har språk ein viktig tyding. Det offentlege bør sørgje for å betre informasjonen til dei som kjem til Norge. Dei bør bli informert om kva som ventar dei her oppe i nord.

 

Kvar enkelt bør unngå å kome med utspel som kan tolkast som rasistiske i alle samanhengar. Ein bør prøve å sørgje for at innvandrarane blir i stand til å ta seg fram i samfunnet sjølv, og bestemme over sin eigen lagnad. Kort sagt ta ansvar for seg sjølv. Alle bør prøve å legge forholda betre til rette for innvandrarane slik at dei kan oppnå tryggleik etter mange år i angst, uvisse og redsel.


annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish