Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
NedturenSkriv ut Utskrift

Handler om ei jente som mister faren sin.

Tentamen i 10. klasse i norsk sidemål.

Nynorsk - NovelleForfatter: Anonym


Vinden røska i lauvet på trea utafor. Eg låg i senga mi, og hørte på den beroligande lyden, med lukka auge. Eg ville ikkje tenkje på det som hadde hendt. Eg prøvde å sove, men det nytta ikkje. Tankane tvang seg tilbake. På skolen hadde eg ikkje vore på fire dagar. Nøkkelen sto i soveromsdøra mi. Døra var låst. Det virka ikkje som om mamma brydde seg noe særleg. Ho hadde ikkje vore utafor kjøkkenet sia det hendte. Sia pappa døyde for fire dagar sia.

 

Eg hadde akkurat kome heim frå skolen da telefonen ringte. Det var ein mann. Han ville prate med mamma, men ho var ikkje heime. Eg sa han kunne prøve mobiltelefonen hennar. Mamma kom ikkje heim den dagen. Ikkje før klokka to om natta. Ho ville ikkje seie kor ho hadde vore. Sa bare at eg skulle setje meg. Ho måtte fortelje meg noe. Eg satte med ved kjøkkenbordet. mamma stelte seg ved komfyren.

- Har det hendt noe? Kor er pappa? spurde eg. Ho reinska stemmen. – Pappa er død. Han kolliderte med ein svær bil på veg heim frå jobb for noen timar sia.

 

Eg trudde ikkje på henne. Skulle ho drive å tulle med slikt, kunne ho gjere det aleine. Eg gjekk på rommet mitt. Men da pappa ikkje var kome heim neste morgon, forsto eg at det ikkje var noen spøk. Mamma var framleis på kjøkkenet. Ho sat ved bordet, der eg sat i går. Ho var raud kring auga.

 

Eg gjekk opp på rommet mitt. Skolen hadde starta for ein time sia, men det brydde eg meg ikkje om. Eg la meg under dyna, og endeleg kom tårene. Eg gråt i fleire timar. Nå har eg bare ligge her i flire dagar. Bare ligge under dyna og hørt på vinden. Eg har sjølsagt vore nede og laga meg noe mat. Ein må ete. Eit par av venene mine ringte på i går. Dei hadde med blomar. Eg orka ikkje opne døra, for da måtte eg ha prata med dei, og forklare ein masse. Det orkar eg bare ikkje no. Eg vil vere i fred. Telefonen har ringt og ringt dei siste dagane, men vi har ikkje tatt han. Og huset er fylt av blomar og kort.

 

Gravferda hans er i morgon. Ho er det morfar som har ordna, sidan mamma ikkje er i stand til noenting. Eg gruar meg så forferdeleg. Da må eg ikkje bare sitje og høre på at ein framand prater pent om pappa, eg må ta folk i hendene, smile matt og seie ”takk” heile dagen. Men det må gjerast. Eg gler meg til å bli ferdig med det.

 

På mandag har eg tenkt meg på skolen igjen. Første dagen blir nok ganske vanskeleg, men eg er sterk. Eg klarer det. Det er viktig å kome seg tilbake til livet igjen. Det var han som døyde, ikkje eg. Men eg saknar han sånn…




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish