Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Fotograf Vidar BjørkengSkriv ut Utskrift
Om ei jente på 15 år som reiser inn til en fotgraf. Der møter hun en mann som skjuler en hemmelighet.
Nynorsk - NovelleForfatter:



Velkjent natur suste forbi idet dei kjørte til by’n for andre gangen på to døgn. Denne gangen var det for å bli fotografert av fotograf Vidar Bjørkeng. Tuva såg fram til dette, for ho ville nemlig bli ein fotograf ho sjølve. Ho hadde bestemt seg for å halde auga opne og lære korleis denne fotografen gjorde tinga. No var det tre veker sidan konfirmasjonen, og mora og Tuva synest det var på tide å ta bilder dei kunne bruke i takkekortet til familie og venner.

 

Bilen svinga inn til kjøpesenteret kor fotobutikken låg og mora parkerte bilen i nærleiken av inngangen. Klokken viste 1234. Dei hadde god tid, for Tuva hadde ikkje time for klokken eitt. Dei gjekk inn for å høyre om kor tid og kor dei skulle møte. Mannen som sto i kassa fortalde dei at vi kunne gå opp ti minuttar før tida. Han lurte på om vi visste kor opp var, sidan eg hadde vore der før, sa eg at eg visste kor det var. Vi gjekk ut av butikken og begynte å sjå på klede på Veromoda.

 

Når klokka var ti minuttar på eitt tok dei heisen opp i tredje etasje med bunaden på armen. Dei banket på den døra det hag eitt skilt der det sto: Fotograf Vidar Bjørkeng. Då ingen opna døra etter ei stund gjekk dei forsiktig inn, men det var ingen å sjå. Tuva tenkte at han kanskje var nede i butikken for å hente nokre papir eller noko sant. Det var tydelig at moren tenke det same for ho tok i alle fall med seg bunaden inn på eit rom der ein kunne skifte. Tuva gjekk etter og begynte å bytte. Det var mykje styr med både sølvet og få håret til å ligge på rett stad, so det tok sin tid. Etter tjue minuttar stod Tuva klar, men ingen fotograf var å sjå. Mora sto og studerte henne og sa etter ein stund at ho var fin. Tida gjekk, men ingen fotograf kom. Då klokka nærma seg halv to, sa mora at ho fikk gå ned for å høyre om kor det vart av fotografen. Den kommande fotografen greip sjansen idet mora gjekk ut og begynte å studere rommet og fotoutstyret. Det var mange slags bakgrunnar og motiv ein kunne bruke, alt frå låve til prinsesse slott. Fotoutstyret var skikkelige saker og måtte sikkert ha kosta ein formue. Ho likte seg godt der inne sjølv om det var litt rotete. Rommet var svalt og nesten ingen solstrålar kom seg inn gjennom vindauga som var dekka med persienner. Tuva vart meir og meir bestemt på at det verkeleg var fotograf ho ville bli.

 

Snart kom mora tilbake med fotografen i hælane. Idet Vidar såg henne var det som om at han fikk sjokk. Tuva hadde hørt at auga viste sjela, og etter desse auga å dømme hadde han ein veldig sår sjel. Det var noko med henne som gjorde at han viste slik sorg for henne. Tuva var litt overraska over utbruddet hans, for ho hadde berre sett han ein gang før. Og det møtet var ikkje det noko følelsar innblanda. Det såre uttrykket gjekk ikkje vekk mens Tuva og moren var der. Moren var også annleis, det var som om at dei to bar på ein hemmelegheit dei ikkje ville røpe. Ho hadde på følelsen at denne hemmelegheiten gjaldt henne.

 

Fotografen var ein av dei mest avslappande mannen ho hadde sett på lenge, han var blid og utadvendt i tillegg. Sjølv om Tuva såg at han strevde med å halde masken på, gjorde han eit godt inntrykk på henne. Ho vart liksom litt glad i han på ein spesiell måte. Tuva såg at sorga var i auga endå, og at den ikkje gjorde noko teikn til å gå bort. Han måtte mange gongar snu seg vekk for å trekke pusten, kvar gang han snudde seg rundt igjen synes ho at sinne begynte å blusse opp i auga. Tuva hadde vansklegheiter med å konsentrere seg, for det blei danna mange slags tankar oppe i hovudet på Tuva.

 

Når bilda var tatt og Tuva hadde fått tatt av seg bunaden gjekk dei ned for betale for fotograferinga. Ho gjekk og funderte over kva som var galt mens ho studerte Vidar Bjørkeng, han tok henne mange gangar i å beundre han. Herr Bjørkeng kom først fram til kassa og tok imot betaling frå mora til Tuva. Idet moren var ferdig med å betale sto dei litt og såg på kvarandre før ho snudde seg og gjekk sakte ut av butikken. Før Tuva rakk å komme seg etter, gav fotografen henne eit brev, eit nokså tjukt brev. Ho såg opp i ansiktet hans, og såg at det trilla ei tåre so forsiktig ned kinnet. ”La ingen andre få lese dette brevet, det er berre til deg, og då meiner eg berre til deg” sa han so lavt han kunne og gjekk inn på bakrommet. Jenta såg etter han før ho snudde seg og gjekk ut av butikken ho og.

 

Resten av dagen sneglet seg forbi, Tuva var ikkje i humør og veldig utolmodig. Ho ville berre komme seg heim for å få lest brevet, det underlige brevet ho hadde fått. Mora lurte mange gange på kva som var galt, men elles ho var nesten like stille sjølv. Dei hadde fått noko å tenke på begge to. Mora visste ikkje kva Tuva tenkte på og Tuva visste ikkje kva mora tenkte på, sjølv om ho gjerne skulle ha visst det. Noko var det i alle fall som var galt, eller var ho kanskje so overraska over å sjå det uttrykket ho og?

 

Då dei endeleg kom hem igjen, hjelpte tuva mora med å bære inn varene dei hadde handla. Etter det lagde Tuva seg mat og sprang opp på rommet for å lese brevet. Ho hadde gitt mora beskjed om at ho ikkje ville bli forstyrre for ho skulle gjere noko som var hemmeleg. Veldi hemmeleg for han hadde jo sagt at ingen, absolutt ingen fikk lese brevet. Utanom ho sjølve sjølvsagt. Ho la seg nesten oppå katten som låg i senga, og opna brevet skjelvande. Tuva var veldig nervøs, kanskje dette brevet ville gi svar på kvifor fotografen var so rar og ikkje minst moren. Ho hadde tatt ut arka og telt dei når det banket forsiktig på døra. Det var lilje søstera som lurte på om dei kunne spille kort. Tuva svarte at ho ikkje ville spille akkurat no, men at dei kunne gjere det seinare. Døra vart lukka igjen og fotstega forsvann. Tuva la forsiktig fram dei to tjukke sidene med handskrevettekst på senga, og begynte å lese:

 

                                                          ”Kjære Tuva!!

 

Først og fremst må eg seie at dette ikkje er enkelt å seie. Eg har store problem med å få orda ned på papiret, men det er kanskje ikkje so rart. For eg fikk vite nesten femten år etter at du var fødd at eg hadde ei dotter so eg ikkje visste om. Det var først når din mor ringte og bestilte time hos meg at eg fikk vite det. Tuva, du er dottera mi. Den ukjente dottera ikkje visste om. Eg veit ikkje kvifor mor di ikkje fortalte meg dette eller ikkje minst at ho ikkje fortalde deg det, men ein ting er sikkert. Du er mi dotter, og eg er ganske overraska og litt sint på din mor, for at ho ikkje har fortalt dette for. Men kjære Tuva, du lurer sikker på masse akkurat no, og eg vil svare deg so godt eg kan med denne historia eg no skal fortelje deg. Min venn.

 

I April 1987 møtte eg ei vedunderleg og vakker dame som heitte Susan. Eg hugsar dette so godt som om at det skulle ha hendt i går. Men poenget er det at eg og din mor vart kjærestar og vi var umulige å skilje frå kvarandre. Med tida som gjekk flytta vi inn på ein hybel i Danmark og hadde mange fine kveldar ilag. Eg studerte på fotolinja, mens Susan tok utdanning som kokk. Livet var fantasisk. Ein kveld i november 1989 fridde eg til Susan og ho svarte med eit ja og kasta seg rundt halsen min. Vi feira dette med å reise på cruise til Karibien. Hadde eg visst at eg kom til å miste henne hadde eg aldri reise av garde. Men det gjorde vi og eg mista henne. Det vil seie at det var ein anna norsk mann om bord som Susan forelska seg og stakk av med. Din nåverande stefar, Aksel. Eg vart ståande aleine på cruiset som ein tosk og måtte betale reisa til din mor også. Eg høyrde aldri meir frå ho, for borte var ho og mindre borte vart ho ikkje.

 

Men Tuva, eg vil ikkje vende deg imot din mor. Elsk henne som du gjorde før du las dette brevet. Gjer det for din biologiske far, meg! Kan vi ikkje treffest og reise på ferie ilag, som ein bursdags presang for deg? Legger ved mobilnummeret, adressa og nokre bilete.

 

Ein siste ting, i dag var det første gongen eg såg deg. Eg må berre unnskylde mitt skjokk over å sjå deg. Du likna veldig mykje på din mor, og du er minst like vakker som henne.

 

                                  Kjærleg Helsing din far

                                             Vidar Bjørkeng”

 

Etter at Tuva hadde lest dette vart ho liggandes på senga og bore hovudet inn i den lodne katten mens ho strigråt. Tenk at moren hadde haldt henne for løgn i heile hennes liv. Ikkje minst hennes far. Hatet begynte å komme, men det forsvann idet Susan banket forsiktig på døra. Ho sa at ho hadde sett at hennes dotter hadde fått brevet, og at ho var nesten sikker på kva som stod i brevet. No opna ho døra og kom inn. Den vedunderlege dama hadde grått, det såg Tuva veldig lett. Tuva kasta seg rundt halsen på hennes mor og gråt meir no, det same gjorde mora. Tuva hadde bestemt seg allereie, ho skulle bli med faren på ferie. Tuva kunne og tilgi mora, men ho ville ikkje bli den same jenta som ho var før. Ho hadde bestemt seg for å jobbe saman med faren på butikken og samtidig utdanne seg som ein perfekt fotograf.

 

Ein månad seinare:

Susan og dottera var på vei til Gardemoen, for mora hadde gitt henne lov til å reise på ferie med faren. Tuva og Faren skulle reise med det same cruiset han og mora hadde reist med i 1989. Det var berre han og dottera som skulle reise, so dei hadde gleda seg til å prate skikkeleg saman og utan at nokon avbraut dei. Tuva og Vidar hadde møttes fire gonger etter at dottera hadde ring faren. Det første møtet var forferdeleg synes Tuva. Først hadde dei berre stamma ut orda. Etter det åt dei i stillet mens dei studerte kvarandre. Men besøket hadde vore fint synes Tuva. No kunne dei prate utan å stamme eller ha ein lang pause for å finne ut kva dei skulle seie. Men Tuva visste at det kom til å gå endå ei stund før ho kom til å kalle Vidar for far.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish