Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Fager kveldssolSkriv ut Utskrift
Ei novelle med kvinnemishandling som tema. Stiloppgåve i norsk, 3.klasse.
Nynorsk - NovelleForfatter:



Ho let augo hardt igjen, ville ikkje sjå. Pusten var intens, ho kunne kjenne den stikkande kvitlauksanden hans. Han låg over henne som eit rovdyr som hadde kasta seg over bytet sitt. Andletet hennar visna. Det var som om han tok livet av henne i det han tilfredstilte seg sjølv. Tankane hennar prøvde å rømme frå det som skjedde, men klarte ikkje å forlate åstaden. Alt var for intenst, det gjorde så inderleg vondt. Han greip tak i brysta hennar og pressa segg inn i henne så hardt han kunne. Ei einsleg tåre rann ned på putevaret ho tidlegare hadde reidd på senga i frykt for at det var krøllete, og at han ville straffe henne for det. I eit augneblink kom ho til å tenke på den gode lukta av putevaret då det var nyvaska. Friskt, som tidleg om våren. Brått var ho ute av tankane igjen. Fire, kjappe, smertefulle rykk og han låg som eit slakt over henne. Han pusta tungt ut. Den sterke kvitlauksanden skar i nasebora hennar.

 

Kvalmen fylde seg i kroppen hennar. Ho kjende kroppen hans rulle over, det var som om ei bør letta seg frå henne der og då, men kvalmen var framleis tilstades. Føtene hennar var kalde i det dei for over parketten med lette skritt i håp om å ikkje vekke han. Ho brekte seg endå meir enn før. Det gjorde vondt å svelgje etterpå. Skjelvande steig ho inn i dusjkabinettet og skrudde på varmvatnet og let det renne over henne. Det svartna for augo. Ho sette seg ned med knea opp mot haka og heldt armane sine rundt dei.

Ho ville berre sitte der, og la vatnet renne utan å gjere noko anna. Så urein ho kjende seg no, kunne ho aldri bli rein. Leppene hennar smakte på det salte som kom frå augo. Gjennom dampen kunne ho skimte ei raud, lita elv som rann frå skrittet hennar og ned mot sluken. Sakte, men sikkert kjende ho at sjela døydde.

 

Morgonsola skar i augo hennar. Det var kaldt. Kroppen hennar kjendes livlaus i det ho heldt rundt seg sjølv for å halde varmen. Ho såg på fuglane på greina utanfor vindauget. Kvifor hadde dei ikkje floge sørover? Kvifor hadde dei ikkje reist til eit varmare strok, slik som dei andre? Det verka vanskeleg å forstå for henne at dei kunne sitte der på greina og ikkje bruke vengjene dei hadde for å rømme. ”Eg ville gjort alt for å kunne flyge vekk her i frå no”, tenkte ho medan ho sukka og lista seg ned trappa for å lage frukost.

 

I det ho dekka på bordet tenkte ho på korleis det kunne vere å leve eit anna liv. Tenk om ho ikkje hadde gifta seg med mannen som lova henne både glitter og gull. Tenk om ho hadde levd for seg sjølv, og kunne gjere akkurat det ho sjølv ville. Eller tenk om ho hadde funne seg ein mann som verkeleg elska henne! Ho kjende frustrasjonen rase gjennom kroppen hennar. Det knytte seg i halsen og tårene pressa på. Hendene vart klamme og glaset i handa hennar glei frå henne før ho visste ordet av det. Ho sank ned på golvet medan hendene dekka øyra hennar. Ho ville ikkje høyre, ville ikkje… Orka ikkje…

Så stod han i døra. Han hadde høyrt det. Det kvite i auga hans var meir tydeleg enn før. ”Reis deg opp for pokker”, skjelte han. Han tok tak i halsen på t-skjorta hennar og reiv henne opp på to bein. Ho såg mot han og registrerte knytteneven hans kome mot andletet hennar. Og så vart det svart.

 

                                              ….

 

Det var blomster heilt til døropninga, alle benkane var fullsette. Presten si stemme var monoton, nesten hypnotiserande. Eg klarte ikkje å følgje med på kva han sa, let undermedvitet mitt følgje tonefallet hans, det var alt eg var i stand til. Eg kunne ikkje fatte kvifor ho gjorde det. Ho var den blidaste eg visste om, dei som arbeidde saman med henne omtalte ho alltid med varme ord. Det var aldri noko vondt i henne. Ho var nok den med flest venner i denne bygda. Alle var glade i henne. Ingen var like smilande og levande som henne, og no hadde ho teke sitt eige liv.

 

Eg forstod ikkje kvifor ho gjorde det. Korleis kunne ho forlate oss, vennene sine, foreldra og naboane og… Blikket mitt for fram til første benk. Det var nokon som mangla. Kvifor var ikkje Gustav her? Etter fjorten års ekteskap kunne han i det minste ha møtt opp og teke farvel ein siste gong? Det var sikkert hardt for han, å miste henne. Han var vel ikkje sterk nok til å takle døden hennar, det kom truleg som eit lyn frå klår himmel på han og. Hadde vi berre fått vite kvifor…

 

Eg svelgde den store klumpen i halsen min og såg opp mot den klåre himmelen. Auga mine fylde seg med tårer og stemma mi var spak då vi skulle ta eit siste farvel med henne;

"Fager kveldssol smiler over heimen ned,

jord og himmel kviler stilt i heilag fred.

 

Så mitt hjarta stundar, bankande i barm,

til eg eingong blundar i Guds faderarm. "




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish