Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
Generelt om AfrikaSkriv ut Utskrift

Kort generelle fakta om Afrika.

Karakter: 6

Nynorsk - TemaoppgaveForfatter:
Denne oppgaven inneholder bilder.
Logg inn via Facebook for å se dem.


Generelt

Afrika verdas nest største kontinent, dekkjer 30, 3 millionar km2 og er skild frå Europa av Middelhavet og frå Asia av Raudehavet og Suezkanalen. Afrika er avgrensa av Atlanterhavet i vest og Indiahavet i aust.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Kulturelt og dels klimatisk kan Afrika delast i to; Nord-Afrika og Afrika sør for Sahara. Det turre, og nordlege Afrika omfattar Vest Sahara, Marokko, Algerie, Tunisia, Libya og Egypt, land som er klimatisk og kulturelt slekta med Midtausten.

 

<-- Suez kanalen

 

Sør for desse landa strekkjer det seg ei halvturr sone gjennom Mauritania, Mali, Niger, Tsjad, Sudan, Etiopia og Somalia. Det fuktige tropiske Afrika omfattar Guinea, Guinea-Bissau, Sierra Leone, Liberia, Elfenbeinskysten, Ghana, Togo, Benin, Nigeria, Kamerun, Den sentralafrikanske republikk, Gabon, Kongo, Den dominikanske republikk Kongo, Uganda, Kenya, Tanzania, Angola, Zambia, Malawi, Zimbabwe  og Mosambik.

 

Det sørlege Afrika omfattar store områder med halvturt og turt land. Namibia består for det meste av ørken, og det er store turre områder i Botswana og Sør-Afrika.

 

Landskapstrekk

Afrika består av fleire platå som i aust blir skorne av Riftdalen. Langs denne senkinga skjer det vulkanutbrot, og her ligg langstrekte innsjøar og dalar. Atlasfjella i nordvest er dei einaste fjella i Afrika som er danna relativt nyleg.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Nilen – satellittbilete

 

Afrika har fleire lange elvar. Nilen, som er verdas nest lengste elv, rundt 6700 km lang, har nokon av sine utspring i Kenya sitt høgland. Den renn nedover og ut i Middelhavet. Bekkane til Kongo, Zambezi og Niger dekkjer enorme områder.

 

Befolkning

Afrika sin befolkning har vakse til 795, 7 millionar menneskjer (2000). Den høge befolkningsveksten på 3 prosent per år mellom 1985 og 1990 legg press på ressursar og tilgangen til på mat. For tida er veksten redusert til 2, 2 prosent.

 

Forventa levealder er låg i forhold til andre kontinent; 47, 9 år for menn, og 50 for kvinner.

 

I det turre Nord-Afrika finn me befolkninga langs med Middelhavet. I Egypt lever 90 prosent av innbyggjarane langs med elva Nilen sine delta, medan dei bur meir spreidd i det fuktige, tropiske Afrika.

 

Mangel på arbeid i landområda på 1900-talet førte til flukt til byane og tettstadene. Dette har resultert til slumområde rundt mange byar.

 

I 2000 budde omkring 37, 2 prosent av Afrika sin befolkning i byar.

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

 

Språk

Det blir brukt eit stort antal språk i Afrika, men mange er avgrensa til små stammegrupper som tigre og tsjadisk i Nordaust-Afrika og berbarspråket i Nord-Afrika. Zulu blir snakka av ei stor gruppe i det sørlege Afrika. Arabisk er hovudspråket i Nord-Afrika og landa like sør for Sahara.

 

Språkkart

Nokon språk har stor utbreiing, slike som swahilisk i Aust-Afrika og språket hausa i Vest-Afrika. Madagassisk som blir snakka på Madagaskar, er slekta med dei sørasiatiske språka.

 

I løpet av kolonitida blei europeiske språk offisielle språk òg fleire stader i Afrika, og fransk, portugisisk og engelsk blir framleis snakka i store områder. Desse språka gjer det mogeleg for stammegrupper å kommunisere på måtar dei aldri har gjort før.   

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

 

Landbruk

Meir enn 60 prosent av Afrika sin befolkning er avhengige av landbruket som sitt levebrød, fyrst og fremst som sjølvbergingsjordbruk. Eksempel er hausafolket på savannane i Vest-Afrika som dyrkar korn og held og tuaregfolket i Sahara som gjetarar.

 

Ris, mais og kveite blir dyrka mange stader der det er nok nedbør eller der dei kan bruka kunstig vatning (som i Egypt og Nigeria). Det blir òg dyrka frukt og grønsaker; bananar og mango i fuktige, tropiske områder, dadlar i turre områder, og sitrusfrukter, druer og oliven i område som har middelhavsklima.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet

Terassedyrking av ris

 

Plantasjedyrking og dyrking i stor skala blei introdusert av europearar i det fuktige, tropiske Afrika. Plantasjane forsyner ein del land med deira hovudeksportvare; te, kaffi frå Burundi og Rwanda, jordnøtter frå Senegal og tobakk frå Malawi.

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet
Lange turkeperiodar fleire stader i Afrika, særleg i det halvturre Sahel, har påverka matvareproduksjonen alvorleg, Landbruksproduksjonen har òg vore avbroten av borgarkrigar og krigar mellom naboland.

 

Rundt Guineabukta blir det hogga verdifullt tømmer, òg mahogni, men rovhogst øydelegg ”dyrestammer”, og kan ha innverknad på det globale klimaet.   

 

 

Kjelder:

Geographica – Atlas og Kunnskapsverk om Jorda, folk og land. (Spektrum forlag)

 

Wikipedia - http://www.wikipedia.no

 

 

<bilde>

Logg inn for å se bildet




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish