Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Val er bal, eller

Val er bal, eller

Kjekk liten tekst om livets små og store val.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
27.11.2005
Tema
Verdier

Val er noko vi menneske omgås med kvar dag. Vi har alle eit forhold til det. Dag ut og dag inn må vi hanskast med små val, store val, tøffe val, enkle val, skoleval, sametingsval og valvaker. Nokon gonger roter vi oss til og med bort i Valgjerd, men det skal vi ikkje ta her og no. Men vi symjar praktisk talt i val. Alle vala vi tar i løpet av ein dag ville vere nok til å fylle ei middels stor valvake , trur eg. Det skal vere sagt at nokre av desse valvakene er relativt store, men likevel. Vi tar så mange val at eg har rekna meg fram til at om du strikkar saman alle vala vi gjer i løpet av ein dag, ville det dekke halve rådhusplassen, sånn cirka altså. Og med så mange blomsterbed som de har der så må det vera stort altså.

 

Så ta no vel ei heilt vanleg dag då. Du står opp. Eller rettare sagt vekkjarklokka ringjer og du tenker: ”Åh, her var det godt å liggje. Skal eg slå av den fordømte vekkjarklokka og forlenge denne salige stunda? Eller skal eg dra meg opp av senga til ein ny dag på jobb eller skule?” La oss seie at du etter nøye vurdering veljar det siste. Halvt svimeslått dreg du deg ut på badet. Der lurer du på om du skal pusse tenna før eller etter frukost. Etter å ha bestemt deg for å utsetje dette ei stund tusler du ned til frukostbordet og sleng hovudet inn i kjøleskapet. ”Makrell i tomat eller leverpostei?”

 

Sjølv de mest sjølvsagte ting baserer seg også på val. Men som sikkert du og har forstått allereie, er det enkelte val som er litt viktigare enn andre. Val som har fått store fylgjer for verdshistoria til dømes: Når Hitler bestemte seg for å køyre på inn i Sovjet, då Edmund Hillary fortsette mot Mount Everest, eller då Steven Gerrard valde å fornye kontrakten med Liverpool. Alle desse vala har fått konsekvensar for andre enn hovudpersonen. Og det er vel også lett å tru at eins eigne val ikkje får noko å seie for andre enn oss sjølve. Det er her Valgjerd kjem inn. Eller var det Stortinget? Stortingsval er i alle fall ein grei måte å få bestemt noko med vala dine. Eit stortingsval føregår på følgjande måte: Til å byrje med kjem du til vallokala som kan vere alt frå stinkande gymnastikkhaller til falleferdige kommunebygg. I lokala skal du levere inn ein lapp som kallast valkort for at du skal kunne skrive deg inn i gjesteboka der. Så får du beskjed om å gjømme deg bak nokre gardiner for så å ta med deg ein papirlapp som ligg på innsida, for å rydde opp litt. Men berre ein (!). Dette papiret skal du putte oppi eit bosspann med riksløva på, som de kallar urne. Og som ikkje det var nok skal de godkjenne avfallet med eit stempel før det får ta plass i urna.

 

Men personlig så syns eg at sjølve valet tar altfor kort tid. Det vil seie, det tar rett og slett for kort tid frå ein kjem inn døra til ein kan gå ut døra igjen vel vitande om at du har posta stemma di. I prinsippet har ein sjansen til å berre tusle inn og raske med seg eit tilfeldig ark og levere det. Eg syns at ein burde ha ei pålagt tid til å tenkje seg om på, inne i avlukka. Eg trudde seriøst at den litle opninga på undersida av avlukka var til slik at ein kunne sjå om litt eldre menneskjer segna om der inne, anten av trøyte eller av oksygenmangel. Kva elles er dei til for? Ta rotasjonstida til jorda til dømes. Den bruker ein rimeleg tid på å runde sola. Cirka 365,25 døger for å være heilt nøyaktig. Det er ei rimeleg tid. Då kunne ein byrje stemmeprosessen godt før regjeringa hadde sete i fire år. Dermed ville det vere lettare for dei enkelte partia å vite når dei skulle setje i gang valkampen. Sannsynlegvis hadde det fungert veldig bra. Men om ein skulle bruke Pluto som eksempel, ville det ha vorte 248 år inne i avlukka. Då måtte i så fall valstyret funne gunstige ordningar for reproduksjon. Og skal eg vere heilt ærleg trur eg det ville ha vorte stor grad av påverknad frå foreldre ved valet.

 

Men òg når eg skriv dette kåseriet må eg gjer val. Skal eg skrive langt eller skal eg fatte meg litt i kortleik? Skal eg skrive det læraren (du) synast er morosamt, eller skal eg gå ut ifrå min humor? Val, val og atter val. Det er mindre val som vi menneske gjer. Stortingsval er vel noko av dei større vala vi gjer. Og når vi er inne på dette med stortingsval. Valvaker er jo noko vi alltid ser i forbindelse med val. Forsamlingar med folk som ser halvt retarderte og sinnsforstyrra ut med ein gang eit tv-team viser seg i lokala. Det som skjer når desse politikarane får ferten av direktesendingar set dei i eit felles brøl, og applauderer og styrer på. Dette held på ei god stund, aller helst så lenge at reporteren må vente i eit par minutt før han kjem til orde. Jamfør Venstres oppførsel i NRK si valsending valdagen. Her kjem vi dessutan inn på rasjonelle og irrasjonelle val, men det skal vi ikkje gå nærare inn på. Her er noko Harry Truman sa då han vart tvungen til å ta eit val om å bli ein politikar eller ikkje. Han sa ein gong:

”Tidlig i livet fikk eg valet mellom å være pianist i eit horehus eller å bli politikar. Og for å være heilt ærleg så er det ikkje store forskjellen”.

 

Val inkluderer små ting i livet, men og de litt større for å si det sånn. Når du finn ektemake til dømes. Skal du velje ei jente med krusa hår, glatt hår, bølgja hår eller kanskje oppsett hår? Val av kone er jo et val du skal leve med resten av livet, bokstavelig talt. Vil det då seie at ei kone er eit val? Nei det kan vel ikkje stemme med så mange val vi tar i løpet av ein dag. Men det å finne kone er no eit val som i dei fleste tilfeller er kjekke å ta. Men det fins jo og de val som er litt mindre artige.

 

Som når ein må ta valet mellom å sjå direktesendte trekningar i store fotballturneringar eller å gå på skulen. Ein veit kva ein er nøydd til. I slike situasjonar har ein valet, men ein har det ikkje likevel. Det er merkeleg med det. Same er det når foreldra dine sender deg i butikken med ein femhundrelapp for å kjøpe inn, så har du jo høvet til å bruke det på noko. Eller du kan rett og slett gi til kreti og pleti. Du står der på butikken og tek eit blikk på alt det salige i godterihylla, siklar gjerne litt, men vi veit jo allereie kav pengane går til. Fridommen til å velje som Meny sitt slagord så gildt vert på nynorsk, er i grunn fråverande i enkelte situasjonar. Jorda til dømes har jo ingen sjanse til å bestemme om den skal rotere rundt sola, eller kor lang tid han skal bruke. Og det er jo i grunn litt synd, tatt i betraktning kor stor han er. Det skal jo vere sagt at det ville ha blitt sjåande litt merkeleg ut om jorda skulle byrje å snurre rundt Mars til dømes. Så kanskje det er lika greitt å ikkje kunna velje alle ting sjølv alltid.

 

Men her tek eg i alle fall  valet med å runde av dette kåseriet. For at det ikkje skal verte for langt, krunglete og uinteressant veljar eg å komme med nokre avsluttande ord. Fridommen til å velje er jo grei å ha i forskjellige høver. Som når halvfulle og overtrøytte nordlendingar fortel røvarhistorier frå rorbuene sine, då er det søren meg greitt å velje å slå av tv-apparatet. Eller då det bare var ein tv-kanal i Noreg og ein kunne velje å sjå på pausefiskane i opphalda mellom programma var denne fridommen god å ha. Men val skal ikkje vere enkle å ta og vi må alle gå over noen bruer i livet. Av og til deiser vi i vannet mens noen gonger går allting som ein draum. Vel med omhug folkens. Tenk dykk om. Og heilt til slutt godt val.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil