Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Homofili og adopsjon

Homofili og adopsjon

Homofili og adopsjon.

Sjanger
Resonnerende
Språkform
Bokmål
Lastet opp
12.06.2000
Tema
Adopsjon


I den siste tida er debatten om homofili og adopsjon blitt svært aktuell. Kva er eigentleg riktig? At barna skal vekse opp i ein trygg kjernefamilie med både ei mor og ein far, eller skal dei får vekse opp med to foreldre av same kjønn? Det er ein viktig og engasjerande debatt. For kva er eigentleg best for barnet? Ja, for det er jo barna det vil gå utover, enten på ein positiv eller negativ måte. Mange har engasjert seg i denne saka, dei homofile viser til nyare forsking og psykologar viser til tidlegare erfaringar.

 

Av undersøkingar som vart gjort i 1992 var det 8 prosent av befolkninga som sa ja til at homofile kunne få adoptere. I dag er tallet oppe i 26 prosent. Det er framleis mange som er imot, men tallet på tilhengarane har auka kraftig.

 

Dei homofile har ikkje alltid hatt det så greitt. Dei vert utestengt frå kyrkja, for Bibelen seier klart nei til homofilt samliv. Dette meiner i alle høve ein del prestar, biskopar og statsminister Kjell Magne Bondevik. Før vart også dei homofile utestengt frå nærmiljøet, for dette var noko uvanleg, noko annleis. Enno er det slik fleire plassar, spesielt på små plassar der alle kjenner alle. Men i dei store byane er det blitt eit vanleg syn å sjå eit homofilt par gå hand i hand. Vil det då om nokon år verte eit like vanleg syn å sjå eit homofilt par trille rundt på ei barnevogn?

 

Det i seg sjølv å vekse opp som eit adoptivbarn kan for nokon bli eit problem ved at dei ikkje kjenner sine biologiske foreldre, og kanskje heller ikkje veit kvifor desse har gitt frå seg barnet. Spørsmålet er då om desse barna vil få enno fleire problem ved å vekse opp med to homofile foreldre, enn å vekse opp i ein "vanleg kjernefamilie" der det er ein av kvart kjønn. Det er jo ikkje til å legge skjul på, at når eit barn veks opp med to homofile foreldre, kan det verte utsett for mobbing. Men ved å plassere barna i ein kjernefamilie, vil det dermed ikkje sei at dei ikkje kan verte utsett for mobbing. Vi veit jo om barn som er adoptert frå eit anna land og ein anna kultur som har blitt utsett for mobbing og utestenging i nærmiljøet.

 

Det store problemet med mobbing av barn som veks opp hos homofile, ligg ikkje i seg sjølv i barna, det ligg i samfunnet og på mangel på informasjon og frykt for det som er ukjend. For er verkeleg samfunnet klar for ei slik stor utfordring? Vil alle kunne tilpasse seg ei slik ordning? Og korleis kan ein forhindre mobbing av desse barna? Det som blir svært viktig, er å gje informasjon til skule og nærmiljø om homofili og den spesielle familiesituasjonen til barna. Barna må få kunnskap om familiesituasjonen heime, slik at det ikkje vert nokre overraskingar når dei kjem ut i den "store" verda. Dette krev at foreldra er opne og har god kommunikasjon med barna sine, og vert dermed ei problemstilling homofile bør tenkje godt igjennom før dei vel å få barn. Mobbing som er eit samfunnsproblem, må også løysast som eit samfunnsproblem. Å fjerne hakkekyllingen vert då å plassere ansvaret for mobbing på feil stad.

 

Ei anna viktig problemstilling er at alle barn treng både ei mor (kvinne) og ein far (mann) for å vere sikra ein normal psykoseksuell og psykososial utvikling. Kan verkeleg eit homofilt par greie denne oppgåva? Sjølv om dei prøver å fordele dei ulike oppgåvene likt, vil det framleis stå igjen problem.

 

- Alle veit at den tidlegare bindinga og avhengigheita av mor er livsviktig for oss alle dei første leveåra. Det legg grunnlaget for heile vår seinare utvikling og for tryggleik på oss sjølv og andre. Men det kan verte ein risiko for både gutar og jenter visst denne avhengingheita ikkje vert løyst gjennom gradvis frigjering og sjølvstendigheit. Det er nemleg slik at ein medverkande årsak til at ein del menneske får problem eller psykiske lidingar seinare i livet, er at det er fortsett uløyst binding til den tidlege og "allmektige" mor. Eit godt og nært forhold til ein far hjelper difor barnet å komme seg laus frå den tidlegare morsbindinga. Men lausrivinga kan verte eit problem dersom brotet med mora vert for drastisk, slik at det vert etterlate eit "sår". Dette kan psykoanalytikar Jarl Jørstad stadfeste etter år med forsking og erfaring på dette området.

 

Barn som veks opp med berre mor eller far, eller to adoptivforeldre av same kjønn, vert lett prega av det Jørstad har uttalt seg om, visst det ikkje er god nok erstatning for mora/faren som ikkje er der. Ei løysing kan då verte at folk i familien eller i nærmiljøet kan komme inn som ei avlasting.

 

Det er ingen sjølvfølgje å få barn, det å kunne verte gode foreldre er den mest krevjande og vanskelegaste oppgåva ein kan få i livet. Det å oppdra barn i homoseksuelle familiar er ikkje problemfritt, p.g.a. ein er utsett for mobbing, og barn må ha rollemodellar av begge kjønn. Men den problemstillinga ligg ikkje berre i homofile familiar, for alle barn kan verte utsett for mobbing og det finst mange dårlege foreldre omkring.

 

Men no er det slik at 20 000 - 40 000 norske barn veks opp med homofile foreldre, grunna kunstig befruktning. Desse barna veks opp med ei biologisk mor og ei stemor. Visst då den biologiske mora døyr, er det ingen som sitt igjen med det juridiske ansvaret, for stemora har ingen rett på barnet. Dei stiller seg då eit spørsmål om det burde bli opna for adopsjon av partneren sitt barn. For det er jo det beste for barnet ein skal tenke på.

 

Etter å ha lest og vurdert stoffet i denne saka, sit eg igjen med ei kjensle av at barn vil få det best i ein familie med både mor (kvinne) og far (mann). For hadde eg hatt valet, med å vekse opp i ein familie med homofile foreldre og i ein familie med "vanlege" foreldre, ville eg ha valt det siste. Eg trur heller ikkje samfunnet er klar til å så stor oppgåve, det er kanskje greitt nok i store byar der folk er vand med homofile par. Men i ein liten by som Florø trur eg nok det vil oppstå problem som mobbing og utestenging. Sjølv om det blir gitt informasjon på skule og i nærmiljø, vil det likevel bli for annleis og merkeleg for ungane. For når ein er 6-7 år, vil ein då forstå kvifor den nye klassekameraten har to mammaer?

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil