Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Kva er kviser?Skriv ut Utskrift
Ein artikkel som fortel kva kviser er, korleis du får dei osv.
Nynorsk - ArtikkelForfatter:


Kvifor må nokon gå igjennom puberteten med store raude kviser, mens andre går rundt og har

ferskenhud? Går kviser vekk? Kvifor får vi kviser?

 

I alderen 12-14 år byrjar det hjå mange å "poppe" opp kviser i andlete, men du kan og få kviser på ryggen, brystet og lysken. Gutar er mest plaga, men det er også veldig vanlig hjå jenter.

 

Kvifor får vi kviser?

I puberteten byrjar kroppen å produsere mannlige kjønnshormon hjå både gutar og jenter. Desse hormona stimulerer kroppen sine talgkjertlar til å produsera meir talg enn vanleg. Talgmengden kan vi sjå som små svarte eller kvite prikkar i hudporene, vi kaller desse "hudormar". Viss talget ikkje kjem ut av kjertelgangane og opp til overflata, vil det bli liggjande i porene. Dette blir betent og vises med raude og ømme knutar i huden. Etter kvart blir dei til kviser som er raude hevingar med gule "pussblemmer".

 

Kva kan du sjølv gjera?

Mange unge trur at kviser kjem av å ikkje vera rein, spesiell mat, stress eller snop. Ingen leger kan dokumentera dette, men viss du føler at det er noko som gjer at du får meir kviser bør du prøva å unngå det. Dette bør du gjera:

- Reins huda kvar morgon og kveld, med reinsemiddel som er rekna på feit hud.

- Du bør ikkje klemma på betente kviser, fordi du kan få stygge arr.

- Du kan klemma på "hudormar".

- Unngå fuktigheitskremar og reinsekremar med høgt feittinnhald.

- Viss du vil dekkje til kvisene bør du bruka eit produkt som er rekna for feit hud.

- Sunn kost.

- Vannbasert kosmetikk.

 

Går det over?

Dei aller fleste opplever att kviseproblema minskar i 20 års alderen og oppover. Plagenene plar å vera slutt i 25 års alderen hjå dei fleste. Nokre kan vera plaga med kviser heilt opp i 40 års alderen.

 

Kva gjer eg viss eg har fått arr etter kvisene?

Arrvev forsvinn etter kvart som tida går, og blir mindre og mindre synleg. Nokre personar får større og skjemmande arr enn andre. Ein del mørkhuda menneske får problem med mørke flekker/arr i huden etter at kvisene er vekke. Dei som har fått skjemmande arr etter kvisene kan få dei fjerna. Det kan skje ved laser behandling eller sliping av huda. Dette blir gjort hjå hudlege eller plastisk kirurg.

 

Kjelde:

Bøker fra Time bibliotek og internett søk på google.




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish