Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Torbjørn Egner (1912-1990)

Torbjørn Egner (1912-1990)

Biografi om livet til den fantastiske forfatteren og visesangeren Torbjørn Egner.

Sjanger
Biografi
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
23.02.2006


Biografiske opplysningar:

Torbjørn Egner vart fødd i Oslo 12.12. 1912 klokka 12.00. Han vaks opp på Kampen i Oslo, Der dreiv foreldra kolonialforretning. Om somaren var han på Sørum på Romerike, der kjem og navnet Egner i frå. Torbjørn Egner gifta seg med Annie, og dei fekk fira born saman. Han jobba ei tid som reklameteiknar i Høydahl Ohmes reklamebyrå, samtidig gjekk han på ”Kunst og håndverksskolen” på kveldstid.(1933-35 ).

 

I frå 1938 hadde han faste barnesider med teikningar og vers i ” Ilustrert Familieblad ” . I 1940 gav han ut den fyrsta boka si, ” Barneboka ” saman med Sigurd Winsnes. Under krigen reiste han rundt i Norge med skisseblokk og penn, resultatet av det vart, to bøker for vaksne; ” Gamle hus i Vågå ” (1943 ), og ” Gamle hus på Rauland ” (1945 ) Han jobba og som grafikar, bl. a. med fargetresnitt som illustrasjon, og i 1944 gjorde han eitt grafisk mesterverk til ” Hvitsymre i utslaaten ” , av H. E. Kinck. Men etter krigen vart mindre tid til tresnitt, han gjekk meir og meir over til forfattargjerningen. Hausten 1945 var han to mnd. i København for å laga litografiar. I 1947 oppsto ” Barnetimen for dei minste ” med program ein gong i veka for dei aller yngste, Der hadde Torbjørn Egner songar og forteljingar for born. I frå 1951 fekk dette programmet fast sendetid over fleire dagar i veka, Egner såg og høve til å laga samanheng i fortelingane mellom dei forskjellige dagene. Han skreiv høyrespel med handlingar som forsette frå dag til dag, med musikk og viser til. På denne m åten vart hans tre mest kjende barnebøker til. I 1949 kom ” Karius og Baktus ” , med den fekk Torbjørn Egner gjennombrot som forfattar, også utanfor Norge sine grenser. I 1953 kom forteljinga om ” Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen ” , ” Folk og røvere i Kardemomme by ” kom som bok i 1955. I åra frå 1950 til 1972 skreiv han sitt store leseverk for skulane, 16 bind i alt. I tida fram til 1978 skeiv han ein del gjendiktningar og viser. Torbjørn Egner døydde julafta 1990, syttiåtte år gamal.


 

Personen Torbjørn Egner  

Torbjørn Egner vert av mange rekna som ein av dei største norske diktarane i dette århundre.Det å skriva viser og vers, spela , teikna og laga teater var den store interessa hans. Han kan trygt kallast ein ” tusenkunstnar ” . Han var teiknar, grafikar, senograf, dramatikar, visekomponist, og lesebokforfattar, og i alt som han føretok se vart han rekna som ein perfeksjonist til fingertuppane. Med sin solide kunnskap om dei trykktekniske sidene ved bokprodusjonen, redigerte han bøkene slik at dei ikkje skulle bli så dyre å produsera. Dette klarte han ved blant anna å bruka få fargar i mange av teikningane. Målet hans var å skriva for alle, det skulle ikkje hindra nokon å kjøpa bøkene fordi dei var for dyre. Han var og svært oppteken av samspelet mellom illustrasjom og tekst. Han sa sjølv at det å lesa bøken først i radio var ei stor utfordring, fordi borna som høyrde på hadde jo ikkje bilete å forhalda seg til, dermed m åtte han fortelja det slik at borna kunne sjå det for seg i fantasien. På denne måten hadde han bilete klart for seg den dagen han skulle teikna til forteljingane.Torbjørn Egner vert vel kanskje sett på som ein barnebokforfattar av mange, men han hadde ein utruleg ” folkeleg ” måte å skriva og fortelja på, han fengja både born og vaksne. Hans holdning for born, var at born skulle vera born så lenge som mogeleg.Han konsentrete seg om eit behov hjå barn som er like fundamentalt som det å tileigna seg kunnskap : behovet for leik og moro, fantasifull fabulring utan grenser, behovet for oppleving og undring. Det karateristiske ved Egner sine viser, høyrespel og skuespel, er vel først og fremst den snillhet som går som en raud igjennom alt han produsera. Snillhet åleine har aldri klart å fengja borna, men Egner har klart det utrulege, å kombinera spenning og dramatikk, utan å ty til vold. Dette avspegla Egner sin livsholdning, der han gir uttrykk for solidriteten og samhaldet sin styrke, i trua på at det gode i menneska kan koma fram, dersom dei får dei rette forutsetningane.  Torbj ørn Egner henta inspirasjon over alt, han plukka med seg ” litt herfra og litt derfra ” . Han hadde arbeidsplassen sin heime, med fira born og ei kone som var på same ” bølgelengde ” hadde han ei milj øpåverknad av beste sort. Mykje av tonen og forma han brukte ,fann han inspirasjon til , når han les høgt til borna sine. Med penn og blokk farta han rundt om i den store verda. Han var blant anna i Danmark, Spania og Nord Afrika, han teikna alt han kom over. Han vart og fascinert av det danska lynnet og replikkane deiras, noko han brukte i bøkene sine seinare.Bøkene om Karius og Baktus, Hakkebakkeskogen og Kardemomme by er gjevne ut i mange land, og skuespela er oppførte på teater rundt om i heile verda, så ein kan trygt seia at Torbjørn Egner vart verdskjend for sitt forfatterskap.

 

Folk og røvere i Kardemommeby

” Folk og røvere i Kardemomme by ” handlar om innbyggjarane i byen Kardemomme, og er delt inn i atten kapittel. Her vert me kjende med politimeister Bastian, fru Bastian, gamle Tobias i tårnet, tante Sofie og alle dei andre. Utanfor byen bur dei tre røvrane , Kasper, Jesper og Jonatan, saman med husdyret sitt, ei løve. Me føl dei på røvartokt i byen, og får høyra korleis pølsemakeren reagera når han oppdaga dette dagen etter. Så er det Kardemommedag, og Tobias greier å lura med seg sinte tante Sofie. Dei har underhalning på torget, og fest i byparken etterpå. Røvarane kjenne seg litt til overs, så medan dei andre er på fest, røve røvarane trikken, men dei kjeme ikkje så langt, for trikkeskjenene stoppa jo ved byporten. Då teke dei ein kasse kaker med seg, og rusla heim for å feira Kardemommedagen dei og.Men røvarane har eitt stort problem, dei rota så fælt alle tre, og ingen av dei lika å rydda.Derfor bestemme dei seg for at dei må røva eit kvinnemenneske, dei vel seg ut tante Sofie. Dei henta henne ei natt , medan ho sove i hengekøya si. Det å få tante Sofie heim til seg vert stikk i mot det som Kasper , Jesper og Jonatan hadde tenkt seg å ha det, tante Sofie sette dei til å rydda sjølv, og enden på visa vert at dei røve henne heim att. Så fylle Tobias i tårnet 75 år, og det er kjøp av presang, gåver og talar. Heima hos røvarane tek det til å minka på maten, både for folk og dyr, det er inga anna råd , dei må ut på ny tokt. Pølsemakeren, bakeren og kjøpmann Berg klara å fanga røvarane denne gongen, og dei enda i arresten hj å politimester Bastian og frue. Her vert det skikk på dei, og dei vert Kardemomme sine store heltar når dei klara å sl økkja brannen i tårnet til gamle Tobias.

 

Sentrale skikkelser.  

 

Politimester Bastian er ein svært venleg og tolerant mann, lun, hyggelg og med ei god tru på menneska. Bastian har eit herleg lynne, og ein underfundig måte ¨å seia tinga på. Han har aldri lyst til å arrestere nokon, men vil heller skapa fest og glede. Han har laga ei enkel og grei Kardemommelov; ” Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill – og for øvrig kan man gjøre som man vil ” .Fru Bastian har like oppfatning av ting, som mannen sin, og dei står samen i last og brast.  

 

Tobias i tårnet passa på været i Kardemomme by. Han har langt, kvitt skjegg, og er den klokaste i heile byen, han veit råd for det aller meste.  

 

Tante Sofie er ei svært bestemt dame, og ho er ikkje redd for korkje røvarar eller lover Ho veit å setja seg i respekt både hjå den eine og den andre. Ho bur ilag med vesle Kamomilla som ho held i stramme tøylar.  

 

Dei tre røvvarane, Kasper ,Jesper og Jonatan har kvar sin dominerande eigenskap. Kasper er den eldste, Jesper er den finaste og har stor omsorg for l øva. Jonatan er den som er mest glad i mat, og er vel den me får mest sympati for. Denne boka vert rekna for Egner sitt mest orignale arbeid, og høgdepunktet i forfatterskapet hans, både som bok og barnekomedie. Dette er ei prosafortelling, denne og har innlagt viser og strektegningar, utforminga er svært like den me finne i ” Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen ” . I Kardemommeby dikta, synge og tralla Egner fram ein liten by.

 

I denne forteljinga ser me klare linjer tilbake til norske folkeeventyr, men som den byguten Egner var, finne me dette att i eit bysamfunn. Dei norske fjella er blitt til ein liten by. Nisteskreppa finn me hjå bakaren og slaktaren i byen. Sjumilsstøvlane er gjort om til ein trikk. Og Kardemomme er ein fristad utan bilar. Forfattaren får fram dramatikk og spenning, men utan vold. Dei tre røvarane har fått seg tillagt kvar sin dominerande eignskap, slik me ser det i eventyr. Kasper er den eldste ,Jesper er den finaste og Jonatan den som er mest glad i mat. Egner har klart det kunststykket å få det eventyrlege ned på eit kvardagsplan. gner har ein eigen evne til å sj å alle situasjonar konkret, og det blomstra fram lika godt i tegningar som i tekst. Det er levande rytme i replikkane, og til døme koversasjonen mellom røverane, er regel med omkved. I kvar replikk vert personane sin eigenart understreka. Egner føre ein bevisst språkbruk, han legge gjerne heilt uventa, litt høgtidlege ord munnen på ein person som snakka svært så alminneleg til vanleg.

 

” Folk og røverei Kardemomme by ” var det første stykke til Egner som vart dramatisert. Alt 2. juledag 1956 hadde stykke urpremiere på på tre norske teater samtidig.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil