Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
PremieraSkriv ut Utskrift

Fortelling om en gutt som skal fremføre et skuespill på bursdagen hans som er selveste julaften!

Karakter: 5-(10. klasse)

Nynorsk - FortellingForfatter:



"Jeg ér så gla' hver julekveld..."

Lars vaknar av radioen som står på for fullt. Det er lillejulaften og dagen før premiera. ‘Good evening, Mr. Sam' heiter teaterforestillinga. Ein engelsk musikal som handlar om venner og fiender . Lars skal spele hovudrolla som Mr. Sam, den vennlege gamle mannen som hjelper til med alle slags problemar.

 

‘For ein dag,' tenkar Lars. ‘I morgon er det julaften, bursdagen min og premiere på musikalen. Å nei! Eg har ikkje øvd nok. Eg kan ikkje replikkane mine.' Og da han setter seg ned for å øve, ropar mora på han. Det er frokost. Lars blir 16 år på julaften. Han ønskjer seg slalomski, men det får han bare viss han gjør det bra på forestillinga. Så han må øve så mye han kan.

 

Etter han har spist, løper han ned til teateret og leser over manuskriptet noen gangar. Han merkar at alle er veldig godt førebudd på musikalen; måten dei snakker på og gjør ting. Det ser ut som Lars ikkje har lest og øvd nok. Men nå har han ikkje meire tid til å øve i teateret. Han må hjelpe til hjemme med å lage mat, pynte juletre, dekke på bord, og mye meir. Når en har fødselsdag på julaften blir det fort mye å gjøre, og nå er det premiere også.

 

Da han kommer heim hjelper han til med dei siste juleførebuingane. Og etter juletrepyntinga på kvelden, går han og legger seg.

 

Han drøymer om Hollywood og kjente personar. Kanskje ein dag kan han bli ein stjerne som alle ser opp til og tene mye pengar. Med dette i tankane faller han smilende i søvn uten bekymringar om dagen etter.

 

"Happy birthday to you !" syng mor, far og lillesøster for full hals. Lars bråvaknar, og ser bort på klokka. Han har den rare følelsen at han er seint ute. Han sperrar auga opp: Klokka er 10.00!

 

"Å nei! Eg er seint ute. Vi skulle møte opp i teateret klokka 10.30 for å øve," seier Lars helt fortvila. Han river av papiret på pakka og kommer seg opp av senga, mens han slenger ut ein unskyldning om oppførselen

sin.

 

Nede på teateret er klokka 10.29. Akkurat på rett tidspunkt. Dei begynner på generalprøva med ein gang. Lyset settes på. Det er så skarpt at han ikkje kan sjå, men det går over etter kvart. Mikrofonene blir satt på plass og lyden stilt inn. Nå er alt på plass og klart for den siste øvinga før premiera. De har to timer på seg før folk begynner og strømme inn. Ryktene går mellom elevane at alle billettane er selt, og at det forventas veldig mye av skodespelarane sidan dei har jobba med forestillinga i lang tid. Dette hjelper ikkje akkurat på å minske spenninga blant elevane.

 

Generalprøva går bra, og nå har dei litt mindre enn ein time til å førebu seg på. Kristine, ei klasseveninne av Lars, begynner å sminke ham opp til en gammal mann. Dei rekker så vidt å bli ferdig med sminkinga før folk frå alle kantar av byen kommer inn.

 

Velkomst tala blir heldt og forestillinga er i gang. Folk klappar og ler, syng og smiler under heile musikalen. Alle skodespelarane klarer seg bra og får stor applaus av publikum. Tida går så fort at det verkar som om

forestillinga er over på bare et augneblink. Under den siste songen går folka ut, mens dei klappar.

 

"Denne musikalen blei ein kjempesuksess!" ropar regissøren ut i salen. Alle elevane er einige og kastar hattar og luer opp i lufta. "Nå kan de gå heim. Vi ryddar seinere. God jul alle sammen!" Og med et hyggelig minne om musikalen drar Lars heim og feirar jul og bursdag saman med familien.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish