Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Idol - ein strid om stemmar?

Idol - ein strid om stemmar?

Et kåseri på nynorsk om Idol, skrevet til VK1.

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
23.03.2006
Tema
TV


Tusenvis av talentfulle ungdommar møter opp til audition og gjer sitt aller beste. Me får sjå heilt fantastiske prestasjonar på eit nivå ein knapt visste at eksisterte. Det er ikkje tvil om at det finst mange flinke menneske i Noreg! Dei fire beundra dommarane rosar deltakarane opp i skyene, og har konstant store problem med å velje kven som skal få gå vidare. Vil me ha han som så full av innleving gav oss si nydelige tolking av Whams ”Wake me up before you go-go” eller den sjarmerande jenta som, trufast til sine røter, hevda at ”folkemusikk e åsså popmusikk!”? Innimellom saknar ein nesten noko å flire av. Det blir liksom ikkje heilt det same som i fjor, då me blant anna fekk sjå ein fantastisk flott kyllingdans.

 

Men no er det altså i gong igjen, Idol-hysteriet. Kven stikk av med sigeren i år? Ein type ala rørleggjaren frå Bergen som var i stand til å ete ei reke utan å opne kjeften, eller ei småhyper jente med eit smil som berre blir stoppa av øyra hennar? Me ventar i spenning. Apropos det smilet. Eg veddar på at om ikkje menneske hadde vore fødd med øyre, ville heile Idol bestå av ein gjeng folk der hovudet er splitta av ein brei, raud og kvit kjeft. Det hadde jo vore eit interessant syn. Nå eg fortalde bror min om denne teorien, svara han berre ”Eg skulle ynskje eg ikkje var fødd med øyre når eg høyrer kva som skjer i det programmet der.” Kva i alle dagar er galt med han?


 

Nokon gonger skjønnar eg meg rett og slett ikkje på alle desse som ikkje likar Idol. Kva er det å ikkje like? Så mange pene og sjarmerande menneske på eit sted skal ein leite lenge etter. ”Jammen, det er jo ein songkonkurranse!” seier mange. Dei kan jo syngje, kan dei ikkje? Sjølv om ikkje alle syng så bra, så gjer vel ikkje det noko. Eit idol må jo sjå bra ut for å kunne vere eit idol! Eit idol er jo nokon ein vil vere som, og det å sjå bra ut og vere sjarmerande er jo alles store mål i livet. Så da må ein jo elske Idol?

 

I år har jo media vore enda meir interessert i kva som skjer, og mediemerksemda rundt konkurransen er enorm. Men kven visste ikkje at det kom til å skje? Ta Sandra Lyng Haugen, til døme. Ho meldte seg på andre runde av Idol, og ho visste sjølvsagt ingenting om kva som venta ho. Når ho no blir hetsa i diverse media og fora, går foreldra hennar ut i media og er fullstendig forferda over kva som har skjedd. Dei seier at dei aldri ville ha meldt ho på om dei hadde visst dette på førehand. Neimen, velkommen attende! Har dykk vore på eit lengre utanlandsopphald i Tadsjikistan eller satt dykk berre innelåst i dykkar eigen heim utan TV, radio og Internett i heile fjor?

 

Produsentane bak Idol blir vel reint frustrerte over all oppmerksamheta programmet deira får. Det er nok derfor dei har lagt opp til to sendingar kvar veke i år. Eit der me får sjå alle dei utroleg flinke deltakarane syngje av full hals, og eit der me får sjå korleis dei verkeleg har det bak scena. Dette gjer at me ser at ikkje alt dreiar seg om ”kjendisliv”, men også litt om kvardagslige greier. Noko så fascinerande! Eg føler at det er så nødvendig for meg å sjå når dei går rundt og handlar CDar og drikk kaffi. Då får eg verkeleg innpass i ei superstjerne sin kvardag! For det er jo det dei er, superstjerner. Kva anna kan ein seie om slike fantastiske artistar? ”Kommerse listepop-kandidatar som ikkje kan tenkje sjølv”, meiner bror min. Pøh!

 

Så då sett me her igjen, då, klistra framfor TV-skjermane kvar fredag og onsdag. Og me stemmar i vei. Spesielt vårt kjære fjortisdynasti er ivrige med mobiltelefonane, og det er me jo alle takksame for. Kva skulle me vel gjort viss ikkje dei kulaste kom vidare?! At nokre av stemmane blir gitt ut av rein og skjær sympati, gjer vel ikkje så mykje? For det er jo eigentleg det det heile handlar om. Å få nok stemmar, altså. Ikkje å få mest sympati. Ikkje sant?

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil