Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Likestilling

Likestilling

Dette er et kåseri om likestilling, men hva er det egentlig det kjempes for? Gi tilbakemelding på hva dere synes om kåseriet mitt!

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
07.11.2005

La det vere klinkende klart. Eg er for likestilling! Likestillingskampen er det beste som har hendt i samfunnet på lange tider. Dei såkalla ”raudstrømpene” har gjort jorda til ein betre plass å leva! Eg kjenner at eg bli hoppande glad kvar gong ein feminist hyler og skrik om kor urettvis verda er. La rettferda sigre!

 

Før i tida var det hardt å vere kvinne. Stakkars! Tenk kor fælt det må ha vore. Stakkars kvinnene som måtte laga mat til oss, etter at vi hadde jobba i 12-16 timar i tungindustrien. Stakkars kvinnene som måtte vere heime med ungane og sjå dei vekse opp.

 

Men vi, derimot! Vi kom heim i 8-9 tida på kvelden, åt middagen, og gjekk rett til sengs. Ikkje nok med det, vi klaga også! ”Å, eg er så trøytt! Det er så mykje å gjere på jobben! Sjefen er så kjip mot meg!” Eg kan ramse opp i det uendelege!

 

Stakkars kvinnene som måtte vaske kleda våre, som vi stadig grisa til på jobben! Stakkars dei kvinnene som måtte jobbe i industrien. Huff og Fy! Ikkje noko gale med det å jobbe, men det var fordelinga av arbeidet som var så ille. Dei måtte sitje ved nokre symaskiner, og sy eit sting eller to. Mykje av dagen brukte dei på å ”kakle” over ein kopp kaffe eller to, og det er nok her uttrykket ”syklubb” har oppstått. Men dei klaga aldri! Til tross for ein hard og lang arbeidsdag, var det aldri noko klaging. Dei hadde ikkje lov til det på den tida.

 

Då var det annleis med oss. Vi fekk alle dei gode jobbane. Jobbane som kvinnene ikkje torde å drøyme om ein gong. Vi fekk jobba i industrien. Den EKTE industrien! Mennene jobba i tungindustrien, kjemisk industri, og skipsbyggjing. Det var her det skjedde! Her var dei store og mektige maskinane, med åpne og usikra drivverk. Her var det mørkt, og det gjorde opplevinga av ein glødande kolomn til ein openberring. Her var det kaldt og støvete. Det var her det skjedde! Om berre kvinnene fekk oppleve det, dei også.

 

Alfred Lord Tennyson skreiv eit dikt i 1850, der han påsto at det er forskjell på menn og kvinner:    

Mannen er ute, kvinna ved grua;

han svingar sverdet, ho sit med nål:

mannen er hovudet, hjartet har frua;

han fører ordet, ho får gi tol:

elles forvirring.

 

For noko tøv! Skal det liksom vere forskjell på menn og kvinner? Kvar er likestillinga her? Nei, stakkars kvinnene, seier eg nok ein gong! Stakkars, stakkars kvinnene! Stakkars kvinnene som blei undertrykt og utnytta! Det kan ikkje seiast for ofte. Stakkars, stakkars kvinnene!

 

Men no skal det endeleg bli annleis. No skal kvinnene med dei lange, raude strømpene få sin hemn! No skal det bli likestilling. Likestilling! Høyrer du kor fint det kling?

 

No er det vi som skal vere heime med ungane, og risikera å bli kjend med dei. Det er vi som må lage middag til kona, når ho kjem heim frå ein ”tung” dag på jobben. Det er vi som skal invitera venane våre til pokerkveld, medan kvinnene klatrar på taket for å reparere den øydelagde taksteinen. No må vi menn vaske kleda, medan kvinnene hogger ved for vinteren. Kvinnene får æra av å betale rekninga etter eit restaurantbesøk. Det er dei som skal få by oss opp på dans, og opne alle dørane for oss. No skal vi få SVI! Kvinnene skal endeleg få den hemnen dei har venta på i alle desse åra!

 

Likestillingskampen vi ha! La likestillingskampen ta oss til nye høgder! La raudstrømpene få utfolde seg fritt! Det er endeleg på tide at kvinnene skal bli meir lik mannen, og omvendt! Er det rart at eg er for likestilling?

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil