Håvamål

Håvamål sett i lys av dagens samfunn.

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2005.10.27

Les utdraget frå Håvamål i gul bok. Grei ut om hovudideane i desse strofene. Drøft deretter i kva for omfang desse levereglane er nyttig livsvisdom også i våre dagar

 

I vikingtida i Noreg var det mykje fyll og fanteri, men vikingane var gudfryktige menneske, og det var nokon levereglar man burde følje. Desse ble kalla Håvamål, eller slik det kan seies i nåtiders norsk: den høges tale. Håvamål inneheld mange forskjellige typar levereglar, den inneheld klokskapsord som handlar om korleis man skulle oppføre seg, men den handlar også om kva vikingane synst var bra og dårlege kvalitetar i ein viking. Det er mykje av det som er nemnt i Håvamål som for dei fleste er sunt folkevett. Mykje av Håvamål er bare heilt vanege skikk og bruk reglar for vikingsamfunnet. Alle versa snakkar om noko i biletleg form, men det er lett å skjøna kva dei meinar med verset ut ifrå det dei seier. Dette gir versa meir gjennomslagskraft enn viss dei hadde vore skrevet rett ut, noko som gjer dei forskjellig frå blant anna dei 10 bud i bibelen.

 

Det første verset i Håvamål uttrykkjer at varsemd er viktig. Dette er bra livsvisdom for dei som lever i dag også, det er ikkje alltid bare å stupe uti noe, og av og til kan det lønne seg med varsemd når man tar seg fram i livet. Man burde ikkje tråkke på ein som kan hjelpe deg i ein seinare anledning. Vers nummer to handlar om å  behandle gjester riktig, og om at man ikkje burde la ein gjest stå i døra, og alltid invitere han inn. Da som nå blir sett på som bra å invitere ein besøkande inn. Vers nummer tre handlar om å behandle nokon bra, det vil si dei som har hatt ei hard reise, og at ein burde gi den reisande det som trengs for at han skal ha det bra. Dette er ikkje like viktig i dagens samfunn som i vikingsamfunnet, men ein god regel likevel. Vers nummer fem handlar om at det er viktig å ha vett, og ikkje vere vettlaus når man kjem blant kloke folk. Eg synst at denne regelen er bra. Dette er noko som ikkje har forandra seg sidan Håvamål vart skrivi. Vers nummer seks handlar om at man ikkje skal drive på med sjølvskryt, og at det er betre å seie for lite enn for mykje. Dette har nok vore ein viktig leveregel i vårt samfunn, men det har kanskje blitt meir vanlig å framheve seg sjølv dei siste åra.

 

Vers nummer ti er ein av dei versa eg synst er viktigast i Håvamål, den går rett på saken og seier det som det er, heile verset kan summerast opp slik: vett er viktig, og godt å ha. Dette er eit flott vers, og det er mange andre vers i Håvamål som omhandlar omtrent det same. Det er tydelig at dette var mykje viktig Nummer 11 begynner med det same som i vers nummer ti, men ender på ein heilt anna måte. Det handlar meir om at man ikkje burde drikke for mykje. Dette er noko som alle har høyrd før. Drikk for mykje, så går det dårleg med deg. Vers nummer 17 handlar om omtrent det same, men det er litt meir fokusert på å drikke seg vettlaus når man er på besøk hos folk. Både vers 10 og 17 var truleg viktige i vikingtida sidan fyll var eit stort problem. Eg synst vers nummer 20 er litt viktigare enn dei førre, dette er viktig i dagens samfunn også. Det snakkar om at man heller skal ta for lite enn for mykje. Det er noko som burde være viktig for alle, uavhengig av tid og stad, men det er ofte at nokon blir grådige. Vers nummer 23 er et litt rart vers som eg ikkje føler at eg skjønner alt av. Det er litt uklart når det kommer til tydinga. Eg trur tydinga er  at man ikkje burde tenkje for mykje på alt. Det er viktig å ikkje bekymre seg unødig. Filosofi som fag er viktig. Dette yrket fantes også på den tida, men det var ikkje utbredt i Noreg. Det var mest filosofar på den tida lenger sør i Europa, og særleg i Hellas. Dette er ikkje noe eg ville kalle ein leveregel i dagens samfunn, men  det er lurt å ikkje bekymre seg meir enn nødvendig.

 

Vers nummer 24 handlar om å ikkje stole blindt på alle. Dette visdomsordet er eit av dei verkeleg viktige i boka. Sjølv så viktig som det er i dag trur eg det var viktigare i vikingtida sidan det var et krigarsamfunn. Vi har ordspråk som seier omtrent det same. I vers nummer 42 snakkar dei om vennar. Dette var veldig viktig på den tida, sidan det ofte var stridigheitar. Man ville helst ha flest på sin side. Ein venn som lyg var ikkje verdt noko. Det er ein streng leveregel. Folk lyger meir i dagens samfunn, sånn er det bare. Sjølv om vi ønskjer oss at vi kan stole på venner er vi vel ikkje så sårbare som dei var. Vers nummer 43 handlar også om venner, og om den kan virke litt lik dei andre versa om vennar er den litt forskjellig.

 

Den lyder slik:

for vennen sin skal ein være venn,

for han og hans venn,

men for uvenns venn

skal ingen mann

noen gang være venn.

 

Denne beskriver samfunnet på den tida ganske godt synst eg. Det var ganske viktig å ikkje bryte alliansar på den tida, og å gå inn i ein allianse med din alliertes fiende eller din alliertes fiendes allierte var tenkt på som et svik og alliansebrot. Dette var ein taktikk for krig, og det var ikkje ein god ide å bryte i alliansane å skape splid og stridigheitar, for man ville nødig ikkje stå igjen aleine mot alle. Det er framleis noko frå dette vi kan ha god nytte av i dagens samfunn. I vers 44 skrivast det om å gi gåver til vennane sine. Dette verset omhandlar ein veldig viking tradisjon, men vi gir framleis kvarandre gåver ved spesielle anledningar. Vers Nummer 76 trur eg var viktig for vikingane. Den handlar om kor viktig det var for vikingane å ha eit godt ettermæle. Det er noko som er lite viktig i dagens samfunn. Det er framleis bra å ha eit godt ettermæle, men det er ikkje noko vi er opptatt av. Det siste verset i boka synes eg er litt vanskelig å skjønne, men det eg trur det betyr er at alle vil bli dømt når dei døyr. Dette likner mykje på den kristne tro.

 

Alt i alt synar eg at Håvamål har mange aktuelle levereglar, men det er tydelig i mange av versa at dei ble skrivi for mange 100 år sidan. Det er mykje som er litt utdatert, men også mykje som er like passande i dag som den gongen det ble skrevet. Det er ein ganske nyttig handbok for skikk og bruk i vikingsamfunnet, Det er mykje galt i dag også synast eg, og vi kunne trenge ein liknande bok som Håvamål, bare med litt forskjellige ting som er meir riktig for dagens samfunn. Alt i alt synst eg at det er ein god ide å ha ein handbok for skikk og bruk.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst