Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
StraffSkriv ut Utskrift
Om forskjellige straffereaksjoner.
Bokmål - ResonnerendeForfatter: Anonym



Straff kjem eigentleg frå personhemn, kor prinsippet auge for auge, tann for tann herska. Etter kvart som samfunna voks fram, og makta til staten vart auka, hevda staten at hemnen tilhøyrde han. Ettersom åra gjekk vart det da staten som avgjorde og sette straffa ut i live. Dei vanlegaste straffemetodane var dødsstraff, brennemerking og gapestokk. Ikkje før i det syttande hundreåret kom ein skikkeleg i gang med straff som tok frå ein fridomen. Fridomsstraff, har vore meir og meir brukt. I starten var det vanleg å nytte tortur, i dag er fengsel og bøter mest brukt. Korleis utviklinga kjem til å bli er vanskeleg å spå. Nokre er for ei ytterlegare liberalisering av straffereaksjonane medan andre vil gå nokre steg attende i tida.

 

I Noreg hev me fleire former for straff. Straffene som er mest brukt er førelegg og bøter. Vi har også straffer som samfunnstjeneste, tap av rettar, sikring og fengsel. Vi har to formar for fengselsstraff: Uvilkårleg dom og vilkårsdom. Ved uvilkårleg dom, er ein nøydd til å sitje i fengsel, men ved vilkårsdom får ein på ein måte ein ny sjanse, men dersom du gjer noko gale medan du er under straff, vil du få den betinga straffa i form av fengselsstraff pluss straffa for det nye brotsverket.

 

I dei seinare åra har fengselsstraffa kome meir og meir i media sitt søkjelys. I dag stridast det særleg om effekten og dei uheldige følgjene fengsel har på dei enkelte innsette. Nokon meiner at fengsel er ei grufull straff, som verkar nedbrytande og øydeleggjande på dei innsette. Andre meiner igjen at fengsla er reine høgfjellshotell. Det er særleg media som har fremma denne meininga. Mange meiner at denne fokuseringa av media er svært uheldig. I og med at ho lett kan lede til at mange ikkje ser på fengsel som ei ulempe. Det er fleire mål med fengselsstraffa; Eit mål, er at ho skal vere allmennpreventiv - det vil seie at ho skal verke avskrekkande på andre. Ho skal samstundes vere individual -preventiv, verke avskrekkande på brotsmannen. Og ho skal verna samfunnet mot dei kriminelle medan dei er sperra inne. Spesielt i saker med drap, vold og seksuelle brotsverk har det å sperre inne i fengsel ein viktig funksjon. Til dette formålet har ein også særordninga sikring, som eit tillegg til sjølve fengselsstraffa.

 

Mange meiner det er viktig å ikkje ha for milde straffer. Dei meiner følgja av det vil bli at dei moralske motførestellingane ville blitt svekket mot å gjere brotsverk. Dersom til dømes promillekøyring bare blei straffa med ei lita bot, ville dette gjere at folk ikkje såg på promillekøyringa som noko særleg forkasteleg. Her er det sjølvsagt snakk om langsiktige følgjer.

 

Ei anna straff som ikkje vert praktisert i Noreg, er dødsstraff. Likevel er det kan hende denne type straff som er mest omtala i internasjonal samanheng. Mange meiner dette er bare ein måte å skyve vanskane framfor seg på. Statistikkar for vold i land med dødsstraff, for eksempel USA og Kina, visar ingen teikn på at dødsstraffa har særleg god verknad. Samstundes hevdar mange at vi ikkje veit korleis tilhøva ville vore i desse landa dersom dei ikkje hadde hatt dødsstraff. Dei seiar også at dødsstraff sparer samfunnet for pengar. Dette viser seg å ikkje vere tilfellet i alle land, iallfall om ein ser på eit land som USA. Her risikerer diverre dømde å sitje med dødsstraffa (i såkalla "death rows") hengjande over seg i mange år, medan samfunnet må betale rekninga. I Kina er dødsstraff særs mykje nytta og her "løyser" dei dette problemet med snarleg offentleg avretting, etter at lovbrytaren har fått domen. Uansett argument for dødsstraff, visar det seg at dei landa som har denne straffeforma, er land med totalitært styresett, eller og land med store sosiale skilnader, og ofte med høg kriminalitet. Frå mi side verkar det som om desse landa ikkje jobbar for å løyse volds- og dei kriminelle problema, men tyr til dødsstraffa for bare å halde det i sjakk.

 

Det herskar generell semje om at straff er heilt nødvendig i eit samfunn. Eg støttar dette, men ein klar tendens visar at uansett korleis straff samfunna har, ser kriminaliteten ut til å auke. Eg meiner derfor ein burde sjå på årsakene til sjølve kriminaliteten. Når ein først har gjort noko kriminelt, er vegen til neste kriminelle handling veldig kort. Derfor meiner eg at ein må sette inn tiltaka hos dei som enno ikkje har gjort noko handling, altså mot unge aldersgrupper. Det er all grunn til å rope eit varsku her, for samfunnet blir meir og meir kriminelt, og det er inkje som visar teikn på betring. Ein må ta opp kampen med dette problemet no, viss ikkje vil det før eller seinare slå tilbake på oss sjølve.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish