Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Saknet av familien

Saknet av familien

Det handler om ein gut som har mista foreldra sine, og som til slutt tar sjølmord. Han har det mykje betre med foreldra sine oppe i himmelen enn då han var på jorda og blei mobba av dei andre.

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
25.11.2005
Tema
Selvmord


Eg tok på meg den finaste dressen eg hadde – svart dressjakke og bukse, kvit skjorte med eit lysegrått, trist slips. Eg var ikkje heilt klar for dette, men det hadde tatt seg ut om deira eine barn ikkje kom i sine eigne foreldres begravelse. Eg hadde eit ubeskriveleg stort sakn av dei to foreldra mine som omkom i ei bilulykke for ei veke sidan. Berre eg ikkje hadde ringt og bedd dei om å snu for å kjøpe eit Billy-blad til meg. Då hadde alt vore som før. Det var litt mamma sin feil og. Ho hadde vore utro, og elskaren hennar hadde ringt ho, og det var derfor ho gløymde det dumme bladet til meg! Det var mest synd i faren min, Isak. Han var gift med ei dame som var utro, og ikkje hadde ein liten anelse om det.

 

Eg tok meg skikkeleg saman og tok eit langt, djupt pust før eg gjekk ut i bilen til bestemor og bestefar. Vi køyrde og sa ikkje eit ord på heile turen. Det småregna og det var ein av dei tristaste dagane eg hadde hatt og kom nokon gang til å ha. Det einaste eg høyrde var bestemors stille skrik av sakn. Eg berre tenkte og tenkte, medan eg hadde ein klump i halsen som ikkje ville vekk. Den berre pressa på tårer, men eg klarte så vidt å halde igjen.


 

Då vi kom til kyrkja, såg eg alle dei triste fjesa som satt inne. Eg gjekk nedover den lange gangen. Det einaste eg høyrde var nokon stille snufs og trist musikk i bakgrunnen. Alle fjesa såg på meg som om eg skulle vere kongen på 17. Mai. Det var nok meg dei syntest mest synd i, deira einaste barn. Kvifor kunne ikkje berre eg ha vore med i den turen til butikken? Eg hadde hugsa bladet, utan tvil. Då hadde eg vore hos dei oppe i himmelen. Alt hadde vore mykje betre då. Eg måtte sikkert på barneheim uansett, eg hadde ingenting å leve for.

 

Seremonien starta og eg satt meg på fremste rad. Eg begynte med ein gong å grine, selvfølgeli. Å kjenne dei varme tårane renne langsomt nedover kinnet, var nesten deilig. Musikken, presten, blomane, alt var liksom heilt perfekt som ein begravelse skulle vere. Blomane var nydelege, og kvite som i ein drøm.

 

Presten begynte å preike om alle dei gode minna om dei. Bestemor holdt forsiktig, men varmt, rundt meg. Eg høyrde framleis det stille skriket hennar. Men no var det meir som eit skrik om hjelp. Eg begynte berre meir å grine, det rann og det rann. Umuleg å stoppe det. Skulle tru at alle i kyrkja høyrde meg, og bare meg. Einaste eg gjorde var å tenkje på kva som ville skje i framtida, og grine og berre sakne dei enda meir. Saknet av foreldra mine var ubeskriveleg.

 

Det var då. No er no, to dagar seinare. Eg ville nesten ikkje gå på skulen. Eg blei masse mobba frå før av, og no kom det til å bli verkeleg vondt! Ingen lærarar brydde seg om meg. Ingen andre på skulen heller. Ingen!

 

Første dag eg gjekk på skulen etter begravelsen igjen, var det vanskeleg. Eg blei ikkje noko særleg mobba, alle var så greie med meg den dagen. Dei hadde aldri vore det før. Eg blei redd og nervøs om at dette var ei felle. I storfri kom det nokon elevar med tøffe, svarte klede. Dei begynte å skubbe meg og kalle meg foreldrelaus. Det var først då eg visste at tida var inne. Eg sprang ut av skulegarden, langt langt vekk.

 

Då eg hadde sprunge i eit kvarters tid, såg eg eit stup framfor meg. Eg tenkte at det var perfekt! Eg tenkte meg litt om, men det var nok den einaste løysinga. Eg gjekk bort på tuppen av det store stupet og såg ned. Vatnet bruste høgt. Eg tenkte ut nokon grunnar om kvifor eg ikkje skulle hoppe, men fann ikkje ein einaste! Plutseleg berre hoppa eg, utan å tenkje. Det var vidunderleg. Noko av det beste som hadde skjedd med meg. Det var akkurat som om eg flaug. Då eg landa berre låg eg der. Heilt aleine som vanleg. Eg berre låg der og venta på å komme til himmelen.

 

Plutseleg såg eg eit sterkt, kvitt lys som sperra for auga mine. Så kom eg til ein tunnel, og ved enden av den korte tunnelen, såg eg foreldra mine. Dei smilte fint og det same gjorde eg. Dei strakte handa til meg, og ønskte meg velkomen.

 

Eg følte meg så mykje betre no enn før. Dette var drømmen min. Endeleg en som gjekk i oppfyllelse. Alt var heilt perfekt no!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil