Startside
Sjangere

Oppgaver og stiler



Laste opp stil
Legg inn din oppgave!
Jeg setter veldig stor pris på om dere gir et bidrag til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Legg inn oppgave



propaganda.net : Skole & Jobb
SyskenSkriv ut Utskrift
Om hvordan det er å ha søsken.
Nynorsk - EssayForfatter: Anonym


Større sysken er veldig kjekt å ha når du har problem med noko, treng hjelp til leksa eller viss du vil bli kjørt ein plass og mor og far ikkje gidd. Viss du vil ha nokon kulare kler, kan du låne av dei og viss du er heldig, vil dei vera med ut å spela fotball. Når du har gebursdag kjøper dei kule presangar til deg som du aldri hadde fått av foreldra dine eller venner. Ofte må storebror eller storesyster sitje barnevakt. Då kan dei av og til ha besøk så dei sender deg til sengs nesten med ein gong. Viss ikkje dei har besøk set dei på ein film, finn fram snop og brus og lar deg sitje der til me høyrer bilen. Då er det rett i senga. Du får vera oppe til foreldra dine kjem heim på éin føresetnad: Du må sei til mor og far at du gjekk og la deg klokka ni og at det gjekk heilt fint. Men det gjer ikkje noko med ei lita løgn så lenge dei gjer oss alt det snopet.

 

Små sysken er nokon herlege ungar. Dei er greie å ha når du ikkje har noko å gjere på ein laurdag utpå kvelden og kjedar deg. Då kan du bare tvinga dei til å vera med å spela playstation 2 eller eit spel, men som regel så synes dei det bare er kjekt at storebror eller storesyster spørjar så dei blir med frivillig. Då får dei kanskje vera litt lenger oppe òg, og då blir dei så glad i deg. Småsysken sparer alltid opp pengar, og ofte puttar dei pengane nedi ein boks som dei har laga sjølv. Skal du it ein kveld og treng pengar kan du bare snike deg innpå rommet deira å ta litt pengar. Dei merkar ingenting likevel. Men viss du ikkje har hjarta til å bare ta av andre, kan du bare spørje om du kan få låne litt, at dei skal få pengane igjen. Svarar dei nei truar du bare med å seie at dei aldri skal få snop igjen, så ’voilà’, der har du pengane i handa. Og viss du har bruk for tenarar, bruk småsysken!

 

Eg hatar veslebroren min. Det er det mange som seie. Kanskje dei mislikar han akkurat då men innerst inne veit dei sjølv òg at dei er veldig glad i han. Dei kan jo ofte lage mye rabalder, men er ganske sjarmerande når dei kjem inn på rommet mens du har besøk eller luggar deg for å få merksemda din.

Det er så irriterande når eg alltid blir samanlikna med store broren/ -systera mi! Den kjensla har dei fleste fått. Du får ikkje love å gjere det, for den gong broren din gjorde det så skjedde det og det. Kvifor må me alltid bli samanlikna med sysken? Sjølv om sysken har mange skilnader kan dei vere ganske like òg, og dei små ser ofte opp til større sysken! Då er det lett for foreldra å vere forsiktige med dei mindre, for dei veit kor mykje innverknad dei store har på dei mindre, og dei vil ikkje at dei skal gjere dei same feila eller dei same tinga.

 

Sysken er til for å ha nokon å dele barndomsåra med, nokon å dele minner med, nokon du kan snakke med utenom vaksne og venner, og ikkje minst nokon å ha det gøy samen med!




annonse
Kontakt oss  

© 2007 Mathisen IT Consult AS. All rights reserved.
Ansvarlig utgiver Mathisen IT Consult AS
Publiseringsløsning: SRM Publish