Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
"Oktober" av Frode GryttenSkriv ut Utskrift

Ei slags tolking av novella "Oktober" av Frode Grytten.

Karakter: 5 ("Reflektert og godt skrive.")

Nynorsk - Analyse/tolkningForfatter:


Eg har lese novella ”Oktober” av Frode Grytten. Hovudpersonen i denne teksten er David, ein ung gut som bur i lag med far, mor og ei veslesyster ein eller annan stad ved kysten. Faren er sannsynlegvis fiskar, eller har det til hobby. Vi får vere med når han og David ror ut for å setje garn. Systera og mora er ikkje sentrale figurar. Vi får ikkje vete nokon ting om utsjånaden på personane, men dette har heller lite å seie for poenget forfattaren ønskjer å kome med.

 

Han og faren ror altså ut og set garn ved elveosen, ”to på sørsida og to på nordsida”. Faren seier at straumen ikkje er sterk, det er eit slags frampeik, stille før stormen. Etter dei har sett garna, byrjar dei to å ro inn mot land att. Faren vil ro, men gjev seg med ein gong når David vil gjere det sjølv. Faren prøver å tekkjast David, få litt betre samvit før det som skjer, skape eit inntrykk som sympatisk og på sonen si side. Forfattaren fortel det meisterleg mellom linene.

 

Etter dette fortel faren at han og mora skal skiljast. David glepp taket i årane og fell bakover, overrasking. Faren tek tak i han og held han. Han vil laus att, han roper. Faren tek over roinga og han set seg attarst i båten og teier still.

 

Seinare tek David båten ut att til der garna er. Straumen er vaksen seg sterk, det ein kontrast, og det skildrar kjenslene til David, sint og lei seg. Han må dra opp garna att.

 

Handlinga utspelar seg i eit fiskarmiljø, båten, garna og elva spelar meir eller mindre viktige roller i formidlinga av denne historia. Frode Grytten har her laga parallelle historier, på den eine sida alt det dramatiske som skjer inni hovudet til David denne dagen, alle kjenslene han må ha og slikt, og på den andre sida dei tilsynelatande trivielle referata av korleis elva straumar og om garna.

 

”David gjør laksen fri. Nøler to sekund før han hiv laksen over ripa. Fisken blir liggande med buken opp. Men så rykker han til, slår med sporden og forsvinn ned i det svarte.”

 

Det siste her trur eg er skildring av vonløyse, at fisken forsvinn ned i det svarte er nok ein utspekulert måte å fortelje korleis han kjenner seg etter det han har blitt fortalt denne dagen.

 

David er protagonisten i denne historia, vil ikkje seie at han gjennomgår noka forandring i seg sjølv, men kjenslene som skifter blir skildra. Historia er rimeleg tidlaus og dette kunne vore kva tid som helst frå 1930-talet, ”regnet piskar på taket som ein jazztrommeslagar”, til no i dag. Årstida er haust, dødens årstid.

 

Forfattaren vil skildre korleis det kjennest med skilsmisse for ein gut i den alderen.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish